|
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, leiaren Dag Terje Andersen, Tore Hagebakken, Saera Khan, Inger Løite og Arild Stokkan-Grande, frå Framstegspartiet, Per-Willy Amundsen, Åge Starheim og Ib Thomsen, frå Høgre, Kari Lise Holmberg og Bent Høie, frå Sosialistisk Venstreparti, Åsa Elvik, frå Kristeleg Folkeparti, Bjørg Tørresdal, frå Senterpartiet, Arnfinn Nergård, og frå Venstre, Vera Lysklætt, tek den framlagte tilleggsproposisjonen til orientering. Komiteen er tilfreds med dei endringane som er beslutta i forhold til Norsk lysingsblad. Komiteen har merkt seg at det er eit mindre behov for ordninga med spesielle bustadlån til statstilsette.