|
TALERE:
Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)
(ordførar for saka):
Ein samrøystes finanskomite står i dag bak tilrådinga om å innarbeida Rådsdirektiv 95/26, det såkalla BCCI-direktivet, i norsk lov.
Senterpartiet, SV og RV peikar på at denne saka er eit nytt eksempel på at lovgjevingsmakta er flytta ut or Stortinget. Desse tre partia stemmer likevel i lag med resten av Stortinget for å innarbeida dette direktivet i kredittilsynslova. Det er fordi vi ynskjer å skjerpa tilsynet med verdipapirhandelen i Noreg, og fordi ei innarbeiding av dette direktivet vil medverka til det, jf. desse tre partia sine merknader og forslag i Innst.O.nr.48 (1995-1996) om endringar i lov om verdipapirhandel.
Dette EU-direktivet er utarbeidd med bakgrunn i dyrekjøpte erfaringar for nokre små investorar i samband med at eit stort internasjonalt uoversiktleg finanskonsern braut saman. Det inneheld fleire tiltak som vil vera med å styrkja tilsynet med finansielle tenesteytarar. Det gjeld m.a. innføring av ei spesiell rapporteringsplikt for revisorar i kredittinstitusjonar, forsikringsselskap, verdipapirføretak og forvaltingselskap for verdipapirfond. Norges Statsautoriserte Revisorers Forening meiner forslaget inneber ei radikal endring i forhold til dagens situasjon i Noreg når det gjeld revisor si teieplikt og opplysningsplikt, og ser helst at det ikkje blir innført slik rapporteringsplikt som føreslått. Dersom det blir ei slik plikt, ynskjer dei at « nære forbindelser » blir haldne utanom.
På eit punkt er det usemje i innstillinga mellom Arbeidarpartiet og dei andre partia. Det gjeld innhaldet i § 3 a. Heile komiteen er einige i den rapporteringsplikta som her blir føreslått overfor « nære forbindelser »; usemja går på om definisjonen skal takast direkte inn i lova, eller om departementet skal få fullmakt til å utarbeida høvelege forskrifter. Det er det siste Arbeidarpartiet er einig med departementet i. Senterpartiet meiner det er eit viktig prinsipielt spørsmål at Stortinget som lovgjevande myndigheit skal gje lover så langt som mogleg. Berre der det er behov for spesiell presisering eller løpande justering utover det som er naturleg å leggja fram for Stortinget, skal Regjeringa ha fullmakt til å gje forskrifter. Det gjeld ei lita sak i dette høvet, men det er altså eit viktig prinsipielt spørsmål - det gjeld innarbeiding av eit EU-direktiv. Eg er glad for at alle parti med unntak av Arbeidarpartiet står saman om å fastsetja i lovteksten det som høyrer til der, så langt det let seg gjera. Eg håpar at denne praksisen òg kan fylgjast opp i andre komitear i saker som Regjeringa legg fram som fylgje av EØS-avtalen.
Det er behov for å visa til art. 1 i sjuande selskapsdirektiv, som enno ikkje er innarbeidd i norsk lov. Departementet blir derfor gitt moglegheit til naudsynt presisering i tillegg til den definisjonen som er tatt inn i § 3a andre ledd i kredittilsynslova. Lovendringa strekar under revisor si uavhengige stilling i ein finansinstitusjon. Han eller ho skal melda frå om alle forhold som kan medføra at rekneskapen ikkje blir godkjend, eller at det blir tatt atterhald om godkjenning. Revisor kan ofte vera den einaste som i tide kan melda frå om irregulære forhold. Revisor har høve til å reisa spørsmål overfor leiing og kontrollkomite, men kan òg velja å rapportera vidare utan å ha tatt spørsmålet opp internt i finansinstitusjonen.
§ 3a andre ledd gir ein definisjon av « nære forbindelser » i samsvar med BCCI-direktivet og òg presiseringar som departementet ynskte å innarbeida i forskrift - ein situasjon der to eller fleire fysiske eller juridiske personar er knytte til kvarandre ved kapitalinteresse eller kontroll, dvs. ved eit samband mellom eit hovudføretak og eit underføretak. Det er elles semje mellom departementet og komiteen om at norske finansinstitusjonar skal ha forretningskontor og hovudkontor i Noreg.
Ein samla komite støttar òg forslaget om unntak frå teieplikt, slik at norske styresmakter når det er naudsynt, kan utveksla informasjon med andre EØS-land som eit ledd i kampen mot internasjonal økonomisk kriminalitet.
I denne proposisjonen ligg det òg ei heilt anna sak - forslag om endring i § 10 tredje ledd i lov om Norges Kommunalbank. Kommunalbanken sitt aktivitetsnivå blir fastsett gjennom årlege vedtak i Stortinget om netto utlånsendringar. Komiteen er på denne bakgrunn samd med Regjeringa i at § 10 tredje ledd i lov om Kommunalbanken er unaudsynleg og gagnlaus og, slik situasjonen er i dag, på ein uheldig måte kan avgrensa Stortinget sin handlefridom.
SV og RV har i sine merknader nemnt ei grunngjeving for at paragrafen kunne vore halden oppe dersom Stortinget i tidlegare vedtak hadde opptredd annleis. Dei påpeikar det uheldige i at stortingsfleirtalet i fleire omgangar har svekt Kommunalbankens stilling og soliditet.
Eg føler då behov for og finn det rett å gjera merksam på at Senterpartiet gjennom si haldning og stemmegiving i Stortinget diverse gonger har gitt uttrykk for at det trengst ein sterk kommunalbank.
Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 1.
(Votering, se side 157)