Lenke til Stortingets hovedside  

Odelstinget
Møte tirsdag den 20. mai kl. 14.50 1997


Sak nr. 3
Innstilling fra næringskomiteen om forslag fra stortingsrepresentantene Syver Berge og Inga Kvalbukt om lov om endring i lov av 8. juni 1962 nr. 4 om tiltak mot dyresjukdommer (husdyrloven). (Endring av § 11 slik at gårdbrukere som blir pålagt nedslakting på grunn av sykdom i buskapen også må få dekket produksjonstap inntil ny produksjon er etablert) (Innst.O.nr.69 (1996-1997), jf. Dok.nr.8:47 (1996-1997))

TALERE:


       Sigrun Eng (A) : Representantane Inga Kvalbukt og Syver Berge har fremma eit forslag, Dok.nr.8:47. Forslaget gjeld eit tillegg til husdyrlovas § 11 , om økonomisk kompensasjon ved produksjonstap. Fleirtalet - Arbeidarpartiet, Høgre og Framstegspartiet - meiner dagens ordning tek i vare intensjonen.

       Med dagens ordning får husdyrprodusentane behalde produksjonstillegg, areal- og kulturlandskapstillegg. Det blir òg ytt eit grovfôrarealtillegg basert på dyretalet før nedslakting. Desse ordningane beheld dei i inntil tre år.

       Skattereglane er endra slik at fristen for reinvestering er forlengd for å ta høgd for at ein i ein periode er forhindra frå å bruke erstatningssummen til innkjøp av ny besetning eller til andre nødvendige installasjonar.

       Erstatningssummen som blir gitt pr. dyr, tek utgangspunkt i livdyrprisen. Den ligg om lag 500-600 kr over slakteverdien for lam og ca 1 400 kr for sau.

       Den strategien som er vald for å kjempe mot alvorlege dyresjukdommar, har full oppslutning i faglaga, i det vitskapelege fagmiljøet, i forbrukarorganisasjonane og handelsorganisasjonane. Den strategien som er vald når det gjeld t.d. skrapesjuke, er det slik sett full semje om. Og semje har vore eit viktig mål for departementet.

       Fleirtalet er av den oppfatninga at alle relevante tap i høve til ein alvorleg sjukdomssituasjon er tatt godt i vare, noko også mindretalet sluttar seg til i sine merknader. Rett nok har dei brukt eit anna ord, eit adjektiv, for dei skriv:

       « Desse medlemene vil peike på at slik erstatningsordninga er i dag, kan ein seie at den økonomiske erstatninga for nedslakting når det gjeld dyreverdien er brukbar. »

       Det er då heller ikkje her forslagsstillarane fyrst og fremst meiner det ligg ei uløyst oppgåve, men dei meiner at produksjonstap ikkje blir dekt godt nok økonomisk.

       For oss i Arbeidarpartiet er det viktig å avgrense dei reelle utgiftene. Skal ein i tillegg, slik forslagsstillarane ønskjer, dekke tapte arbeidsinntekter på ein besetning ein ikkje har, vil dei økonomiske konsekvensane auke drastisk. Det er viktig å halde kostnadssida på eit nivå som ikkje er større enn - slik alle meiner - at sjukdomskampen skal prioriterast. Grensegangen mellom alvorlege og mindre alvorlege sjukdommar og restriksjonar kan i ein slik samanheng bli vanskeleg. Dette ville auke utgiftene ytterlegare.

       I tillegg kan den grasproduksjonen som garden gir under dyrefråveret, òg seljast.

       Når vi nå veit at dei fleste utbrota av alvorlege sjukdommar i husdyrproduksjonen er i dei områda av landet der det er underskot på all slags arbeidskraft, kan anna løna arbeid vere aktuelt i ein periode.

       Med desse kommentarane vil eg tilrå komiteens innstilling.


Syver Berge (Sp) : Lovendringsforslaget frå Inga Kvalbukt og meg sjølv vart reist ut frå ønsket om å byggje opp under og styrkje to tilhøve: Det eine er å tryggje helsetilstanden hjå husdyra våre, og det andre er å sikre at husdyreigarane som må slakte ned buskapen sin på grunn av registrert smittsam sjukdom i buskapen, får ei økonomisk godtgjersle som òg erstattar produksjonstap i den tidsbolken det tek å byggje opp att buskapen til full produksjon.

       Slik situasjonen er i dag, vil ein gardbrukar som må slakte ned buskapen sin, få eit økonomisk tap i den tida det tek å byggje opp att buskapen til full produksjon.

       Det er viktig framover - særleg etter at vi no får ein friare handel med levande dyr over landegrensene, med større fare for smittespreiing - at ein styrkjer overvakinga av smittsame husdyrsjukdommar, og at husdyreigarane blir oppmuntra til å vere aktive overvakarar slik at eventuelle smittsame sjukdommar blir oppdaga raskt. Derfor meiner forslagsstillarane at skal denne overvakinga vere effektiv, må det leggjast til rette slik at brukaren som oppdagar unormale ting i buskapen, varslar og får den undersøkt av dyrlækjar. Det vil vere lettare for ein husdyreigar å vere ein aktiv overvakar dersom han veit at han ikkje risikerer stort økonomisk tap ved t.d. nedslakting. I samband med sjukdommen scrapie har mange saueeigarar fått føle på kroppen kva det vil seie økonomisk når ein blir pålagd nedslakting: Det blir store økonomiske tap. Saksordføraren veit òg sikkert å vurdere dette, men det er ikkje enkelt å byggje opp att ein ny besetning og få den inn på dei beita som ein skal bruke. Det tek tid, og når vi òg veit at det tek to år før ein kan setje inn att ny buskap etter at alt er reingjort, så er denne ordninga med tre år ikkje god nok. Og med omsyn til å selje fôret har ein heller ikkje foredlingsverdien av fôret ved at ein kan nytte det til eigen buskap.

       Når det gjeld å sikre seg gjennom forsikringsordningar mot tap ved avbrot på grunn av sjukdom, er dette ei forsikringsform som t.d. for sau blir ei for stor utgift sett i høve til nettoinntekta produksjonen gjev. Endringa i lova vil, som forslaget frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti går ut på, vere med på å byggje opp under at vi her i landet kan sikre at matvarene blir produserte av verdas friskaste husdyr.

       Eg tek opp mindretalsforslaget frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti, som er teke inn på side 2 i innstillinga.


Presidenten: Syver Berge har tatt opp det forslag han refererte til.

       Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 3.

       (Votering, se side 619)
Odelstinget går da, som tidligere vedtatt, til sak nr. 7 på dagens kart.