Lenke til Stortingets hovedside  

Odelstinget
Møte tirsdag den 16. desember kl. 12.10 1997


Sak nr. 8
Innstilling fra Stortingets presidentskap om lov om Stortingets granskningskommisjon for bankkrisen (
Innst.O.nr.16 (1997-1998))

TALERE:


       Presidenten: Før saken tas opp til behandling, vil presidenten bemerke at innstillingen ikke har ligget ute den reglementsmessige tid, dvs. 48 timer. Med hjemmel i forretningsordenens § 32 vil presidenten foreslå at Odelstinget likevel behandler denne saken nå. - Det anses vedtatt.


       Odelstingspresident Jorunn Ringstad : I Stortinget sitt vedtak av 30. mai 1997 om oppretting av ein granskingskommisjon for bankkrisa vart det rekna med at alle offentlege arkiv og mogleg anna materiale som er relevant for kommisjonen sine undersøkingar, skulle stillast til rådvelde for kommisjonen. Unntak skulle berre gjelde for Regjeringa sine strengt interne arbeidsdokument og dokument underlagde teieplikt ut frå heilt nødvendige « personvernmessige forhold », som det heiter.

       I ettertid har det vist seg at Stortinget sitt vedtak ikkje har gjeve kommisjonen tilstrekkeleg grunnlag for å få tilgang til alt det materiale som er nødvendig for å gjennomføre granskinga på ein grundig måte. Som gjort greie for i kommisjonen sitt brev av 28. november 1997 til Stortinget, skuldast dette i hovudsak at det nemnde stortingsvedtaket ikkje gjev Regjeringa mynde til å frita sine underordna organ og tenestemenn for teieplikt som fylgjer av lov.

       Vedtaket gjev heller ikkje bankane rett til å leggje opplysningar fram for kommisjonen i strid med deira lovfastlagde teieplikt. Lovgjevinga gjer rett nok visse unntak for bankane si teieplikt. Men utanfor rettssak gjeld desse unntaka berre overfor offentlege tilsynsorgan m.m. som sjølve er oppretta ved lov. Grensene for teieplikt forplantar seg dermed frå bankane til desse organa. Bankane har ikkje høve til å samtykkje til at opplysningar som dei har lagt fram, vert gjevne vidare til kommisjonen i større utstrekning enn lovgjevinga sjølv opnar for.

       Ei fylgje av at kommisjonen sitt arbeid byggjer på plenarvedtak, ikkje på lov, er endeleg at den ikkje sjølv er underlagd teieplikt i medhald av lov. Dermed sviktar ein del av grunnlaget for å gje kommisjonen tilgang til opplysningar som er underlagde teieplikt.

       Eit samrøystes presidentskap har funne at dei hindringane for komiteen si gransking som eg har gjort greie for, bør ryddast av vegen. I den innstillinga som no er til handsaming, blir det derfor foreslått at dei relevante teiepliktvedtaka ikkje skal gjelde overfor kommisjonen. På den andre sida blei det foreslått å innføre ei korresponderande teieplikt for kommisjonsmedlemene og alle som utfører teneste eller arbeid for kommisjonen.


Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 8

       (Votering, se side 85)