Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.225 (2006-2007)
Innstilling fra utenrikskomiteen om Noregs deltaking i den 61. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av den 60. generalforsamlinga i FN


oversikt første forrige neste

Sammendrag

       Den 61. generalforsamlinga har etter Regjeringa si meining vore prega av nokre tilbakeslag for reformene som blei vedtekne på den førre generalforsamlinga. Det kommande skiftet av generalsekretær førte dessutan til at haustsesjonen bar preg av ei overgangstid. Kofi Annan freista heilt til siste slutt å bringe reformprosessen han sjølv sette i gang, i hamn, og har i stor grad lukkast med det. Det står att å sjå korleis den nye generalsekretæren vil føre den prosessen vidare.

       Dei underliggjande konfliktane mellom nord og sør og mellom Generalforsamlinga og særleg dei dominerande maktene som har fast plass i Tryggingsrådet, som blei sette på spissen under reformprosessen, har framleis sett sitt preg på arbeidet i organisasjonen. På somme område har det vore tendensar til omkamp frå Den alliansefrie rørsla og utviklingslanda si side (NAM/G-77), noko både arbeidet i Fredsbyggingskommisjonen og Menneskerettsrådet ber eit visst preg av. Budsjettkomiteen i FN, som tradisjonelt har arbeidd på grunnlag av konsensusprinsippet, har til dels blitt hovudarena for omkampane, og det har vore fleire avrøystingar i komiteen om dei implikasjonane politisk sensitive saker har for budsjettet. Atmosfæren har vore prega av konfrontasjon.

       Rekneskapen for fjorårssesjonen vil utan tvil måtte bli noko blanda. På den positive sida er det grunn til å merkje seg at arbeidet i Fredsbyggingskommisjonen har komme godt i gang, særleg i det landspesifikke formatet (Burundi og Sierra Leone).

       Rapporten frå Reformpanelet under leiing av Noregs statsminister og statsministrane frå Pakistan og Mosambik, som blei lagd fram i midten av november, har fått stor merksemd og vil leggje føringar på det vidare reformarbeidet. Slik sett er det positivt at pilotland for eitt FN på landnivå blir sett i gang raskt og utan ein lang og splittande debatt mellom medlemslanda.

       Av konkrete vedtak som er fatta, trekk Regjeringa fram avgjerda om å renovere den 54 år gamle FN-bygningen, eit arbeid som er planlagt å vere ferdig i 2014. Eit anna viktig resultat er at ein konvensjon for funksjonshemma blei vedteken. Generalforsamlinga vedtok òg ein konvensjon om vern mot forsvinningar under tvang.

       I arbeidet med miljø- og klimaspørsmåla har det vore lite rørsle, sjølv om problematikken stadig kjem høgare på den internasjonale dagsordenen. I forhandlingane om årets korrupsjonsresolusjon blei det avslørt manglande vilje frå somme land til å ta i bruk konkrete verkemiddel. Debatten i Generalforsamlinga om reform av Tryggingsrådet viste lite rørsle, sjølv om det blir utøvd ein viss fleksibilitet når det gjeld vetospørsmålet og arbeidsmetodane i rådet. Hovudskiljet går mellom land som ønskjer fleire faste medlemmer, og land som på prinsipielt grunnlag meiner at medlemmene i Tryggingsrådet ikkje bør vere faste, men heller stille til val i Generalforsamlinga.

       Det var eit tilbakeslag at vedtaket om ein urfolkskonvensjon, som blei gjort av Menneskerettsrådet i Genève, blei utsett etter initiativ frå den afrikanske gruppa. Den vidare prosessen i denne saka er uklar.

       Frå norsk side har det blitt arbeidd særleg aktivt både i Fredsbyggingskommisjonen, i og med at Noreg har viseformannskapen i organisasjonskomiteen og formannen i Burundi-formatet, og formannskapen i 1. komité. Presidenten i Generalforsamlinga har òg trekt inn Noreg i spørsmålet om tilhøvet mellom FN og det sivile samfunnet. Dei ikkje-statlege organisasjonane kjem med mange lovord om den rolla Noreg har teke på seg på dette feltet.

       Temaet for generaldebatten var « gjennomføring av ein global partnarskap for utvikling ». I det siste innlegget sitt som FNs generalsekretær i opningsdebatten i Generalforsamlinga fokuserte Kofi Annan på tryggleik, utvikling og menneskerettar, og peikte på at ein har ein lang veg å gå når det gjeld desse områda.

       Reformprosessen var eit gjennomgåande tema i generaldebatten dette året òg. Det blei gjeve støtte til det nye Menneskerettsrådet, og både rådet og den nye Fredsbyggingskommisjonen blei trekte fram som positive reformtiltak. FNs terrorismestrategi blei helst velkommen av mange land både frå nord og sør. Reform av Tryggingsrådet var eit utbreidd tema mellom utviklingslanda, og det blei retta mykje kritikk mot den noverande strukturen til rådet. Handel, og at det er viktig med framgang i WTO-forhandlingane, blei trekt fram av dei fleste av utviklingslanda som sjølve nøkkelen til utvikling, og vestlege land blei bedne om å gje utviklingsland betre tilgang og å opne marknadene sine for handel med utviklingsland.

       Når det gjeld regionale konfliktar, fekk situasjonen i Midtausten merksemd i debatten med mykje kritikk frå arabiske land mot Israel etter bombinga av Libanon i sommar. Presidenten i USA fokuserte òg på Midtausten i innlegget sitt og la vekt på den innsatsen USA har gjort for å hjelpe regionen i å konsolidere utvikling, demokrati og framgang. Vidare kritiserte USA leiinga i Iran. Iran blei frå fleire hald bede om å sleppe IAEA inn i landet, og mange oppmoda om å bruke diplomati og dialog når det gjaldt atomprogrammet til Iran. Behovet for å finne ei løysing på konflikten i Darfur blei av mange av dei vestlege landa og av afrikanske land trekt fram som ei av dei store utfordringane verdssamfunnet står overfor.

       Noreg ved statsminister Stoltenberg la i sitt innlegg vekt på tilrådingane frå FN-reformpanelet, som den norske statsministeren var med å leie, om at det er viktig med eit samordna og effektivisert FN på landplan for at organisasjonen skal kunne levere meir og betre støtte til utviklingslanda.



oversikt første neste


Sist oppdatert 1. juni 2007 av Stortingets administrasjon