TALERE:
Jon Lilletun (KrF) : Statens lånekasse for utdanning er den viktigaste institusjonen for studiefinansiering i landet vårt. I ei tid kor alle ungdomar tek vidaregåande utdanning og om lag halvparten tek høgare utdanning, vil dei fleste ungdomar få eit kundetilhøve til Lånekassa. Lånekassa er i denne samanhengen ein av våre største bankar.
Særs mange låntakarar opplever Lånekassa som fjern og byråkratisk. Avgjersle i Lånekassa skjer utan dialog med låntakar, og låntakaren sin livssituasjon får liten eller ingen innverknad på avgjerda. Det synest som om maskinell handsaming av søknadene er viktigast. Dette er inntrykket eg sit att med etter mange brev og telefonar frå kundar i Lånekassa.
Det er inga hjelp eller oppmuntring til uføre når dei opplever at gjelda til Lånekassa stig for kvart brev dei får. Det er heller inga hjelp for studentar som vert sjuke om sommaren og ikkje møter til studiestart på grunn av sjukdomen, når dei opplever at gjelda stig. Det er heller ikkje noka hjelp for kvinner som føder prematurt og ikkje har vore student i 6 månader, når dei ikkje får stipend. Diverre er det ikkje slik at babyen kan reglane i
Lånekassa, difor endar nokre kvinner utan stipend. Ved å leggje fødselstermin og ikkje fødselsdato til grunn for vurderinga kan ein unngå problem her, slik studentorganisasjonane føreslår. Det er heller ikkje noka hjelp for studentar med kroniske sjukdomar, som migrene, eller ulike psykiske problem som spiseforstyrring eller eksamensangst, når dei ikkje får forståing for at dei er sjuke og ikkje kan fylgje vanleg studieprogresjon etter reglane i Lånekassa. Dette trass i dokumentasjon frå lege eller anna fagleg hald. Problemet er at reglane i Lånekassa gir lite høve til skjønn, og at Lånekassa har ei særs streng fortolking av desse reglane.
Dette manglande høvet til å utøve skjønn og Lånekassa si strenge tolking av reglane er hovudgrunnen til at Kristeleg Folkeparti reiser denne interpellasjonen i dag. Eg trur diverre at regelverket i Lånekassa er for komplisert til at vanlege studentar og låntakarar kan finne fram i jungelen med ulike reglar og unntak. Vi ønskjer sjølvsagt lik handsaming av søkjarane i Lånekassa, men samstundes ser vi at det er særs vanskeleg å finne individuelle løysingar som kunne stimulere låntakarar til tilbakebetaling og lette ein elles trong privatøkonomi. Årsaka ligg òg i Lånekassa sitt manglande høve til å gi gjeldslette eller gjeldssanering.
Det er ikkje berre reglane i høve til sjukdom som er vanskelege. Det gjeld også kravet om å bu på studiestaden. Dette er eit naturleg krav og ønske for å stimulere til å delta på førelesingar og vere i nærleiken av rettleiarar. Dette er særleg naudsynt på lågare grad i eit studium. Men kva med studentar som er omtrent ferdige med studiet sitt, og ektefellen vert beordra til teneste andre stader, eller omsorgsoppgåver knytte til familien tilseier at familien må flytte frå studiestaden, skal ein då miste stipend og lån? Når rettleiar konkluderer med at det berre er eksamen att og at studenten kan lese andre plassar i landet, ja, då burde det vere mogleg for Lånekassa å gi lån og stipend. Men nei, kravet om å opphalde seg på studiestaden gjeld framleis. Korleis harmonerer dette kravet med eit moderne samfunn med stor grad av mobilitet? Korleis er dette kravet i eit familiepolitisk perspektiv? Og korleis passar dette kravet inn i ei tid med IT-løysingar som gjer det mogleg å få rettleiing og studere over store avstandar? I alle høve burde det vore mogleg å bruke meir skjønn, særleg når det gjeld studium på høgare nivå og på slutten av profesjonsstudium.
Dette er døme som studentar opplever vanskelege og urimelege. Eg har ikkje noko ønske om å kritisere Lånekassa, men når vi ser slike utslag som dei eg no har nemnt, må vi politikarar ha vilje til å endre føresegnene i retning av høve til meir skjønn. Eg ser at dette kan krevje meirarbeid og skape nye grensetilfelle. Men om det ikkje skjer noko i Lånekassa eller med reglane deira, trur eg reglane kjem i miskreditt ute mellom brukarane. Dette rammar ikkje berre Lånekassa, men det rammar heile offentleg sektor. Lånekassa vert sett på som ein del av dette ugjennomtrengjelege offentlege byråkratiet som ikkje skjøner korleis brukarane har det.
Vi kan rette på mykje gjennom betre informasjon til brukarane. Dette gjeld både korleis reglane er og korleis Lånekassa handsamar dei ulike reglane. No er diverre reglane i Lånekassa så kompliserte at sjølv mange tilsette har vanskeleg for å finne fram. Ofte er språket vanskeleg tilgjengeleg, og heller ikkje dei nærmare reglane til føresegnene er generelt tilgjengeleg for brukarane, sjølv om dei finst på data. Lånekassa er òg vanskeleg tilgjengeleg, sjølv om ein har betra telefonrutinane noko. Eg har eit håp om at vi etter kvart kan finne informasjonskontor på kvar studieinstitusjon der studentane kan få treffe personar i Lånekassa som kjenner regelverket godt. Dette informasjonskontoret skulle gi studentane rettleiing om korleis dei skal finansiere studia sine, kva konsekvensar endringar i studia har i høve til Lånekassa, og kva ein kan gjere når ein får problem t.d. med tilbakebetaling. Dette kontoret kan også hjelpe studentane til å finne ei god finansiering av eit planlagt studium, t.d. i utlandet. Kristeleg Folkeparti gjer i dag framlegg om at Regjeringa betrar informasjonstenesta i Lånekassa.
Eg har òg lagt merke til at Lånekassa si klagenemnd handsamar mange saker, men gir klagarane svært sjeldan medhald. For meg synest det å vere grunnlag for å sjå nærare på klagenemnda og å gjera samansetjinga av denne nemnda breiare. Eg ser det òg som ønskjeleg å styrkje låntakarane sin posisjon ved handsaminga i klagenemnda ved å gi høve for klagar til å leggje fram saka si på møtet. Så vidt eg kjenner til, er det praksis at Lånekassa er til stades på møta med saksansvarlege, og at dei har høve til å leggje fram si tolking av reglane. Eg synest klagarane skulle ha det same høvet, og Kristeleg Folkeparti gjer framlegg om å be Regjeringa sjå nærmare på klagenemnda si samansetjing og styrkje låntakarane sin posisjon.
Eg har òg registrert at mange klagar på Lånekassa si vurdering av formue, og at ein legg to år gamle likningsattestar til grunn for formuen. Tidlegare kunne Lånekassa gjere unntak frå denne regelen om søkjarane kunne dokumentere lågare formue siste år. Dette unntaket er fjerna, noko som innskrenkar Lånekassa sitt høve til å nytte skjønn. Eg har òg lagt merke til at formuekravet er særs vanskeleg for studentar som driv eller er medeigar i gardsbruk eller anna verksemd med bunden kapital. Eg meiner det er grunn til å sjå nærare på om ikkje regelverket burde gi høve til å gjere unntak frå kravet om at formuesutrekning skal ta utgangspunkt i to år gamle likningsattestar.
Kristeleg Folkeparti er kjent med at Eros' pilar er svært aktive i studietida. Dette er bra, og vi ønskjer å stimulere til livslangt samliv gjennom å leggje tilhøva til rette for ekteskap, men då møter ein ikkje støtte i reglane til Lånekassa. Om studentar gifter seg, mister dei reisestipend, og lån og stipend vert prøvt mot ektefellen si inntekt. Då er det enklare å berre flytte i lag.
Eg har sett at eit utval har gjort framlegg om at studentar skal registrerast i Folkeregisteret på studiestaden, men dette framlegget har møtt stor motstand særleg frå distriktshald. Men om studentane gifte seg, måtte dei jo flytte til studiestaden, slik lova om folkeregistrering krev. Det er mi von at vi kan finne andre distriktspolitiske verkemiddel enn sambuarskapet! Faktum er at gifte studentar kjenner seg diskriminerte i høve til sambuande studentar. Kristeleg Folkeparti gjer difor framlegg om å be Regjeringa gjennomgå lov og føresegner med sikte på å fjerne diskrimineringa av gifte studentar i høve til sambuande studentar når det gjeld tildeling av støtte og stipend. Ikkje dermed sagt at vi har teke for god fisk den modellen som dette utvalet har lagt fram.
I framtida vil Lånekassa ha kundar med særs ulike behov. Dette vil i aukande grad krevje individuell vurdering av studieprogram, lånebehov og evne til tilbakebetaling. Det vil vere behov for å modernisere regelverket i Lånekassa slik at ein tek omsyn til aukande mobilitet og dei endra studievilkåra som IT-revolusjonen gir. Det vil også vere behov for at Lånekassa tek omsyn til at studentar kan verte sjuke eller få redusert si tilbakebetalingsevne. I slike saker meiner eg også Lånekassa har eit ansvar for å finne løysingar som låntakarane kan leve med. Det betyr også at Lånekassa må vere med på ulike ordningar for gjeldssanering.
Regelverket i Lånekassa er særs omfattande og komplisert. Det har vore eit mål å forenkle regelverket. Kristeleg Folkeparti meiner at også statsråden har eit ansvar for å fylgje opp den oppfordringa som styret i Lånekassa kom med i årsmeldinga for 1995.
Kva gjer statsråden for å modernisere regelverket til dagens studiesituasjon, og vil statsråden ta initiativ til organisatoriske og bedriftskulturelle tiltak for å sikre ei individuell vurdering av søkjarane?
Kva gjer statsråden for å møte dei behova låntakarar har som etter fullførte studium mister eller får redusert innteningsevne?
Eg ser med spenning fram til statsrådens innlegg.
Statsråd Reidar Sandal : Velferdsordningane våre eksisterer i spenningsfeltet mellom individuell behovsvurdering og allmenne reglar som kan praktiserast innanfor rammer som lik behandling, rettstryggleik og føreseielege reglar. Ei heilt sentral side ved regelverket vil vere ønsket om å ta omsyn til dei svakaste, dei som har minst informasjon, dårlegast evne til å finne fram i kompliserte regelverk og organisasjoner, og dei som har dårlegast evne til å skaffe anna støtte for sine interesser. I dette spenningsfeltet finn vi òg støtteordninga i Statens lånekasse for utdanning. Regelverket for studiefinansiering er blitt til som eit kompromiss mellom desse ønska.
Dei primære måla for utdanningsstøtteordninga er m.a. å medverke til å fjerne forskjellar og fremje lik behandling, slik at ein kan ta utdanning utan omsyn til geografiske forhold, alder, kjønn, økonomisk eller sosial situasjon.
Det er likevel slik at ein må vurdere dei ressursane som blir brukte til utdanningsfinansiering, og vege desse opp mot mål og verksemd på andre felt. Det er òg nødvendig å sjå utdanningsfinansieringa i ein samla finanspolitisk samanheng. Dei økonomiske rammene for utdanningsfinansieringa blir derfor kvart år lagde under budsjettbehandlinga. Deretter fastset Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet forskrifter for saksbehandlinga i samsvar med lova om utdanningsstøtte. Etter lova skal det m.a. bli tatt omsyn til økonomien til søkjaren ved utrekninga av lån og stipend eller vurdering av rentefritak. Når det er gitt overordna økonomiske rammer for utdanningsfinansieringa, vil dette naturleg nok komme til uttrykk i klare økonomiske grenser i forskriftene, t.d. når det gjeld inntekta og formuen til søkjaren. Ved utrekninga av lån og stipend er det sjølvsagt nokre som vil falle utanfor støttesystemet. Dette er meint som eit eksempel på område der det ikkje kan vere rom for ei individuell vurdering, slik representanten Lilletun etterlyser.
Styring etter klare reglar gjer forvaltninga av utdanningsstøtta føreseieleg og oversiktleg. Dette sikrar lik behandling av søknadene. På ein del område må det likevel brukast eit visst skjønn. For å sikre at bruken av skjønn skjer på beste måte, fastset Lånekassa nærare reglar til forskriftene i samsvar med § 9 i utdanningsstøttelova. Som oftast vil tvil falle ut til fordel for søkjaren. Lånekassa legg vekt på at slike avgjerder skal vere i samsvar med det som er rekna som eit rimeleg og romsleg skjønn, utan at dei strir mot forskriftene.
Regjeringa legg vekt på at Statens lånekasse for utdanning skal oppnå ein stadig veksande effektiviseringsgevinst målt i auka tal saker pr. årsverk. Lånekassa må reknast som ein institusjon som i stor grad utøver masseforvaltning. Institusjonen har ca 300 årsverk og pr. 31. desember 1996 ca 660.000 kundar. Av desse var ca 430.000 tilbakebetalarar. Som eit eksempel på saksmengda kan nemnast at det i 1996 m.a. blei sendt ut ca 472.700 vedtak om tildeling av lån og stipend med grunngiving for vedtaket og ca 57.000 avslag med grunngiving. I tillegg kjem ca 1.000.000 førespurnader over telefon. Slike saksmengder stiller store krav til service og informasjon. For å kunne gi rimeleg god service har Lånekassa under arbeid forbetring av sitt ti år gamle informasjons- og saksbehandlingssystem. Ei forbetring er m.a. nødvendig for å sikre at Lånekassa så enkelt som mogleg kan tilpasse organisasjonen til endringar i regelverket. I budsjettet for 1997 fekk elles Lånekassa tolv faste stillingsheimlar for å styrkje kundeservicen. Departementet har til vurdering også andre forslag om administrative styrkingstiltak, og vil komme tilbake til desse i budsjettsamanheng.
Interpellanten set søkjelyset på at Lånekassa har eit komplisert regelverk. Reglane vi har i dag, er blitt til gjennom ein politisk prosess og eit felles ønske om forenkling. Såleis blei dei ulike støtteformene i 1985 samla til eitt støttesystem. Talet på støtteordningar blei då redusert til ni stipendordningar, ei omgjeringsordning og ei ettergivingsordning. Sidan har både talet på stipend og på omgjerings- og ettergivingsordningar auka mykje, slik at det no er til saman 18 ulike ordningar. Som representanten Lilletun viser til i sin interpellasjon, har styreleiaren i Statens lånekasse for utdanning gått inn for ei forenkling av regelverket og har også oppmoda Regjeringa og Stortinget om å følgje opp dette arbeidet. Dette må sjåast som ein reaksjon på at regelverket har utvikla seg til å bli for komplisert.
Eg er einig med interpellanten og styreleiaren i at det er behov for ein gjennomgang av regelverket, og vil gi Lånekassa melding om det. Eg har merka meg at Statens lånekasse for utdanning frå hausten 1996 har hatt i gang ei intern arbeidsgruppe som har hatt som oppgåve å gå gjennom regelverket for tilbakebetaling med tanke på forenkling og forbetring. Ein del av forslaga må greiast vidare ut, men somme forslag vil Lånekassa venteleg kunne fremje i sitt forslag til budsjett for 1998. Desse vil bli vurderte vidare i departementet med tanke på å leggje dei fram i budsjettproposisjonen til hausten. I vurderinga av enklare forskrifter må ein ha klart for seg at det kan vere ein motsetnad mellom ønsket om å ha eit enkelt system og eit system som tar mest mogleg individuelle omsyn. Når departementet har vurdert forslaga til forenkling, vil eg ta initiativ til at dei prinsipielle sidene ved saka blir sende ut på høyring.
Representanten Lilletun tar òg opp vanskane for låntakarar som får redusert betalingsevne. Låntakarar som etter fullførte studium mister eller får redusert innteningsevna, kan òg etter reglane i dag få betalingslette. Mellom anna kan det ved sjukdom, arbeidsløyse, omsorgspermisjon eller militærteneste bli gitt rentefritak og utsetjing med betalinga når inntekta er under fastsette grenser. Det same gjeld når låntakaren har låg inntekt i eit fulltidsarbeid. Ein låntakar som blir ufør med ei uføregrad på minst 50 %, kan få heile eller delar av lånet ettergitt alt etter kor stor bruttoinntekt per månad vedkommande har.
Låntakarar som ikkje er i situasjonar eg her har nemnt, kan få hjelp i ein vanskeleg betalingssituasjon ved å velje inntektsavhengig nedsetjing av terminbeløpet, den såkalla INTB-ordninga. I dag kan ordninga brukast når låntakaren har høge terminbeløp som til saman er større enn 6 % av brutto årsinntekt. Nedsetjing etter denne ordninga kan bli gitt i inntil sju år, og er ei fordelaktig ordning for dei som ikkje kan få rentefritak ved utsetjing av betalinga etter dei andre reglane for betalingslette. Regjeringa vil vurdere tiltak for å gjere denne ordninga betre for dei gruppene den gjeld for.
Representanten Lilletun spør kva for organisatoriske og bedriftskulturelle tiltak eg vil ta initiativ til for å sikre ei individuell vurdering av søkjarane. Eg har ikkje grunn til å tru at det er noko i organisasjonen eller kulturen i Statens lånekasse for utdanning som hindrar individuelle vurderingar. Tvert imot er eit høgt servicenivå og ei kundevenleg holdning eit satsingsområde for institusjonen. Det kan nemnast at Lånekassa har vore tatt ut til ei særskilt grundig gransking i regi av Statens informasjonsteneste fordi Lånekassa hadde etablert gode rutinar for handtering av tilbakemelding frå kundane.
Som eg har gjort greie for, er støtteordninga i Statens lånekasse for utdanning i dag komplisert og dermed lite oversiktleg for mange av brukarane. Interpellanten og eg er einige om at det er ønskjeleg med ein gjennomgang av regelverket. Ønsket om ei god studiefinansiering som oppfyller dei måla som er sette, har vi felles.
Presidenten: Det blir adgang for Lilletun til å ta ordet igjen. Jon Lilletun (KrF) : Eg vil takke
statsråden for svaret. Eg vil seie meg både glad for og fornøgd med delar
av det. Den gjennomgangen som er varsla, og som statsråden vil fylgje opp i
forhold til Lånekassa sin styreleiar, ser eg fram til å få til Stortinget.
Eg er òg glad for at statsråden seier
at ein vil sjå på den delen som gjeld tilbakebetaling i forhold til dei
svakaste gruppene. Det viser seg når det gjeld sletting av gjeld, at det er
ei meir teoretisk enn praktisk moglegheit som ligg føre i dag i forhold til
svært mange av dei eksempla som eg har fått presentert.
Eg vil vere konkret i nokre spørsmål
som forståeleg nok ikkje statsråden kommenterte, då framlegga er komne i
dag. Når det gjeld informasjon, seier statsråden at han er godt fornøgd med
det arbeidet som Lånekassa gjer. Ut frå dei føresetnadene dei har, vil eg
ikkje kritisere Lånekassa. Men når det er 2 kr per låntakar til
informasjon, seier det seg sjølv at den er ganske avgrensa. Vil statsråden
kunne tenkje seg å støtte ei slik ordning som Kristeleg Folkeparti gjer
framlegg om i dag, at ein i større grad skal få ei informasjonsteneste ute
på studiestadene, anten i regi av Lånekassa eller ved at institusjonen eller
studentorganisasjonane kan gjere dette på oppdrag av Lånekassa?
Vidare kunne eg tenkje meg å utfordre
statsråden i forhold til eit av dei andre forslaga. Det gjeld det forslaget
som studentorganisasjonane har fremma, og som vi fremjar her i dag, i
forhold til gravide studentar og moglegheita for å bruke termin med
legeerklæring i staden for fødselsdato for på ein måte å avgrense problemet.
Det vil vere noko meir rettferdig.
Og det siste spørsmålet som eg kunne
tenkje meg å få ei avklaring på no, er: Korleis ser statsråden på å få ei
rettferdig likebehandling av studentar som giftar seg, kontra dei som vel ei
anna samlivsform?
[Neste innlegg av Jon Lilletun]
Oddbjørg Ausdal Starrfelt hadde her teke over presidentplassen.
Presidenten: Presidenten vil minna
representanten Lilletun om å ta opp forslaga.
Jon Lilletun (KrF) : Representanten Lilletun vil takke presidenten for påminninga. Det var andre gongen eg gløymde det no.
Eg vil hermed ta opp dei forslaga nr. 1-4 frå meg sjølv på vegner av Kristeleg Folkeparti som er omdelte i salen.
Presidenten: Representanten Lilletun har teke opp dei forslaga han refererte
til. Statsråd Reidar Sandal : Først vil eg
takke representanten Lilletun for den positive omtalen han hadde av iallfall
delar av svaret mitt. Eg føler faktisk at det ligg til rette for ein god
dialog om dei synspunkta som både representanten Lilletun og eg var inne på
med sikte på å få til ein betre praksis på dei områda der det er behov for å
gå nærare inn på forbetringar.
Det er slik at det er eit spenn mellom
to forhold her. Ein har spennet mellom å ha eit finmaska regelverk som har
som målsetjing å behandle søkjarar korrekt og å behandle søkjarar likt. Det
er den ideelle fordringa som eg føler meg trygg på at representanten
Lilletun og eg er einige om. Og så har ein den andre dimensjonen. Det er å
opne i endå sterkare grad for skjønn, med den faren det kan føre med seg for
vilkårleg og ulik behandling. Det som på mange vis er oppgåva, er å finne
balansen mellom eit regelstyrt system og ei ordning som opnar for fornuftig
skjønn der det er sterke grunnar for det. Det er den balansen vi må leite
etter. Sjølv om ein formulerer dette litt forskjellig, trur eg nok at det
for dei som har eit sosialt bankande hjarte, er viktig å ha begge desse
dimensjonane klårt for seg. Vi kjenner til at det finst land som har reglar
som er veldig generelle, og som opnar for ein veldig stor grad av skjønn, og
eg er ikkje sikker på om det er den trygge vegen å gå for oss.
Så til eit par av dei spørsmåla som
representanten Lilletun stilte meg. Eg har merka meg at Lilletun i dag har
sett fram eit forslag om å forbetre informasjonstenesta på studiestadene.
Eg trur det er forståing for at før ein tar konkret stilling til det, vil
både representanten Lilletun og eg ha behov for å sjå nærare på forslaget,
på kva konsekvensar det har både økonomisk og organisatorisk.
Når det gjeld spørsmålet som han
stilte om gravide studentar, om det er terminen eller fødselsdatoen som skal
vere avgjerande, vil eg vise til at det faktisk er eit spørsmål eg får i
spørjetimen i morgon, og det ville vere litt uheldig om ein føregreip svaret
i interpellasjonsdebatten i dag.
[Neste innlegg av Statsråd Reidar Sandal]
Presidenten: Dei som heretter får ordet, har ei taletid på inntil 3 minutt.
Etter dei nye reglane for interpellasjonar er taletida for vanlege innlegg
på 3 minutt. Marit Nybakk (A) : Betyr dette at jeg
har 3 minutter?
[Neste innlegg av Marit Nybakk]
Presidenten: Det betyr at representanten har 3 minutt. Marit Nybakk (A) : Jeg skal da bare
komme med noen korte kommentarer til interpellanten og den debatten som har
vært så langt.
I utgangspunktet er dagens
studiefinansieringsordning et resultat av mangeårig politisk behandling med
det som utgangspunkt at vi skal få til en sosial ordning som sikrer lik rett
til utdanning uavhengig av sosial, kjønnsmessig eller geografisk bakgrunn.
Jeg tror, som statsråden, at det er viktig både når det gjelder
studiefinansieringsordningen og andre velferdsordninger, at vi greier å få
til et skjæringspunkt mellom generelle regler som er sikre og som gir
likebehandling på den ene siden, og behovet av og til for individuell
vurdering på den andre siden. I den sammenhengen kan det også være nyttig å
minne om at det er behov for en konsekvent behandling, dvs. at de som rent
faktisk står i samme situasjon, som søker om f.eks rentefritak og har samme
livssituasjon og inntekt, også kommer ut med samme resultat, hvis ikke blir
det ikke en rettferdig behandling.
Så er det slik at selv om vi trenger
generelle regler som gir mest mulig lik behandling, må man av og til ha lov
til å bruke vettet. Det gjelder generelt for statlige tjenesteytende
etater. Eksemplet med vedkommende som fødte 27 dager for tidlig, er vel
blant dem som burde ha vært gjort til gjenstand for en litt annen
behandling. Det samme gjelder det eksemplet som ble nevnt i « Politisk
kvarter » i dag morges. Tiden tillater ikke at jeg går inn på det, men det
dreide seg om sykdom. Likevel er det klart at dette er vanskelig. Hvis man
tar utgangspunkt i terminen, som interpellanten her foreslår, vil det ha en
motsatt effekt. Hvis studenten ikke har studert de nødvendige seks månedene
før hun har termin, men faktisk føder for sent, får hun seks måneder reelt,
så dette er også et tveegget sverd. Jeg tror at man her av og til rett og
slett må bruke skjønn, slik at man får en rettferdig behandling.
Et annet forslag som Lilletun også har
fremmet, gjelder en endring av klagenemndas sammensetning. Jeg tror at vi
vil få et totalkaos med den kundemengden vi har i Statens lånekasse for
utdanning, hvis vi skulle gi hver eneste klager adgang til å legge fram sin
sak. Jeg har stor tillit til studentrepresentantene som sitter i Statens
lånekasse, og jeg tror at det er de som faktisk best ivaretar interessene
til den enkelte klager.
Jørgen Holte (Sp) : Statens lånekasse er ofte den første låneinstitusjonen
som elevar og studentar har eit kundeforhold til. Av den grunnen har
Lånekassa ei unik rolle i å fungere som oppsedar i lånemarknaden. Handsamar
ein sine kundar med respekt og tillit, vil sjansane for at låntakaren er
pliktoppfyllande seinare, vere mykje større. Lånekassa skal formidle og
forvalte ei statleg og politisk utforma studiestøtteordning og skal vere eit
verkemiddel for å nå samfunnet sine behov for kvalifisert arbeidskraft.
Senterpartiet meiner at ein gjennom Statens lånekasse skal utforme den beste
utdanningsfinansieringa den einskilde eleven eller studenten har trong for.
I tillegg til å informere om det samla
tilbodet ser eg tildeling og tilbakebetaling som to sentrale arbeidsområde.
Betre informasjon er no eit unisont krav studentorganisasjonar har sett fram
år etter år. Eg er glad for dei tiltaka som statsråden har varsla, og eg er
glad for dei forslaga representanten Jon Lilletun er komen opp med. Det er
mogleg det er tenkt på ein del av dette før, men for å vere litt
konstruktiv, seier eg at det er stort behov for å imøtekome kravet om å gi
kundane betre informasjon. Då tenkjer eg konkret på å organisere ekstra
personressursar i bestemte periodar ei kjernetid på dagen med ekstra
telefonnummer og linje til studiestadene og servicekontora og døgnteneste
for bestilling av diverse brosjyrar og henting av informasjon. Ein bør kan
hende også vurdere om ein har den mest ideelle arbeidsdelinga for kundar som
skal ha med arbeidskontor eller trygdekontor å gjere.
Eg går ut frå at Lånekassa også har
henta ut den store gevinsten som bruk av ny informasjonsteknologi har gjeve
høve til. Når Lånekassa sitt styre i årsmeldinga likevel erkjenner at den
servicen kundane reiser krav om, ikkje blir godt nok dekt opp, tyder det på
vilje til å løyse den oppgåva dei har, men dei manglar kan hende nødvendig
spelerom og ressursar til å makte det.
Til slutt vil eg legge til at gjennom
året blir ein kjend med enkeltsaker frå unge eller deira føresette som
Lånekassa synest å ha brukt mykje arbeidskraft for å vere mest mogleg
vanskeleg i forhold til. Dersom Lånekassa sin kundeservice er prega av for
mange slike arbeidsmåtar, har statsråden ei stor oppgåve med å rydde opp i
det. Dei forslaga som Jon Lilletun har reist, dekkjer vi i både innhald og
retning. Så får ein kanskje seinare i debatten drøfte kva slags framdrift
desse må ha for at vi kan få eit best mogleg resultat av den saka som eg
registrerer at både interpellanten og statsråden er opptatt av.
Siri Frost Sterri (H) : Jeg tror jeg kan slå fast at det er bred enighet i
Stortinget om at Lånekassen er et viktig, ja kanskje et avgjørende
utdanningspolitisk virkemiddel nettopp for å sikre lik rett til utdanning.
I så måte er Lånekassen åpenbart en suksess.
Jeg merket meg at Jon Lilletun sa at
denne interpellasjonen på ingen måte var å oppfatte som noen kritikk av
Lånekassens saksbehandling. Jeg er glad for at han tar det utgangspunktet,
selv om jeg merket meg at Marit Nybakk i debatten kanskje hadde noe krasse
utfall, idet hun uttalte at det må være lov å bruke vettet.
Jeg er, som Jon Lilletun, litt opptatt
av å få undersøkt hvilke grenser regelverket rett og slett setter for bruk
av Lånekassens skjønn. At det åpenbart er et kronglete regelverk, er vi vel
mange i dette hus som kan bekrefte. Og jeg er sikker på at statsråden også
vil kunne bekrefte det, ikke minst gjennom alle de brev vi som
stortingsrepresentanter sender til ham på vegne av lånekunder som på en måte
har møtt veggen i Lånekassa.
Jeg leste en bok en gang av Agatha
Christie som het « Guds kvern maler langsomt ». Jeg må oppriktig talt si at det
var statsrådens svar på denne interpellasjonen som fikk meg til å tenke på
boktittelen, for det er sannelig ikke store omdreininger på kverna i
departementet heller, når jeg registrerer at statsråden nå vil gi klarsignal
til Lånekassen for arbeidet som de ønsker å sette i gang med å gjennomgå og
forenkle regelverket. Jeg har lyst til å minne statsråden om at det faktisk
er 1 år og 3 måneder siden en enstemmig komite bad statsråden om å vurdere
regelverket i Lånekassen. I budsjettinnstillingen for 1996 uttalte vi at vi
følte at regelverket var for komplisert og uoversiktlig og bad om at
arbeidet med dette ble satt i gang. Selv om et vedtak i Stortinget er et
pålegg til Regjeringen, trodde jeg oppriktig talt at hva et komiteflertall,
eller som i dette tilfellet en samlet komite, har uttalt, også skulle være
styrende for departementets arbeid.
Men la nå det ligge. Statsråden har
nå bekreftet at det arbeidet blir igangsatt. Det er jeg veldig glad for,
for jeg tror, som interpellanten, at her er det spørsmål om et kronglete,
komplisert regelverk, men kanskje også et ønske fra deler av dette hus om å
gjøre politiske endringer i det regelverket som er bestående.
Jeg har en henstilling til
forslagsstilleren, knyttet til hans forslag. Jeg vil be om at han vurderer
oversendelse. Vi er ikke uenig i elementene her, men de er veldig
detaljert, så jeg vil be om at de blir vurdert omgjort til
oversendelsesforslag.
Hilde Bergebakken (SV) : Det er ingen tvil om at regelverket i Lånekassa er
innviklet og lite oversiktlig. En forenkling av regelverket vil være til
det beste for alle parter. Men etter min mening begynner vi i feil ende.
Vi har i de siste årene sett en sterk økning av studentmassen ved
universiteter og høyere utdanning. Jeg kan være fristet til å mene at
Regjeringa har brukt universiteter og høgskoler som arbeidsledighetstiltak
blant ungdom. Politikken på dette området har vært lite gjennomtenkt og
planlagt. Det har ført til at stadig flere kommer ut av universitetet med
en stor studiegjeld og store vanskeligheter med å skaffe seg arbeid. Dette
har igjen ført til et stort press på Lånekassa.
SV mener at utdannings- og
kunnskapsmotivert ungdom er en ressurs. En videreutvikling av nasjonens
kunnskapskapital er viktig for å kunne møte utfordringene fra ny teknologi
og kravet om å utvikle en økonomi som respekterer naturens tålegrense. Det
er derfor viktig at alle som ønsker høyere utdanning, må sikres rett til
det. Men en slik rett forutsetter en videre utbygging av kapasiteten til
dagens utdanningssystem, og ikke minst forutsetter det en god
studiefinansieringsordning. En stipendandel på 40 % og en rente på godt
under markedsrentenivå vil gjøre hverdagen enklere og gjeldspresset
betydelig mindre for ferdigutdannet ungdom.
Rentenivået i Norge er nærmest i fritt
fall, og det generelle rentenivået ligger på 5 %. Renta på studielån er 6 -
6,5 %. Situasjonen er altså at staten tjener penger på tidligere studenter.
SV mener det er et viktig prinsipp at renta på studielån er politisk styrt,
men da må den også styres. Vi håper i den forbindelse at vi får gjennomslag
for å sette ned renta med 1 % når forslaget kommer opp i Stortinget senere i
vår.
Høy studiegjeld kombinert med høy
rente fører til at flere og flere har problemer med å betjene sine lån i
Lånekassa. Det er viktig at reglene i Lånekassa er slik utformet at de som
har kommet i en vanskelig situasjon, vet hvilke muligheter og hvilke
rettigheter de har. Men etter min mening vil en forenkling av reglene for
Lånekassa ikke gjøre noe med selve problemet: at dagens ferdigutdannede
ungdom sitter igjen med en altfor stor gjeldsbyrde. Det kan derimot en
bedret studiefinansieringsordning med høyere stipendandel og lavere
studierente gjøre.
May Helen Molvær Grimstad (KrF) : Det er viktig å legge forholda til rette
slik at folk får ta ei god utdanning og ei utdanning dei ønskjer. Ei god
studiefinansieringsordning er her svært viktig, og det er gledeleg at
stipenddelen har auka, noko som Kristeleg Folkeparti har jobba aktivt for.
Statsråd Reidar Sandal uttalte i
Sunnmørsposten 15. februar:
[Neste innlegg av Marit Nybakk]
[Neste innlegg av Jørgen Holte]
[Neste innlegg av Siri Frost Sterri]
[Neste innlegg av Hilde Bergebakken]
« Ungdom bør ikke vegre seg for å ta utdanning fordi de pådrar seg gjeld. Utdanning er investering i egen livskvalitet. »
Vidare uttalte statsråden:
« De må legge vekt på hva de selv har lyst til og hva de kan tenke seg å arbeide med i framtida. »
Dette er eg hjartans einig i.
I dag får ein ikkje lån i Statens lånekasse for utdanning når ein er under 18 år. For dei aller fleste er ikkje dette noko problem, men det finst ei lita gruppe der dette er eit verkeleg stort problem. Eg vil her trekkje fram eit konkret eksempel for å illustrere det: Ei 15 år gamal jente begynte på Central School of Ballet i London. I staden for å ta vidaregåande skule kvalifiserte jenta seg ved sida av grunnskulen ved å gå på ballettskule om ettermiddagen, og ho gjennomførte formelle eksamenar i ballett. Ho har dermed kome inn på ein kjend balletthøgskule i London.
Jenta det er snakk om, har eit stort talent. Ho får ikkje lån i Statens lånekasse fordi ho er under 18 år. Foreldra må ta opp privat lån, med pant i bustad. Denne belastninga kan bli så stor at ho må avbryte utdanninga. På toppen blir kunstfagstipendet no kraftig redusert. Då vil eg seie til statsråden: Det hadde vore så bra om dei flotte utsegnene han hadde i Sunnmørsposten, hadde gjeldt alle, også denne gruppa.
Ballett er eit yrke der karrieren er veldig kort. Dess seinare ein kjem i gang, dess mindre er sjansane for å lykkast. Ved å vente med å begynne på balletthøgskulen til ein er 19 år for å oppnå lån i Statens Lånekasse, blir karrieremoglegheitene reduserte. Dette er heilt spesielt for ballettyrket.
Er statsråden villig til å opne for bruk av skjøn, slik at ein unntaksvis kan få lån når ein er under 18 år? I dette eksemplet vil vedkomande vere ferdig utdanna, med fullgod utdanning, når ho er 19 år og allereie då vere klar til å begynne å betale tilbake på studielånet. Men det store problemet er at ho blir nekta å få lån. Dette er altfor firkanta. Det viser seg at det ikkje er moglegheit for å bruke skjøn i dagens regelverk. Eg håpar statsråden vil vurdere dette.
Trond Mathisen (A) : Det er vel en gjennomgripende enighet i denne sak om at man bør ha regler som best mulig tjener de hensikter man har. Det er da interessant å følge Senterpartiet, som mener at reglene er for firkantet. Representanten Jørgen Holte sier at Statens lånekasse gjør det mest mulig vanskelig for enkeltsøkere i enkeltsaker.
Mener representanten Jørgen Holte at Lånekassa ikke følger sine retningslinjer eller bevisst feiltolker reglene for å være mest mulig vanskelig? Slik jeg oppfatter det, signaliserer representanten at dette kan være mulig. Jeg syns det er ganske sterkt å påstå noe slikt når vi snakker om ansatte i Statens lånekasse, som selv ikke har mulighet til å delta i debatten her. Jeg syns man bør ha rett til å vite helt klart hva Senterpartiet og Jørgen Holte mener. Slik jeg ser det, ber vi - punkt 1 - om regler som er myke, som ved tolkning kan felle inn en del problemstillinger. Samtidig er Senterpartiet oppe og hamrer løs om at reglene er for firkantet. Det ville være interessant å få vite om man ønsker firkantede regler med tolkninger, og da ta de tolkningene som kommer, eller om man skal ha helt rigide regler.
Presidenten: Fleire har ikkje bedt om ordet.
Då gjev eg til slutt ordet til
interpellanten og deretter til statsråden, dersom han ønskjer det.
Jon Lilletun (KrF) : Det som er heilt klart etter denne debatten, er at det er semje om at Lånekassa framleis skal vere den sentrale institusjonen for å skape likeverdige forhold for norsk ungdom som tek utdanning. Likeins er det semje om at det er nødvendig med ei forenkling. Eg oppfatta òg ut frå m.a. representanten Nybakk sitt innlegg, at det er eit fleirtal som ønskjer høve til større grad av skjønn enn det dagens forskrifter gjev moglegheit for. Det er på ein måte det eg tek opp i forslaga som er fremja frå Kristeleg Folkeparti i dag.
No er det kome fleire oppmodingar om at forslaga skal gjerast om til oversendingsforslag. Eg har ikkje noko ønske om å få desse nedstemde, men samstundes er det veldig mange praktiske eksempel på at det er behov for at Stortinget, slik det står i forslag nr. 2 her « ber Regjeringa foreta ein generell gjennomgang av føresegnene til Statens lånekasse for utdanning med sikte på å lette høvet til bruk av skjønn i saker som vedkjem sjukdom, fødsel, krav til opphald på studiestaden » - der var premissen, slik eg sa innleiingsvis, i forhold til studium på høgare nivå og likeins avslutning på eit studium - « og varig svekt inntektsevne etter helseknekk ».
Her er det mange som i dag sit i ganske dramatiske situasjonar, og som eg ønskjer at vi skulle kunne gje hjelp. Derfor hadde eg ønskt ei avstemming som på ein måte gav moglegheit for at dette kunne gå vidare. Men då eg ikkje ønskjer dette forslaget nedstemt, ber eg om at statsråden i sitt innlegg stadfester at intensjonane i dette framlegget er i samsvar med hans syn på den gjennomgangen som no skal komme. Då kan eg tenkje meg å gjere om forslag nr. 2 til eit oversendingsforslag.
Når det gjeld forslag nr. 3, kan eg akseptere det same.
Når det gjeld forslag nr. 4, har ingen kommentert det. Eg oppfattar det som om det burde vere sjølvsagt at det skal vere likebehandling og rettferdig behandling. Dersom det er slik at det kan alle ta stilling til, ber eg om at vi har realitetsavstemming over det forslaget. Viss ikkje, må det òg bli oversendt. Eg går ut frå at det er så sjølvsagt at ein burde kunne gå inn for det, men det ber eg då om å få høyrt i stemmeforklaringane.
Statsråd Reidar Sandal : La meg først som eit apropos til debatten om sambuarar og gifte sine rettar, gjere merksam på og minne om at etter reglane i dag er det slik at sambuarar blir behandla som gifte dersom dei har felles barn når dei søkjer lån i Statens lånekasse for utdanning. Eg føler det er viktig å streke under dette, slik at ein ikkje dreg slutningar på grunnlag av feilaktige resonnement.
Så var det representanten Frost Sterri, som meinte at det frå mi side ikkje blei tatt omsyn til dei synspunkta som Stortinget hadde hatt tidlegare. Det er sjølvsagt slik at det forenklingsarbeidet som eg har gjort greie for, blir drive kontinuerleg. Og det konkrete tilfellet som det blei vist til i representanten Frost Sterri sitt innlegg, er ikkje ei sak som eg berre har interessert meg for i dag. Faktisk blei jo dette forenklingsarbeidet sett i gang i fjor, så det er ingen grunn til den dramatiseringa som det blei gjort forsøk på.
Så konstaterte eg at representanten Molvær Grimstad var fornøgd med dei råda eg hadde gitt til unge utdanningssøkjande, at dei må velje utdanning ut frå interesse og anlegg og òg ha blikk for kva arbeidsmarknaden vil vere i åra som kjem. Når det gjeld det konkrete tilfellet som ho bad meg ta stilling til, trur eg nok ikkje Stortingets talarstol er den beste arenaen for konkret saksbehandling, men eg har merka meg dei synspunkta som ho har gitt uttrykk for.
Så har eg lyst til å gjere merksam på at det faktisk er sendt over eit konkret forslag frå Lånekassa om å få til ei betre informasjons- og telefonteneste. Det er eit klart apropos til det innlegget som interpellanten hadde, og for så vidt òg til dei forslaga som han har sett fram. Dette forslaget er no til vurdering i departementet, og vi vil sjå det i samanheng med budsjettarbeidet framover.
Generelt har eg lyst til å seie at eg meiner eg har opna i positiv grad for ein gjennomgang med sikte på å få til forenklingar og forbetringar, men likevel ut frå den føresetnaden at det ikkje må bli ei forenkling på kostnad av grunnleggjande rettar for dei økonomisk svake søkjarane til å skaffe seg lån eller stipend i Lånekassa.
Presidenten: Interpellasjonsdebatten er dermed over.