TALERE:
Rita Tveiten (A) (ordførar for saka):
Frå forskarhald vert det hevda at norsk fiskeri- og havbruksnæring har potensial til å auka verdiskapinga frå om lag 30 milliardar kr årleg til 200-250 milliardar kr årleg i eit 30-årsperspektiv. Skal dette verta meir enn eit potensial, må forskingsinnsatsen aukast monaleg.
Noreg har forskingsinstitusjonar som hevdar seg heilt i verdstoppen, og det er desse miljøa som har sikra Noreg tetposisjonen innan oppdrett.
Vår fiskeriforvalting er tufta på forsking innan tradisjonelt fiske, som har svært lange tradisjonar, og her er altså Noreg ein pionernasjon.
Ved handsaminga av St.meld.nr.51 (1997-1998) uttalte komiteen at
« det må vera ein målsetnad at Norge skal vera verdas fremste fiskerinasjon, der me ligg fremst i utvikling av ( ...) fangstteknologi, havbruk og industriell utvikling ».
Vidare vart marin forsking peika ut som eit satsingsområde i St.meld.nr.39 (1998-1999) , Forskning ved et tidsskille. Men resultata kjem ikkje av seg sjølve, og det kostar pengar å få fram gode forskingsresultat.
Til no har fiskeri- og havbruksnæringa sitt samla engasjement innan forsking og utvikling vore heller smålåte, sjølv om det finst heiderlege unnatak. Det er difor gledeleg at det er ei samla næring som sluttar heilhjarta opp om ei eiga forskings- og utviklingsavgift av generisk karakter. Denne avgifta skal ikkje erstatta verken den offentlege eller den næringsbaserte innsatsen på området, og komiteen rår til at staten yter eit tilsvarande beløp til ordninga som den avgifta gjer seg til.
Det er grunn til å minna om at midlane som vert kravde inn gjennom FoU-avgifta, vil vera offentlege midlar i samsvar med internasjonalt statsstøtteregelverk, m.a. EU sitt regelverk. Det gjer at midlane ikkje kan nyttast som næringa sine private eigendelar i brukarstyrte prosjekt, der resultata berre kjem den enkelte deltakar til gode. Komiteen legg vekt på at ordninga ikkje skal koma i konflikt med internasjonalt regelverk og dermed gje grunnlag for handelsrestriksjonar mot norsk eksport av sjømat.
Det er viktig at denne ordninga vert breitt forankra i næringa og dei sentrale næringsorganisasjonane når styret skal setjast saman. Ordninga krev semje om kva forskingsoppgåver som skal prioriterast, og det veit næringa best sjølv.
Det bør ikkje vera vanskeleg å finna aktuelle forskingsoppgåver, men det kan verta utfordrande å prioritera i kva rekkjefølgje dei skal koma. Eg kjenner meg trygg på at norsk fiskerinæring er budd på å ta denne utfordringa. No trengst det retning og tempo. 200-250 milliardar kr i verdiskaping frå marin sektor i løpet av 30 år kjem ikkje av seg sjølv. Det veit næringsutøvarane best av alle.
Målet må vera at me får framifrå forsking for pengane, utan omsyn til kven som leverer denne. Då må styret kanalisera avgiftsmidlane gjennom etablerte system som Noregs forskingsråd og Statens nærings- og distriktsutviklingsfond. På den måten kan det verta nødvendig tyngde i prosjekta, noko som kan gje oss dei resultata næringa treng for å møta dei utfordringane som me veit er der, og dei som vil koma i åra frametter.
Komiteen har delt seg i synet på kva nivå avgifta skal ha og korleis ho skal krevjast inn. Fleirtalet meiner at avgifta skal vera på 3 promille av eksportverdien, medan mindretalet, Framstegspartiet og Høgre, meiner at avgifta skal vera på 2 promille.
Komiteen har òg delt seg i synet på innkrevjingsmodell, der fleirtalet støttar departementet sitt framlegg om å leggja alternativ A til grunn, ved å krevja avgifta frå eksportleddet, medan Høgre og Framstegspartiet har gått inn for alternativ B i proposisjonen.
Komiteen sluttar seg elles til framlegga frå departementet.
Terje Knudsen (Frp) : Jeg vil bare ta opp mindretallsforslaget fra Fremskrittspartiet og Høyre, slik det er inntatt i innstillingen.
Presidenten: Terje Knudsen har tatt opp det forslaget han refererte til.
Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 4.
(Votering, se side 481)