|
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, leiaren Anne Marit Bjørnflaten, Thomas Breen, Ingrid Heggø og Hilde Magnusson Lydvo, frå Framstegspartiet, Jan Arild Ellingsen, Solveig Horne og Thore Aksel Nistad, frå Høgre, Elisabeth Aspaker og André Oktay Dahl, og frå Sosialistisk Venstreparti, Kirsti Saxi, meiner at etablering av Halden fengsel med 251 nye fengselsplassar er eit veldig viktig tiltak i arbeidet med å avvikle soningskøen og betre innhaldet i soninga, og for å kunne avvikle dei midlertidige køavviklingstiltaka som for eksempel dublering og framskoten lauslating.
Komiteen støttar Regjeringa sitt framlegg om å auke kostnadsramma med 278,8 mill. kroner til 1.384,1 mill. kroner, slik at ein sikrar framdrifta av Halden fengsel, og fengselet kan stå ferdig i april 2010.
Komiteen viser til at kostnadsauken er pga. marknadssituasjonen i byggesektoren, og at ei omprosjektering av fengselet med sikte på å redusere kostnadane vil medføre at prosjektet vert stoppa. Ved stopp i prosjektet kan det bli krav om erstatning og kompensasjon frå entreprenørar. Komiteen viser vidare til at det allereie er teke ein kostnadsrevisjon av prosjektet slik at potensialet for ein ytterlegare kostnadssprekk er svært liten.
Komiteen er samd i dei føreslegne endringane vedrørande etablering av besøksleilegheiter. Besøksleilegheitene er spesielt retta mot innsette med born. På bakgrunn av gode erfaringar med slike leilegheiter er dette nå lagt inn som ein del av prosjektet.
Komiteen har merka seg at behovet for
midlar i 2007 er uendra, men at behovet for 2008, 2009 og 2010 vil bli høgre
enn tidlegare lagt til grunn. Komiteen vil be Regjeringa komme attende til
dette i dei årlege budsjettframlegga.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser for øvrig til sine merknader i Revidert nasjonalbudsjett for 2007.