Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.224 (2004-2005)
Innstilling frå samferdselskomiteen om ein del saker på Samferdselsdepartementets område


oversikt første forrige neste

4. Andre saker

4.1 Handlingsplanar - Statens vegvesen

       Komiteen legg til grunn at Statens vegvesen følgjer opp dei føresetnadene som Stortinget har lagt til grunn ved behandlinga av Nasjonal transportplan 2006-2015, jf Innst.S.nr.119 (2003-2004).

4.2 Alternativ bruk av ferjeavløysingsmidlar.

       Komiteen viser til Stortinget si behandling av St.prp. nr. 1 (2001-2002), St.prp. nr. 60 (2001-2002) og St.prp. nr. 67 (2002-2003) der prinsippa for alternativ bruk av innspara ferjetilskot ved ferjeavløysingsprosjekt er omtala.

       Komiteen finn grunn til å presisere at også prosjekt der trafikkgrunnlaget ikkje er stort nok til at bompengeinnkreving kan gi eit positivt bidrag til finansieringa, må kunne nytte ferjeavløysingsmidlar som delfinansiering av prosjektet. I dei tilfelle der andre enn bompengeselskap, til dømes fylkeskommunar eller kommunar, forskotterer ferjeavløysingsmidlane, må delar av ferjeavløysingsmidlane kunne nyttast til finansiering av lånet.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon