TALERE:
Anita Apelthun Sæle (KrF)
(ordførar
for saka):
Salmonella-åtvaring, bakteriealarm eller kanskje giftrestar i mat er dessverre vanlege eksempel på avisoverskrifter i dag. Og i ei verd der handelen med mat over landegrensene aukar, trengst tydelegvis kvalitetskontroll, og det i større grad enn før.
Trygg mat til forbrukarane er ei hovudprioritert sak for sentrumsregjeringa, og då er det innlysande at ein effektiv og hyppig kontroll med næringsmiddel vil koma alle forbrukarar til gode, sett i eit helseperspektiv.
Utvidinga av vedlegg 1 i EØS-avtalen har medført oppheving av grensekontrollen. Det kan ein meina mykje om, men det er svært viktig at stikkprøvekontroll og kartlegginga av varer i bedrifter og i marknaden har ein frekvens som sikrar stadig god status i forhold til helse og i forhold til kvalitet.
Komiteen anbefaler Regjeringas forslag om at stikkprøver av næringsmiddel kan takast vederlagsfritt, og § 5 ledd tre vert derfor endra i tråd med dette.
Kjøttproduksjonsloven og fiskekvalitetskontrolloven har allereie heimel for å ta prøver vederlagsfritt, så dette inneber ei fornuftig harmonisering av lovverket. Komiteen tilrår også to andre mindre endringar i næringsmiddelloven, i §§ 4 og 7. Og innstillinga er samrøystes.
Gunnar Skaug hadde her gjeninntatt presidentplassen.
Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 7.
(Votering, se side 752)