Lenke til Stortingets hovedside  

Odelstinget
Møte fredag den 11. juni kl. 13.21 2004


Sak nr. 1
Innstilling frå finanskomiteen om lov om endringer i lov 6. desember 1996 nr. 75 om sikringsordninger for banker og offentlig administrasjon m.v. av finansinstitusjoner (
Innst.O.nr.78 (2003-2004), jf. Ot.prp.nr.66 (2003-2004) )

TALERE:


       Heidi Grande Røys (SV) [ 13:22:14 ] (ordførar for saka):

       Finanskomiteen har handsama Ot.prp.nr.66, eit forslag som fører til ei samanslåing av Sparebankenes sikringsfond og Forretningsbankenes sikringsfond til eitt felles fond. Lovforslaget må sjåast i samanheng med fusjoneringa av bankeiningane i tidlegare DnB og Gjensidige NOR til den nye DnB NOR Bank og trongen for endringar som har oppstått i samband med det. Føremålet er å oppnå ei betre spreiing av risiko, då trongen for betre risikospreiing er auka i og med fusjoneringa av bankeiningane.

       Komiteen er samrøystes og sluttar seg til Regjeringa sitt forslag på alle punkt, og viser til at ei samanslåing av fonda vil gi ei betre risikospreiing og med det auka slagkraft. Eg skal berre kort kommentere eit par punkt.

       Lovforslaget kom etter eit initiativ frå Finansnæringens Hovedorganisasjon og Sparebankforeningen, og ingen av høyringsinstansane har hatt innvendingar til Regjeringa sitt forslag, som elles i det alt vesentlege er identisk med det opphavlege forslaget frå Sparebankforeningen og Finansnæringens Hovedorganisasjon sjølve.

       Det er nemleg slik at Gjensidige NOR har vore medlem av Sparebankenes sikringsfond, medan DnB har vore medlem av Forretningsbankenes sikringsfond. Fordi Gjensidige NOR er overtakande selskap i bankfusjonen, er den nye DnB NOR Bank medlem av Sparebankenes sikringsfond. Men det er etter gjeldande rett ikkje høve til overføring av fondsmidlar mellom dei to fonda. Ei plassering av DnB NOR Bank i Sparebankenes sikringsfond vil difor bety at fondets ansvar aukar monaleg - utan ein samtidig auke i kapitalen som skal medverke til å sikre oppfyllinga av dette ansvaret.

       Eit samanslått fond, slik forslaget legg opp til, vil ha ein risikoutjamnande effekt som set fondet betre i stand til å ivareta oppgåva med å sikre innskott i bankane, sjølv om forslaget fører til reduksjon i kravet om ansvarleg kapital i fondet. Dette vil m.a. vere ein føremon for medlemsbankane i høve til å konkurrere med bankar som står utanfor den norske sikringsordninga.

       Komiteen framhevar at konsekvensar for vanlege innskytarar i første rekkje vil vere knytte til storleiken av innskottsgarantien. Regjeringa sitt forslag går ut på å halde fast på tomillionarsgrensa, noko som vil gi ein innskytar garanti for full dekning av innskott på inntil 2 mill. kr om ein bank ikkje kan gjere opp for seg. Dette er i samsvar med tidlegare, og altså vesentleg meir enn i andre land, m.a. EU sitt minstekrav. Vi kan difor vanskeleg sjå at ei samanslåing vil ha konsekvensar for forbrukaren.

       Vidare sluttar komiteen seg til Regjeringa sitt forslag om at dagens medlemer av Sparebankenes sikringsfond bør kompenserast for at deira fond er høgare kapitalisert, og at dette vert gjort i form av eit særskilt, tidsavgrensa unntak frå plikta til å betale avgift, og at denne perioden med unntak frå avgiftsplikt vert sett til tre år.

       Med det vil eg anbefale komiteen si tilråding.


Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 1

       (Votering, se nedenfor )