Velkommen til Stortinget

Link til innhold
 
  Hovedside
  Saker og publikasjoner
  Spørsmål
  Møter og referater
  Komiteer og høringer
  Representantene
  Presidentskapet
  Partigruppene
  Internasjonal virksomhet
  Om Stortinget
  Stortingets administrasjon
  English


Hør   Søk   A til Å   Lyd og bilde   Publikasjoner   Kontakt og besøk   Lenker


Bokmål

Korleis Stortinget handsamar lovframlegg

«Folket udøver den lovgivende Magt ved Storthinget, der bestaar af to Afdelinger, et Lagthing og et Odelsthing.» (Grunnloven § 49)

I Grunnlova står det altså at folket har rett til å gje lover ved Stortinget. Det vil seia at dei som er valde inn på Stortinget, har lovgjevingsmakt i kraft av å representera folket. I praksis overfører (delegerer) Stortinget mykje av denne makta til regjeringa og statsforvaltninga. Det skjer på den måten at Stortinget vedtek rammelover eller fullmaktslover som gjev regjeringa eller statsforvaltninga fullmakt til å fastsetja utfyllande føresegner (reglar og forskrifter).

Eit lovvedtak er ikkje gyldig før kongen har godkjent (sanksjonert) det med underskrifta si (Grunnlova § 78). Under normale tilhøve vil korkje regjeringa eller kongen i dag nekta å godta ei lov som Stortinget har vedteke. Kongens sanksjon er altså ein formalitet. Slik har det vore heilt sidan 1884, då parlamentarismen fekk sitt gjennombrot.

Odelstinget og Lagtinget
Når Stortinget behandlar eit lovframlegg, skjer det normalt ikkje i plenum, men i dei to avdelingane Stortinget er samansett av: Odelstinget og Lagtinget. Når eit nytt storting kjem saman etter eit val, blir ein fjerdedel av representantane (42) valde til Lagtinget. Dei tre fjerdedelane (127) som er att, utgjer Odelstinget. Dette er regulert av Grunnlova § 76. Berre dersom dei to avdelingane har handsama eit framlegg fleire gonger utan å bli samde, tek Stortinget det opp i plenum.

Dei fleste lovframlegg kjem frå regjeringa, men kvar einskild medlem av Odelstinget kan koma med såkalla representantframlegg (dokument 8). På slutten av 1800-talet vart det i gjennomsnitt gjeve om lag 20 lover i året, medan det etter 1945 har vorte vedteke om lag 90 lover kvart år.

Forarbeid i departementa
Før eit lovframlegg frå regjeringa kjem i form av ein odelstingsproposisjon (ot.prp.), har det vore eit grundig forarbeid. Gjeld det eit større lovverk eller ein meir omfattande lovrevisjon, set regjeringa gjerne ned eit sakkunnig utval, ein komité eller ein kommisjon. I ein slik sakkunnig komité sit det ofte juristar, tenestemenn i forvaltninga og talsmenn for partane. Utvalet legg fram ei utgreiing (eit utkast til lov) for det departementet der lova høyrer heime. Det er vanleg at eit slikt utkast blir prenta i publikasjonen Noregs offentlege utgreiingar (NOU).

I visse omstridde saker (til dømes abortlovgjevinga, demokratiseringa av forretningsbankane, tilhøvet mellom stat og kyrkje) har regjeringa ofte lagt fram ei stortingsmelding der det er gjort greie for saka og dei prinsippspørsmåla ho reiser. Stortingsmeldinga blir så drøfta i Stortinget og kan gje grunnlag for eit prinsippvedtak.

Departementet sender til vanleg lovframlegg ut til høyring. Slik får styresmakter, organisasjonar, institusjonar og foreiningar/lag som kjem inn under lova, høve til å uttala seg.

Når fråsegnene frå høyringsrunden er komne inn, lagar departementet eit utkast til ein proposisjon (eit framlegg) til Odelstinget (ot.prp.). Proposisjonen går fyrst til godkjenning hos Kongen i statsråd. Så blir den kongelege proposisjonen send til Odelstinget, som normalt sender han til den komiteen i Stortinget der han høyrer heime.


Saksgangen vidare (Normal framdrift)
Lovframlegget blir fyrst behandla av komiteen, som legg fram si innstilling for Odelstinget (innst.O.). Innstillinga blir så handsama (debattert) i Odelstinget. Dersom Odelstinget sluttar seg til innstillinga, eventuelt med endringar, går vedtaket i Odelstinget (Besl.O.) vidare til Lagtinget. Når Lagtinget godkjenner vedtaket i Odelstinget (noko som oftast skjer), blir det sendt til Kongen i statsråd. Etter at kongen har skrive under på lovvedtaket (sanksjonert) og statsministeren har medunderskrive (kontrasignert), tek lova til å gjelda frå det tidspunktet som er nemnt i lova eller som regjeringa fastset.

Når usemja er stor
Dersom Lagtinget derimot ikkje sluttar seg til lovvedtaket i Odelstinget, blir saka send tilbake til Odelstinget med merknader (Besl.L.). Kan Odelstinget godta merknadene frå Lagtinget, er lova vedteken. Dette blir då referert i Lagtinget, og vedtaket blir sendt til Kongen i statsråd (som over).

Dersom Odelstinget ikkje kan gå med på endringane i Lagtinget, men anten held ved lag det opphavlege vedtaket sitt eller gjer endringar som berre eit stykke på veg kjem til møtes med vedtaket i Lagtinget, må Lagtinget behandla saka ein gong til.

Skulle Lagtinget etter dette framleis vera usamd, må saka sendast tilbake til Odelstinget og så leggjast fram for eit samla storting (plenum). Der krevst det to tredjedels fleirtal for at lova skal bli vedteken.

Mellom kvar behandling i Odelstinget og Lagtinget må det gå minst tre dagar. Til vanleg er dei fleste lovsaker i røynda avgjorde når komiteen har lagt fram si innstilling. Sjølve sluttbehandlinga står att, men sidan partia er representerte i Odelstinget og Lagtinget i tilnærma same høve som i komiteane, er det svært uvanleg at Lagtinget går imot vedtak i Odelstinget. Lagtinget fungerer fyrst og fremst som ein kontrollinstans.

Det hender av og til at det blir vedteke å forkasta eit lovframlegg eller leggja det til sides. Det hender òg at eit lovvedtak i Odelstinget og Lagtinget kan vera temmeleg ulikt det framlegget som regjeringa kom med.

Når ei lov er sanksjonert, blir ho kunngjord i Norsk Lovtidende.

Fullmakts- og rammelover
Lovgjevingsfunksjonen har endra karakter i tråd med utviklinga av den meir samansette moderne velferdsstaten. Det er både vanskeleg og kanskje lite formålstenleg for lovgjevarane å spesifisera detaljerte lov- og regelverk. I staden vedtek Stortinget fullmakts- og rammelover som overlèt skjøn og avgjerdsmakt til forvaltninga. Det blir truleg laga om lag tre gonger så mange forskrifter som lover.


Sist oppdatert 29.09.2006



Utskriftsvennlig versjon