Bokmål
Budsjettarbeidet
i Stortinget
Det tilkommer Storthinget:
a. ...at paalægge Skatter, Afgifter, Told og andre offentlige
Byrder...
b. at aabne Laan paa Rigets Kredit;
c. at føre Opsyn over Rigets Pengevæsen;
d. at bevilge de til Statsudgifterne fornødne Pengesummer; (...)
Fra Grunnloven §75 |
Grunnlova fastset altså at Stortinget rår over statsfinansane,
både utgiftene og inntektene. Etter at lov om folketrygd tok til
å gjelda i 1967, har budsjettet òg omfatta inntektene og
utgiftene som høyrer inn under trygdeordningane. Det er altså
Stortinget som løyver pengar, det vil seia stiller pengar til
rådvelde for den iverksetjande makta - regjeringa. Stortinget
ikkje berre «tillèt» at det blir nytta pengar til
eit bestemt formål, men har òg rett til å «påby»
det.
Statsbudsjettet (St.prp. nr. 1)
Når Stortinget kjem saman om hausten, er det alltid statsbudsjettet
som er den fyrste store saka. Arbeidet med statsbudsjettet pregar heile
haustsesjonen. Statsbudsjettet er kanskje det viktigaste styringsmidlet
Stortinget og regjeringa har, sidan det fastset rammene for den statlege
verksemda det komande året. Stortingsproposisjon nr. 1 (St.prp.
nr. 1 - «gul bok») er ei samla framstilling av framlegga
frå regjeringa til budsjettvedtak. Statsbudsjettet må leggjast
fram innan seks dagar etter at Stortinget er opna. Då gjev finansministeren
si utgreiing om budsjettframlegget, den såkalla finanstalen. Der
gjer han eller ho greie for kva utfordringar landet står overfor,
og kva prioriteringar og tiltak regjeringa vil setja i verk for å
møta dei. Finanstalen er ein del av grunnlaget for den etterfølgjande
finansdebatten. Samstundes legg regjeringa fram ei stortingsmelding
om nasjonalbudsjettet (St.meld. nr. 1). Før budsjettbehandlinga
i Stortinget er det lagt ned eit stort forarbeid der alle statsinstitusjonar
og delar av statsforvaltninga er med. Finansdepartementet set opp eit
samla framlegg til statsbudsjett, medrekna folketrygda, etter at drøftingane
mellom departementa og i regjeringa er avslutta. Budsjettet blir formelt
godkjent i statsråd hos Kongen og som nemnt overlevert til Stortinget
som St.prp. nr. 1.
Arbeidet med statsbudsjettet
Med utgangspunkt i budsjettframlegget frå regjeringa lagar gjerne
partigruppene eigne alternative statsbudsjett som er grunnlag for kva
dei meiner om fordelinga på rammeområda. Før forhandlingane
i finanskomiteen har alle partia meldt frå til komiteen om kva
som er primærstandpunkta deira. I Stortinget er det Presidentskapet
som gjev innstilling om fordelinga av budsjettkapitla. Innstillinga
blir behandla og vedteken av Stortinget i plenum. Presidentskapet fastset
(etter at komitéleiarane har hatt høve til å uttala
seg) fristane for når komiteane skal leggja fram budsjettinnstillingane
sine. Finanskomiteen samordnar budsjettbehandlinga i Stortinget og legg
seinast 20. november fram innstilling om nasjonalbudsjettet og framlegg
til statsbudsjett medrekna folketrygda (Budsjett-innst. S. I), med framlegg
til rammevedtak. Innstillinga inneheld òg framlegga frå
dei ulike partia til rammevedtak og blir kalla finansinnstillinga. Samstundes
kjem det ei innstilling om skattar og avgifter, utbyttepostar og framlegg
til rammetilskot til kommunar og fylkeskommunar (Budsjett-innst. S.
nr.1).
Stortinget skal behandla desse innstillingane innan ei veke. Stortinget
har så den årlege finansdebatten. I denne debatten får
partia høve til å drøfta den økonomiske politikken
til regjeringa og omfanget av statens utgifter og inntekter. Politisk
sett er denne debatten ein av dei viktigaste i Stortinget. Han får
fram hovudargumenta for og mot den
generelle økonomiske politikken regjeringa fører, og viser
kva støtte regjeringa kan rekna med å få. Debatten
blir avslutta med røysting (votering) over framlegga i Budsjett-innst.
S.I og S. nr.1. Summane under alle rammeområda blir fastsette
under eitt, i eitt samla vedtak. Rammevedtaket i Stortinget er bindande
for den etterfølgjande budsjettbehandlinga.
Budsjettarbeidet i fagkomiteane
I perioden som følgjer, skal fagkomiteane leggja fram innstilling
om løyvingar på dei rammeområda dei er tildelte,
og denne innstillinga skal omfatta alle kapitla og postane på
kvart einskilt rammeområde. Fagkomiteane kan berre omdisponera
summar innanfor den vedtekne ramma, dvs. at auka utgifter krev tilsvarande
utgiftskutt eller inntektsauke. Budsjettinnstillingane frå fagkomiteane
skal behandlast av Stortinget seinast 15. desember. Under handsaminga
av desse innstillingane gjer Stortinget endelege budsjettvedtak. Summane
under alle postane på eit rammeområde blir fastsette under
eitt, i eitt samla vedtak. For at heile budsjettet skal vera ferdigbehandla
i tide, blir det sett opp eit stramt tidsskjema. Stortinget har ofte
ein svært hektisk periode under budsjettbehandlinga. Til vanleg
skil det målt i kroner mindre enn éin prosent mellom framlegget
frå regjeringa og stortingsvedtaket. Signala Stortinget gjev gjennom
kommentarane og prioriteringane sine, er politisk sett viktige, fordi
dei få verknad for komande budsjett. Stortinget gjev mange av
løyvingane sine som rammetilskot eller «sekkeløyvingar»,
slik at det er opp til regjeringa å fastsetja den endelege disponeringa
av midlane. Det vedtekne statsbudsjettet blir offentleggjort på
Internett (www.stortinget.no).
Revidert nasjonalbudsjett
Ut gjennom året kan regjeringa leggja fram proposisjoanr med
framlegg til endringar. Det er gjerne i samband med revidert nasjonalbudsjett
om våren at dei mest omfattande endringane skjer. Ein kongeleg
samleproposisjon om omprioriteringar og tilleggsløyvingar på
statsbudsjettet må leggjast fram seinast 15. mai i budsjettåret,
saman med ei stortingsmelding om revidert nasjonalbudsjett (St. meld.
nr. 2). Finanskomiteen skal leggja fram innstilling om desse framlegga
(Budsjett-innst. S. II) seinast innan andre fredagen i juni. Stortinget
behandlar innstillinga og gjer vedtak innan utgangen av vårsesjonen.
Nasjonalbudsjettet
– politisk styringsverkty som gjev oversikt over den samla økonomiske
situasjonen til landet og planar og utsikter for framtida.
Statsbudsjettet
– når Stortinget vedtek statsbudsjettet, fastset det statens
årlege inntekter (skattar, avgifter og liknande) og utgifter (løyvingar
til ulike formål).
Sist oppdatert 11.11.2005