|
Ved avgjerd nr. 64/2006 i EØS-komiteen av 2. juni 2006 vart vedlegg XIII, Transport, til EØS-avtala endra ved innlemminga av europaparlaments- og rådsdirektiv 2003/59/EF av 15. juli 2003 om grunnleggjande kvalifisering og regelmessig opplæring av førarar av visse veggåande køyretøy for transport av gods eller passasjerar.
Direktivet rettar seg mot yrkestransport.
Føremålet med direktivet er å innføre harmoniserte krav om grunnleggjande kvalifikasjonar og periodisk etterutdanning for yrkessjåførar. Direktivet vil medverke til å sikre like konkurransevilkår i EØS-området, fremje rekrutteringa til sjåføryrket, og dessutan medverke positivt til yrket sitt omdømme.
Direktivet stiller såleis minstekrav til grunnleggjande kvalifikasjonar og periodisk etterutdanning for yrkessjåførar av visse typar tyngre køyretøy. Medlemsstatane kan velje mellom ulike løysingar/modellar for å gjennomføre krava om grunnleggjande kvalifikasjonar i direktivet (« timemodell » eller « prøvemodell »). Desse krava kjem i tillegg til kravet om førarrett.
Direktivet gjer greie for kva slags emne sjåførane skal ha opplæring i, medrekna trafikktryggleik, miljøvennleg køyring, sikring av last, handsaming av fraktkontraktar, toll- og spedisjonsdokument og anna yrkesrelevant regelverk.
Direktivet inneber ei nokså gjennomgripande reform av dei kvalifikasjonskrava som vert stilte for tilgang til og utøving av sjåføryrket. Likevel er det grunn til å tru at gjennomføringa av ordninga vil styrkje kvaliteten på sjåførane, og at dette vil kunne gje positive utslag, særleg med tanke på trafikktryggleiken.
Direktivet høver godt i hop med dei målsetjingane som ligg til grunn for den norske opplæringa for førarar av tunge køyretøy. Direktivet legg vekt på miljøvennleg køyring, noko som òg er i tråd med norske prioriteringar.
Gjennomføringa av avgjerda i norsk rett krev lovendring. Difor er det naudsynt med samtykke frå Stortinget til godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen, jf. § 26 andre leddet i Grunnlova.
For å gjennomføre direktivet i norsk rett, må heimelen til å påleggje utdanning gå fram av lov. Det vil verte gjort lovframlegg om at den som skal føre motorvogn mot vederlag, må tilfredsstille krav til grunn- og etterutdanning der Samferdselsdepartementet krev dette. Det vil verte gjort framlegg om at Samferdselsdepartementet kan gje nærmare føresegner om utdanninga, jf. Ot.prp. nr. 8 (2006-2007) .
Den vidare gjennomføringa av direktivet, t.d. val av modell for opplæring, vil finne stad ved fastsetjing av forskrift.
Gjennomføringa av direktiv 2003/59/EF vil ha økonomiske og administrative konsekvensar for det offentlege. Det må påreknast kostnader i samband med undervisning, administrasjon, og godkjenning av og tilsyn med lærestader. Vidare må det m.a. påreknast kostnader i samband med prøvene.
Samferdselsdepartementet tek sikte på at kostnadene ved ordninga vert dekte innanfor gjeldande budsjettrammer og ved brukarfinansiering.
Ut frå dei gjeldande gebyrsatsane for førarprøva og utferding av førarkort vil timemodellen kunne skaffe om lag 2,4 mill. kroner i gebyrinntekter. Prøvemodellen vil kunne gje om lag 15,5 mill. kroner i gebyrinntekter.
Opplæringa i grunnleggjande kvalifikasjonar etter timemodellen vil gje kostnader for elevane i form av betaling for obligatorisk undervisning og gebyr for prøver. Det vil ikkje vere obligatorisk undervisning dersom prøvemodellen vert vald. Likevel vil det vere kostnader i form av gebyr for prøvene og leige av køyretøy til den praktiske prøva.
Med krav om etterutdanning kvart femte år vil gjennomsnittleg 10.000 yrkessjåførar måtte gjennomføre ei slik opplæring kvart år.