|
Det vert gjort framlegg om at posten får stikkordet « kan overførast ».
Produksjonen av Norsk lysingsblad er lagt om, og frå 1. juli 2005 vert Norsk lysingsblad og Innkjøpsbilaget berre produsert elektronisk. Denne løysinga fører til at kostnadene på post 21 vert reduserte.
Det vert gjort framlegg om å redusere løyvinga med 9,424 mill. kroner til 32,162 mill. kroner i 2005.
Omlegginga av produksjonen av Norsk lysingsblad til elektronisk form, fører til at abonnementsinntektene vert reduserte. Det vert gjort framlegg om å redusere løyvinga med 8,369 mill. kroner til 7,7 mill. kroner i 2005.
Det er venta utbetalingar av færre lån enn det som vart lagt til grunn ved behandlinga av St.prp. nr. 65 (2004-2005). Basert på erfaringstal er det venta at færre lån vert innfridde i år enn ein tidlegare har gjort rekning med.
Det vert gjort framlegg om at løyvinga vert redusert med 400,0 mill. kroner til 100,0 mill. kroner.
Nedjusteringa av overslaget er gjort på grunnlag av netto kreditering av kundar i samband med avrekningar for 2004, og eit oppdatert fakturagrunnlag for 2005 knytt til tal årsverk og risikoklassar.
Ein gjer framlegg om at løyvinga vert redusert med 4,0 mill. kroner til 172,0 mill. kroner.
Oppdaterte overslag over premieinntektene inneber ein auke med 3,0 mill. kroner i forhold til gjeldande løyving på grunnlag av fakturering av kundar i samband med avrekningar for 2004 og eit høgare fakturagrunnlag for 2005 knytt til ein auke i talet på årsverk.
Det vert gjort framlegg om å auke løyvinga under kap. 4547 post 1 med 3,0 mill. kroner til 43,0 mill. kroner.
Som følgje av auka avskrivingar vert det gjort framlegg om at kap. 2470 post 24, vert auka med 0,534 mill. kroner i 2005.
Det har oppstått eit behov for opprydding av landområda på marinaene. Dette er ein kostnad det ikkje er teke omsyn til i budsjettet for 2005.
På denne bakgrunnen vert det gjort framlegg om at løyvinga under kap. 1582 post 30 vert auka med 10 mill. kroner, frå 33,9 mill. kroner til 43,9 mill. kroner.
Medan ein ventar på sluttføring av sal, er ein del leigeforhold forlengde. Det vert difor gjort framlegg om ei løyving på kap. 5446 post 1 på 1,0 mill. kroner.
Dei avtalte salssummane er 104,6 mill. kroner høgare enn budsjettert.
På denne bakgrunnen vert det gjort framlegg om å auke løyvinga på kap. 5446 post 40 med 104,6 mill. kroner, frå 233,9 mill. kroner til 338,5 mill. kroner.