TALERE:
Presidenten: Etter ønske fra kommunalkomiteen vil presidenten foreslå at debatten blir begrenset til 45 minutter, og at taletiden blir fordelt på gruppene på følgende måte:
Arbeiderpartiet 10 minutter og de øvrige gruppene 5 minutter hver.
Presidenten vil videre foreslå at det ikke blir gitt anledning til replikker etter de enkelte innlegg, og at de som tegner seg på talerlisten utover den fordelte taletid, får en taletid på inntil 3 minutter.
- Det anses vedtatt.
Anita Apelthun Sæle (KrF)
(ordførar
for saka):
Det er fleire år sidan Stortingets justiskomite la grunnlag for den saka som er til debatt i dag. Med fleire flyktningar og asylsøkjarar til Europa, også til Noreg, var det behov for ei alternativ klageordning. Ikkje berre drukna gjeldande minister i enkeltsaker, det var også lang avstand frå klagaren til departementet. Eg trur vegen for den som meiner seg feilbehandla, er kortare til den nye utlendingsnemnda enn den er til departementet. Det er på grunn av to forhold:
For det fyrste har humanitære organisasjonar medlemer i denne nemnda. Desse organisasjonane er nettopp opptekne av rasisme, antisemittisme, forfølging og brot på menneskerettar elles over heile jorda. Og desse organisasjonane har den beste kunnskapen - kanskje den beste kunnskapen som finst i Noreg, iallfall svært god kunnskap - om land og om forholda i det landet som klagaren kjem frå. Individuelle, lokale, eller kanskje spesielle forhold som gjer at nettopp vedkommande klagar meiner seg forfølgd, kan verifiserast, eller kanskje falsifiserast, betre, trur eg, enn det som til no har vore tilfellet. Eg trur at flyktningnemnda, eller Utlendingsnemnda, som ho jo skal heita, vil ha mindre tendens til sjablongbehandling - sjølvsagt er det ikkje det som er politikken, men det vil lett vera slik - og iallfall større moglegheit til å sjå det einskilde individet enn det andre offentlege instansar har. Eg synest det er tillitvekkjande - og det er ein av grunnane til at ein samla komite står bak det som no skal vedtakast.
Det er gjort nokre endringar i samansetjinga av nemnda, men fleirtalet i komiteen meiner at rettstryggleiken er vareteken, sjølv om nemnda sine medlemer er reduserte frå fem til tre. Føresetnaden for at det er akseptabelt, er at dei humanitære organisasjonane alltid skal vera representert.
Den andre føresetnaden for at Utlendingsnemnda skal kunna vera ei styrking av asylsøkjarane og flyktningane sine rettar, er at personleg frammøte er hovudregelen i asylsaker. Vi trur at der avslag er gitt og klage innsendt, er det nødvendig at asylanten får møta og leggja fram sin versjon. Det vil ein no få, med det opplegget som er valt.
Utlendingsnemnda si verksemd skal evaluerast. Med nye ordningar kan tilpassingar og vurderingar ut frå empiri vera heldig. Sjølv om eg - og for så vidt komiteen - trur at Utlendingsnemnda er ei nyvinning for asylantar og flyktningar og til beste for menneskerettane, kjennest det trygt at den skal evaluerast.
Eg vil til slutt gratulera ministeren med Utlendingsnemnda, som kanskje vil redusera presset på ministeren noko. Men iallfall min og Kristeleg Folkeparti sin grunn til å vera positive til nemnda var likevel asylsøkjaren si velferd, og ikkje ministeren si.
Komiteinnstillinga er samrøystes, sjølv om nokre parti i merknads form viser til at dei har vore og er usamde i prinsippa for den nye nemnda.
Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 5.
(Votering, se side 251)