Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.202 (2005-2006)
Innstilling frå utanrikskomiteen om Noregs deltaking i den 60. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av FNs 59. generalforsamling


oversikt første forrige neste

Samandrag

Innleiing

       Heilt frå opninga av generalforsamlinga og til utgangen av året var reformprosessen det dominerande temaet under FNs 60. generalforsamling. Først gjennom til dels vanskelege forhandlingar før toppmøtet 14.-16. september, som til slutt enda opp med ei toppmøteerklæring, sidan gjennom ei oppfølging i form av nye forhandlingar om vedtak i komitear og i plenum.

       Gjennom heile toppmøteprosessen og i tida etter vart forhandlingane til dels sterkt prega av motsetningane mellom « nord » og « sør », med høvesvis u-landsgruppa G77/Den alliansefrie rørsla (NAM) og USA/EU i spissen. Debatten om reform vart sterkt prega av USA si vektlegging av at det trengst administrative reformer, noko som av den alliansefrie rørsla vart oppfatta som berre ei vestleg sak. Frå utviklingslanda si side vart det med styrke hevda at reform av FN bør sjåast i høve til om ein sikrar meir ressursar til utviklingsføremål. Eit anna konfliktområde, som heng saman med det første, men som vart skjerpt under den 60. generalforsamlinga, var spenninga mellom Generalforsamlinga og Tryggingsrådet. Det kan med ein viss rett hevdast at freistnaden på å endre samansetjinga av Tryggingsrådet, som vart leidd av gruppa på fire land med ambisjonar om fast plass; Japan, India, Tyskland og Brasil (G4), medverka til å spisse desse motsetningane.

       Dei motsetningstilhøva som alltid vil prege ein organisasjon med tilnærma universelt medlemskap har vorte ytterlegare forsterka av at generalsekretærens posisjon har vorte svekt. Autoriteten og omdømmet til generalsekretæren har vorte påverka av avsløringar i samband med olje-for-mat-programmet, som vart dokumenterte i fleire rapportar i 2005. Sjølv om det var spekulasjonar på eit tidspunkt om at generalsekretæren måtte trekkje seg, vart stormen ridd av, og Annan vil sitje trygt ut perioden sin. Perioden hans er likevel snart over, og ein ny generalsekretær vil verte valt, kanskje så tidleg som i juli 2006. Derfor vil mange meine at Annan vanskeleg kan påverke den vidare reformprosessen. På den andre sida skal det òg understrekast at ansvaret for å sjå til at vedtaka på toppmøtet om reform vert gjennomførde, i siste instans ligg hjå medlemslanda sjølve.

       I tilknyting til opninga av generalforsamlinga organiserte Noreg to sidearrangement. For å setje fokus på kvinnene i Sudan si rolle i oppnåinga av tusenårsmåla og for å vidare følgje opp arbeidet om rolla deira i kjølvatnet av fredsavtala, arrangerte UD i samarbeid med UNIFEM ein rundebordsdebatt 13. september. Dåverande utviklingsminister Hilde Frafjord Johnson var hovudinnleiar saman med den dåverande utanriksministeren i Sudan. Boka Towards Achieving the MDGs in Sudan: Centrality of Women's Leadership and Gender vart òg lansert. Den nye høgnivåkommisjonen for fattiges bruks- og eigedomsrettar vart presentert i eit arrangement i FN-bygget dagen før opninga av toppmøtet. Oppnemninga av kommisjonen har hatt sterk norsk støtte, og generalsekretæren har ønskt kommisjonen velkomen som eit viktig bidrag til å nå tusenårsmåla, gjennom mobilisering av ressursar i den store uformelle sektoren i utviklingslanda og styrking av rettsstaten. Blant medlemene i kommisjonen er Madeleine Allbright, Gordon Brown og Hilde Frafjord Johnson.

Toppmøtet om FN-reform

       Resultatet av toppmøtet svarte etter Regjeringa sitt syn ikkje til dei høge forventingane som var skapte før møtet, og som generalsekretæren sjølv la opp til i rapporten sin In Larger Freedom. Frå norsk side må utfallet likevel kunne karakteriserast som ei god byrjing på ein reformprosess som er høgst naudsynt, og der mykje står att. Toppmøteerklæringa inneheld mellom anna vedtak om oppnemninga av ein fredsbyggingskommisjon og eit menneskerettsråd. I tillegg inneheld erklæringa ei universell stadfesting av tusenårsmåla og tek til orde for reformer av administrasjonen i FN. Erklæringa inneheld òg formuleringar som langt på veg inneber allmenn aksept av prinsippet om at statane har ansvar for vern av sivile. Alt dette er tiltak som sett med norske auge er positive, og som peikar i rett retning av eit reformert FN. På den negative sida kjem manglande omtale av tiltak om nedrusting og ikkje-spreiing, eit område som Noreg aktivt gjekk inn for å sikre resultat på. Toppmøtet klarte heller ikkje å semjast om ein definisjon av terrorisme. Sjølv om det ikkje var å vente, er det også leitt at freistnadene på å få til ei balansert utviding av Tryggingsrådet nok ein gong feila.

       Toppmøtet oppmoda generalsekretæren om å legge fram forslag til ytterlegare reformar av FN sine operasjonelle aktiviteter. Statsminister Jens Stoltenberg har takka ja til generalsekretæren si førespurnad om å vere med å leie eit høgnivåpanel som skal sjå på korleis ein betre kan organisere arbeidet til FN med humanitær hjelp og utviklings- og miljøhjelp. Panelet skal legge fram rapporten sin til den 61. generalforsamlinga.

Generaldebatten

       Generaldebatten i år var dominert av oppfølginga og iverksetjinga av toppmøteerklæringa og tusenårsmåla. Vestlege land med USA i spissen argumenterte sterkt for behovet for FN-reform på alle område, medan utviklingslanda la mest vekt på utviklingsaspektet. Eit overveldande fleirtal av landa gav uttrykk for at dei var svært nøgde med at tusenårsmåla gjennom toppmøteerklæringa fekk universell oppslutning, og at fleire land vil auke den offisielle utviklingshjelpa. Behovet for at medlemslanda følgjer opp forpliktingane sine, vart understreka. Noreg og nokre andre gjevarland viste til behovet for overvakingsmekanismar i denne samanhengen.

       I debatten var mange òg opptekne av reform av Tryggingsrådet. Manglande resultat med omsyn til nedrusting og ikkje-spreiing vart òg omtalt av ei rekkje land, og Noreg saman med dei andre landa i 7-landsinitiativet vart oppmoda av mellom andre generalsekretæren til å arbeide vidare med saka. Regionale konfliktar kom meir i bakgrunnen enn tidlegare. Når det gjaldt Midtausten, vart Israels innlegg i større grad enn tidlegare oppfatta som ei utstrekt hand til FN og den arabiske verda, og det var mindre konfronterande utfall frå arabisk hald, med unntak av Iran. Nedkjemping av terrorisme var eit tema mange land la vekt på, ikkje minst Russland, som minna om behovet for å fullføre forhandlingane om ein internasjonal terrorismekonvensjon.

Komitéarbeidet

       Arbeidet i 1. komité vart i stor grad prega av den feilslåtte tilsynskonferansen for avtala om ikkje-spreiing av kjernevåpen (NPT). Det er verdt å merke seg at det òg vart votert over ei rekkje resolusjonar som tidlegare vart vedtekne med konsensus. Intense toppmøteforhandlingar om utviklingsspørsmål førte til at lufta i nokon grad gjekk ut av 2. komité hausten 2005. Det var få spørsmål det var avgjerande viktig å verte samde om. Toppmøtet sette òg preg på arbeidet i 3. komité. Vanskelege forhandlingar før og under oppfølginga av toppmøtet førte til at dei vanlegvis heite og politiserte forhandlingane i komiteen vart meir dempa. Noreg presenterte heile tre resolusjonar under sesjonen: 1) CEDAW-resolusjonen, 2) resolusjon om vern av internflyktningar og 3) resolusjon om menneskerettsforsvararar. Alle resolusjonane fekk brei støtte. I 4. komité var det enno ein gong situasjonen i Midtausten som fekk størst merksemd. Reformprosessen sette òg preg på arbeidet i 5. komité, der det frå amerikansk og EU si side vart gjort koplingar mellom budsjettet og framgang i reformfreistnadene. Resultatet vart at i staden for eit vanleg vedtak om eit toårig budsjett, vart det i budsjettresolusjonen lagt inn ein mekanisme som inneber at generalsekretæren berre har fullmakt til å pådra organisasjonen økonomiske skyldnader for eit halvt års forbruk. Frå norsk side meinte Regjeringa at dette i utgangspunktet ikkje var noka god løysing for arbeidet i FN. Forhandlingane og debatten i 6. komité gjekk føre seg i ein konstruktiv atmosfære. Det vart vedteke ein tilleggsprotokoll om bruksområdet for FN-konvensjonen om vern av FN-personell til òg å gjelde humanitært og sivilt personell som deltek i FN-operasjonar.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. juni 2006 av Stortingets administrasjon