Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.260 (2006-2007)
Innstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av EUs Marco Polo II-program til fremjing av eit meir miljøvennleg godstransportsystem (2007-2013)


oversikt første forrige neste

Sammendrag

       Utviklinga av eit meir miljøvennleg godstransportsystem er eit sentralt transportpolitisk mål i Europa. Hovudmålsetjinga med Marco Polo-programmet er å fremje eit meir miljøvennleg godstransportsystem gjennom å gje økonomisk oppstartsstøtte til nye berekraftige transportløysingar som kan medverke til å overføre transport av gods frå veg til sjø, jarnbane og innlandsvassvegar.

       Marco Polo-programmet starta opp i 2003 og var opprinneleg meint å vare fram til 2010, med ei økonomisk ramme på 100 millionar euro for perioden 2003-2006. Programmet vart innlemma i EØS-avtala ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 65/2004 av 26. april 2004.

       Frå og med 2007 er programmet erstatta av forordning 1692/2006 av 24. oktober 2006. Dette er eit nytt og utvida program for perioden 2007-2013 (Marco Polo II).

       Med sikte på at Noreg skal kunne ta del i det nye programmet snarast råd i 2007, vert det lagt opp til at Stortinget sitt samtykke vert innhenta før avgjerda vert teken i EØS-komiteen. Det er venta avgjerd i EØS-komiteen våren 2007.

       Målsetjinga til EU om å få meir godstransport over frå veg til andre transportformar er i samsvar med norsk transportpolitikk.

       Sjølv om Noreg ikkje på langt nær har så store trengselsproblem som sentrale delar av Europa, må norsk deltaking sjåast i ein større samanheng.

       Det at programmet legg enda større vekt på sjøtransportløysingar, gjer programmet ytterlegare interessant for vidare norsk deltaking. Programmet kan mellom anna opne for nye transportløysingar på Nordkalotten og i Barentsregionen, og for kommunikasjonen desse regionane har med sentrale delar av Europa.

Nærare om programmet

       Programmet har ei kvantifisert målsetjing om å overføre den årlege veksten i grensekryssande europeisk godstransport (rekna ut til å vere 12 milliardar tonnkm) frå veg til jarnbane, nærskipsfart og innlandsvassvegar. Basert på overslag frå dei prosjekta som så langt har fått tildelt midlar, verkar overføringane å verte større enn venta. Kommisjonen har rekna ut at kvar euro som vert gjeve i støtte, vil gje samfunnsmessige og miljømessige gevinstar på seks euro.

       Slik overføring av transport, som regel frå direkte transport dør-til-dør med lastebil til kombinerte transportmåtar der sjøtransport eller jarnbanetransport utgjer hovudetappen, medfører økonomisk risiko for føretaka. Det er i første rekkje denne risikoen, i tillegg til andre kostnader i samband med skiping av nye transportruter, programmet skal støtte.

       Programmet har ein klar internasjonal dimensjon ved at støtte berre kan gjevast til grensekryssande transport.

       Følgjande prosjekttypar har til no hatt rett til støtte:

-Godsoverføringsprosjekt - støtte til nye transportløysingar som ikkje går på veg
-Katalysatorprosjekt - tiltak som kan redusere marknads- og konkurransemessige hindringar for intermodale løysingar
-Felles læringsprosjekt - stimulering av samarbeid i godslogistikkmarknaden

       Marco Polo II-programmet 2007-2013 (MP II) byggjer vidare på MP I, men inneber ei vesentleg utviding m.a. Det nye programmet har dei same måla og skal organiserast på same måten, og det er opna for fleire tiltakstypar som har rett til støtte. Det er mellom anna lagt større vekt på overføring av gods til sjøbaserte transportløysingar, samstundes som det vert lagt vekt på å unngå vriding i konkurransen i høve til eksisterande transporttilbod med skip og jarnbane.

       I tillegg til dei tiltaka som har rett til støtte frå det opprinnelege Marco Polo-programmet, er MP II-programmet utvida med følgjande tiltakstypar:

-Motorways of the Seas (MoS)
-Transportførebyggjande tiltak

Administrative og økonomiske konsekvensar

       Deltaking i programmet gjer det naudsynt med løyvingsvedtak over fleire år. Stortinget sitt samtykke til deltaking i avgjerda i EØS-komiteen er difor naudsynt i medhald av § 26 andre leddet i Grunnlova.

       Forordninga har ei økonomisk ramme for perioden 2007-2013 på 400 mill. euro. Noreg sine pliktar for heile perioden vil vere om lag 8,6 mill. euro, eller ca 70 mill. kroner med dagens eurokurs på 8,1. Desse pliktane skal utbetalast over inntil 12 år. I gjennomsnitt vil dette innebere ei årleg norsk innbetaling på om lag 5,8 mill. kroner. Desse utgiftene vert dekte i fellesskap av Nærings- og handelsdepartementet, Fiskeri- og kystdepartementet og Samferdselsdepartementet med like delar.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. juni 2007 av Stortingets administrasjon