Header dokumenter

Stortinget
Møte torsdag den 6. februar kl. 10 1997


Sak nr. 2
Innstilling fra kontroll- og konstitusjonskomiteen om Riksrevisjonens konstitusjonelle kontroll med statsrådens (departementets) myndighetsutøvelse i saker som gjelder aksjeselskaper, statsforetak og enkelte organer m.v. organisert ved særskilt lov, herunder Norges Bank, for 1995 (
Innst.S.nr.110 (1996-1997), jf. Dok.nr.3:04 (1996-1997))

TALERE:


       Sigvald Oppebøen Hansen (A) : Det skulle eigentleg ikkje vere grunn til å ta ordet i denne saka, og når eg da gjer det, er det bare for å kome med ei lita presisering.

       Som presidenten vil sjå, er det ei samrøystes innstilling, komiteen sluttar seg samrøystes til dei merknadene som ligg der. Den presiseringa som eg vil gjere, er knytt til avsnittet omkring Statkorn Holding AS, der det står at Stortinget « ikke ble tilstrekkelig orientert om avgiftsfritaket og konsekvensene av dette ».

       Sjølv om dette er ei sak som Stortinget vil kome tilbake til, finn eg grunn til å presisere at etableringa av det nye selskapet i 1994-95 skjedde under eit svært stort tidspress. Og om ikkje Stortinget blei tilstrekkeleg orientert, får ein då kome tilbake til, men slik som merknaden er formulert, kan det oppfattast som at komiteen sluttar seg til Riksrevisjonen si oppfatning på det området. Men det har altså komiteen ikkje tatt stilling til ennå, det vil me kome tilbake til når me skal behandle Dok.nr.1 (1996-1997).


Presidenten: : Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 2.

       (Votering, se side 2323)