|
Dei sameinte nasjonane si 59. ordinære generalforsamling vart etter Regjeringa si oppfatning på mange måtar eit mellomår. På den eine sida vart Høgnivåpanelet (HLP) sin rapport og førebuingane til toppmøtet i 2005 tonegjevande for diskusjonen i plenum og i komiteane. På den andre sida vart det klart at røynslene FN har gjort i Irak, og situasjonen i landet generelt, framleis pregar organisasjonen. Det skal likevel understrekast at det har vore viktige utviklingstrekk i dette mellomåret.
Frå norsk side er det grunn til å vere nøgd med at prosessen fram mot toppmøtet i 2005 er komen godt i gang gjennom vedtakinga av resolusjonen om rammene for sjølve toppmøtet. Etter oppmoding frå presidenten for den 59. generalforsamlinga hjelpte Noreg og Nicaragua til med framforhandlinga av resolusjonen.
Debatten om rolla og arbeidsoppgåvene til Tryggingsrådet har spissa seg til. Generaldebatten var eit nesten unisont uttrykk for at samansetjinga må spegle dei geografiske realitetane i dag på ein betre måte.
På utviklingssida vart opninga av generalforsamlinga i 2004 prega av ei rekkje høgprofilerte arrangement. Størst blest fekk toppmøtet om svolt og fattigdom, som vart arrangert av presidenten i Brasil, Lula da Silva, saman med presidentane i Frankrike og Chile og statsministeren i Spania. Eit anna møte som trekte mange statsleiarar, var presidentane i Finland og Tanzania sitt møte om den sosiale dimensjonen ved globalisering (den såkalla Somavia-rapporten). Dei to møta sette begge fokus på trongen for nye politiske grep på globalt plan for å møte utfordringane ved globaliseringa. Begge arrangementa vart møtte med skepsis frå USA, som gjennom heile generalforsamlinga framheva den avgjerande rolla til den private sektoren, mellom anna ved å vise til den såkalla Martin/Zedillo-rapporten « Unleashing Entrepreneurship ».
Den britiske utanriksministeren kalla inn til eige møte om statsminister Blair sin Afrika-kommisjon. Like fullt var det ikkje mange store saker frå utviklingssida på dagsordenen på sjølve generalforsamlinga. Det er ei klart avventande haldning framfor 2005, når status skal gjerast opp med omsyn til å nå tusenårsmåla. Eit unnatak i denne samanhengen representerte vedtaket av ein resolusjon om FNs operasjonelle utviklingsaktivitetar (TCPR).
For FNs generalsekretær var 2004 og inn i 2005 eit vanskeleg år, med skuldingar og undersøkingar om korrupsjon i samband med Olje-for-mat-programmet som eit absolutt botnpunkt. Saka slit svært sterkt på leiinga i FN, særleg i tilhøvet til USA, sjølv om ei rekkje statsleiarar, mellom andre statsminister Bondevik, kom med støtte til Annan. Bombeaksjonen mot FNs hovudkvarter i Bagdad i august 2003 pregar framleis verksemda i organisasjonen. Det har vore svært vanskeleg å få medlemslanda til å stille til rådvelde dei naudsynte finansielle midla til tryggingstiltak.