Velkommen til Stortinget

Link til innhold
 
  Hovedside
  Saker og publikasjoner
  Spørsmål
  Møter og referater
  Komiteer og høringer
  Representantene
  Presidentskapet
  Partigruppene
  Internasjonal virksomhet
  Om Stortinget
  Stortingets administrasjon
  English


Hør   Søk   A til Å   Lyd og bilde   Publikasjoner   Kontakt og besøk   Lenker


Bokmål

Dei faste komiteane på Stortinget

Komité: Nesten alle saker som skal opp i Stortinget samla eller i Odelstinget, blir fyrst behandla av ein komité. Dei 169 stortingsrepresentantane er fordelte på dei tretten faste fagkomiteane. Det er under arbeidet i komiteane og i partigruppene at dei fleste sakene i røynda blir avgjorde.

Fagkomiteane

Når Stortinget har konstituert seg, blir det valt ein valkomité på 37 medlemer. I valkomiteen bør partia så langt som råd vera representerte i høve til kor mange stortingsrepresentantar dei har, og det skal òg takast distriktsomsyn ved samansetjinga. Det er valkomiteen som avgjer korleis dei faste komiteane på Stortinget skal vera samansette.
Føresegnene om korleis komiteane skal vera samansette, og kva oppgåver dei skal ha, er i hovuddraga fastsette i Forretningsorden for Stortinget. Når komiteane skal setjast saman, blir det òg lagt vekt på at partia skal vera representerte i høve til kor mange representantar dei har. Som følgje av at kvar representant skal vera medlem i ein fagkomité, er det ikkje alltid mogleg å oppnå ei partisamansetjing etter høvetalet for alle komiteane, og dermed heller ikkje det same politiske styrketilhøvet i alle komiteane som på Stortinget under eitt.

Stortingsrepresentantane blir fordelte på desse 13 fagkomiteane:

1 Arbeids- og sosialkomiteen
2 Energi- og miljøkomiteen
3 Familie-og kulturkomiteen
4 Finanskomiteen
5 Forsvarskomiteen
6 Helse- og omsorgskomiteen
7 Justiskomiteen
8 Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen
9 Kommunal- og forvaltingskomiteen
10 Kontroll- og konstitusjonskomiteen
11 Næringskomiteen
12 Transport- og kommunikasjonskomiteen
13 Utanrikskomiteen

Når komiteane er oppnemnde, vel kvar komité leiar, fyrste nestleiar og andre nestleiar. I røynda er desse vala avgjorde på førehand etter forhandlingar mellom partigruppene. Komiteane varierer i storleik, men har til vanleg frå 10 til 20 medlemer.
Hovudregelen for fordelinga går stort sett ut på at komiteane behandlar saker frå departement med namn som minner om komiténamna; til dømes behandlar kommunal- og forvaltningskomiteen saker på fagområdet til Kommunal- og regionaldepartementet.

Komiteane kan ikkje behandla andre saker enn dei som er oversende frå Stortinget eller Odelstinget, med visse unntak som følgjer av Forretningsorden for Stortinget. Kontroll- og konstitusjonskomiteen står i ei særstilling på den måten at han kan «gjere dei undersøkingane i forvaltinga som [han] meiner er nødvendige for den kontrollen Stortinget skal ha med forvaltinga».

Til alle saker som skal behandlast i komiteane, blir det valt ein saksordførar. Han eller ho er ansvarleg for behandlinga og framdrifta av saka og for å henta inn opplysningar o.a. heilt til den endelege innstillinga frå komiteen ligg føre. Det er saksordføraren som formulerer innstillinga skriftleg. Innstillinga inneheld eit samandrag av saka og merknadene frå komiteen med framlegg til vedtak.

Innstillinga blir lagd fram for Stortinget, som gjer det endelege vedtaket, eller Odelstinget, som gjer sitt vedtak og sender det vidare til Lagtinget (lovsaker).
Mange saker blir behandla og avgjorde med samrøystes tilslutning frå medlemene i komiteen. Dersom dei blir usamde, kan det føra til omfattande diskusjonar og drøftingar i komiteen, og det hender ofte når ein komité behandlar ei sak, at han deler seg i to eller fleire fraksjonar (delar). Kvar fraksjon kan velja sin eigen ordførar i saka. Ting medlemene ikkje blir samde om, kjem fram i innstillinga som dissensar/merknader frå fraksjonane.

I særleg vanskelege saker, ofte av politisk art, er det vanleg at fraksjonane drøftar saka med gruppestyra i dei respektive partia eller i møte med heile stortingsgruppa til vedkomande parti. På desse møta blir dei politiske standpunkta klårgjorde, og dei blir så grunnlaget for forhandlingane i komiteen.

I saksbehandlinga hender det òg ofte at komiteen kallar inn til møte med departement, organisasjonar eller einskildpersonar for å få fleire opplysningar (høyringar). Det hender òg at organisasjonar og einskildpersonar sjølve bed om eit møte med komiteen slik at dei kan få leggja fram synspunkta sine. Høyringane skjer for opne dører om ikkje noko anna blir vedteke. Slike opne høyringar kan ikkje haldast samstundes med møte i plenum eller avdelingane, bortsett frå i den ordinære spørjetimen. Elles blir komitemøta haldne for stengde dører.

I komiteen bli det ofte gjort eit ganske stort arbeid under behandlinga av sakene. Ikkje minst har saksordføraren eit viktig og ansvarsfullt arbeid med den endelege utforminga av innstillinga. Innstillinga blir underskriven av leiaren og saksordføraren før ho blir send til Stortinget eller Odelstinget. Alle komiteane har ein fast komitésekretær, tilsett av Stortinget, som skal hjelpa stortingsrepresentantane i samband med arbeidet i komiteen. Komitésekretæren er i hovudsaka ansvarleg for å henta inn opplysningar, kalla saman til møte i komiteen og hjelpa til med å formulera innstillinga frå komiteen o.a. Komitésekretæren fører òg møteprotokollen til komiteen og har ansvaret for journalen og arkivet til komiteen.

Når saka er ferdigbehandla i komiteen, skal innstillinga frå komiteen så snart som råd gjerast tilgjengeleg for representantane i papirutgåve eller i elektronisk form. Ei innstilling kan ikkje takast opp til handsaming før det er gått 48 timar etter at ho er gjord tilgjengeleg for representantane. I særlege tilfelle kan Stortinget likevel vedta med vanleg fleirtal at saka blir teken opp før denne fristen.

Stortingsrepresentantane sit til vanleg i same komité heile fireårsperioden. Etter kvart blir dei ein slags ekspertar på saksfeltet sitt. Komitéfordelinga fører med seg ei slags ansvarsfordeling innan partigruppene. Den eller dei som sit i fagkomiteen, har hovudansvaret for det saksområdet komiteen dekkjer, og får mykje å seia for dei standpunkta partiet tek på akkurat det området.

Opne kontrollhøyringar

Ein komité kan vedta at det skal haldast opne kontrollhøyringaer. Det gjer seg gjeldande særlege omsyn i kontrollsaker der det er mistanke om kritikkverdige tilhøve, feil eller forsømingar i regjeringa eller forvaltinga. Formålet er ofte å kartleggja kva ansvar statsråden har. Sjå emneark om Stortingets kontrollmynde.

Den utvida utanrikskomiteen

Valkomiteen nemner òg opp ein utvida utanrikskomité. Den utvida komiteen er samansett av dei ordinære medlemene i utanrikskomiteen og forsvarskomiteen, av stortingspresidenten og leiarane i partigruppene (om dei ikkje alt er medlemer i ein av komiteane). Den utvida utanrikskomiteen har til oppgåve å drøfta viktige utanrikspolitiske, handelspolitiske og tryggingspolitiske spørsmål med regjeringa. Slike drøftingsmøte bør haldast før regjeringa tek viktige avgjerder. Forhandlingane i denne komiteen skal haldast hemmelege dersom det ikkje uttrykkeleg er vedteke noko anna.

Arbeidsfordelinga

§ 12
Alle budsjett- og lovframlegg skal til vanleg fordelast på dei faste komiteane etter visse reglar.
Det same gjeld alle andre saker som blir sende til komitéførebuing, jf. § 15 .

Hovudregelen for arbeidsfordelinga er:
1. Arbeids- og sosialkomiteen: saker som gjeld arbeidsmarknad og arbeidsmiljø, arbeidsretta ytingar, pensjonar, sosiale stønader og politikk som gjeld funksjonshemma.

2. Energi- og miljøkomiteen: saker som gjeld olje, energi, vassdrag, miljøvern og regional planlegging.

3. Familie- og kulturkomiteen: saker som gjeld familie, barn og ungdom, likestilling mellom kvinner og menn, forbrukarsaker og saker som gjeld kultur.

4. Finanskomiteen: saker som gjeld økonomisk politikk, penge- og kredittpolitikk, finans- og kredittstell, finansadministrasjon, rammetilskot til kommunar og fylkeskommunar, skattar og avgifter til statskassa, statsgaranti til eksport m.m., inntektene til folketrygda, inntektspolitikk (bortsett frå jordbruksavtalen) og rekneskaps- og revisjonslovgjeving.
Om behandling av statsbudsjettet og nasjonalbudsjettet: Sjå § 19.

5. Forsvarskomiteen: saker som gjeld det militære forsvaret, Ombodsmannsnemnda for Forsvaret og generelle saker som gjeld sivil beredskap. Komiteen skal følgje med i tiltaka for beredskap etter dei fullmaktene og løyvingane som er gjevne.

6. Helse- og omsorgskomiteen: saker som gjeld helsetenester, pleie- og omsorgstenester, folkehelsearbeid, rusmiddelpolitikk og lækjemiddel.

7. Justiskomiteen: saker som gjeld rettsstellet, kriminalomsorg, politiet, sivile vernepliktige, andre justisføremål, velferdsvederlag, allmenn lovgjeving om forvalting, straffelovgjeving, prosesslovgjeving og allmenn sivillovgjeving.

8. Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen: saker som gjeld kyrkje, utdanning og forsking, medrekna forsking for landbruket, fiske og næringsliv.

9. Kommunal- og forvaltingskomiteen: saker som gjeld kommunal forvalting, regional- og distriktspolitikk, innvandringspolitikk, bustadtilhøve, bygningssaker, nasjonale minoritetar, sa-miske spørsmål, saker som gjeld organisering og verkeområde for statleg forvalting, statens fellesadministrasjon, statleg personalpolitikk – medrekna løns- og pensjonsvilkår, og parti-støtte.

10. Kontroll- og konstitusjonskomiteen: Komiteen skal gå gjennomog gje tilråding til Stortinget om
a. statsrådsprotokollane m.m., jf. § 75 i Grunnlova bokstav f, medrekna meldinga frå regjeringa om embetsutnemningar,
b. den årlege meldinga frå regjeringa om oppfølginga av stortingsvedtak som inneheld ei oppmoding til regjeringa, og om behandlinga av private framlegg som det er gjort vedtak om å sende til regjeringa til utgreiing og fråsegn,
c. dokument frå Riksrevisjonen og andre saker som gjeld verksemda til Riksrevisjonen,
d. meldingar frå Stortingets ombodsmann for forvaltinga og andre saker som gjeld verksemda til ombodsmannen,
e. meldingar frå Stortingets kontrollutval for etterretnings-, overvakings- og tryggingsteneste og andre saker som gjeld verksemda til dette utvalet,
f. rapportar frå stortingsoppnemnde granskingskommisjonar.


Kontroll- og konstitusjonskomiteen avgjer i kvart tilfelle om han skal leggje fram utkast til innstilling for vedkomande fagkomité, slik at komiteen kan kome med merknader før det blir gjeve innstilling.

Komiteen behandlar òg grunnlovssaker, vallovgjeving, løyvingar til Stortinget og til Det Kongelege Hus.

Komiteen kan dessuten gjere dei undersøkingane i forvaltainga som komiteen meiner er nødvendige for den kontrollen Stortinget skal ha med forvaltinga. Minst ein tredel av medlemene i komiteen må vedta slik undersøking. Før komiteen sjølv tek til med slike undersøkingar, skal vedkomande statsråd varslast og oppmodast om å skaffe dei opplysningane ein ynskjer. Komiteen skal leggje fram innstilling i dei sakene han tek opp til behandling.

En tredel av komitémedlemene kan krevje at det skal haldast komitéhøyring i kontrollsaker etter § 21.

Komiteen fastset nærare reglar for sekretariatet sitt, såleis òg for arbeidsoppgåvene til sekretariatet og korleis komitémedlemene kan bruke sekretariatet.

11. Næringskomiteen: saker som gjeld nærings-, industri og handelsverksemd, skipsfart, statleg eigarskapspolitikk, konkurranse- og prispolitikk, landbruk, jordbruksavtalen, matpolitikk, fiske, fangst, akvakultur og laksefiske.

12. Transport- og kommunikasjonskomiteen: saker som gjeld innanlands transport, post, telekommunikasjonar, elektronisk kommunikasjon og oppgåver under Kystverket.

13. Utanrikskomiteen: saker som gjeld utanriks tilhøve, utviklingshjelp, saker som gjeld norske interesser på Svalbard eller i andre polarområde, og – til vanleg - saker som gjeld avtalar mellom den norske staten og andre statar eller internasjonale organisasjonar.

Når andre komitear enn utanrikskomiteen behandlar saker som vedkjem norske utanriksk interesser eller norske interesser på Svalbard eller i andre polarområde, skal utkast til innstilling frå vedkomande komité leggjast fram for utanrikskomiteen til fråsegn før det blir gjeve innstilling.

(frå Forretningsorden for Stortinget)


Sist oppdatert 11.11.2005


Utskriftsvennlig versjon