Header dokumenter

Stortinget
Møte tirsdag den 11. mars kl. 11 1997


Sak nr. 4
Interpellasjon fra representanten Jorunn Ringstad til justisministeren:
« Den desentraliserte modellen kjenneteiknar den norske politi- og lensmannsetaten. Modellen, der politi og lensmenn er synlege og kjende i lokalsamfunnet, er viktig i arbeidet med å oppklare og førebyggje kriminalitet. Grunnstamma i nærpolitimodellen er lensmannsetaten. Samtidig er det erkjent at ein må gå vidare med å desentralisere politimodellen i dei store byane, etter ein såkalla områdepolitimodell. Eit fleirtal i Stortinget har gjentatte gonger, seinast i
B.innst.S.nr.4 (1996-1997), sagt at ein ikkje vil ha sentralisering i lensmannsetaten. I Fase II, som no er i gang i politi- og lensmannsetaten, blir talet på lensmannsdistrikt vurdert.
Kva føringar vil statsråden leggje på arbeidet i Fase II i organisasjonsutviklinga for å sikre at Stortinget sine intensjonar blir ført vidare over heile landet? »

TALERE:


       Jorunn Ringstad (Sp) : Det som har prega politi- og lensmannsetaten i landet vårt, er den desentraliserte modellen. Denne modellen har vist seg å vere effektiv både med omsyn til førebyggjande arbeid og når det gjeld oppklarande arbeid. Grunnstamma i denne desentraliserte modellen er lensmannsetaten, der hovudregelen har vore at kvar kommune har hatt sitt lensmannskontor, med sin lensmann. Etter Senterpartiet si meining bør dette også vere ein hovudregel i framtida.

       Det som kjenneteiknar lensmannsetaten, er at med denne desentraliserte modellen blir dei tilsette ved lensmannskontoret synlege i lokalmiljøet, og dei får god kunnskap om distriktet dei skal arbeide i. Dette er til stor hjelp i det daglege arbeidet. Det gir m.a. eit godt utgangspunkt i det førebyggjande arbeidet, som er ein viktig del av etaten sine oppgåver. Dessutan er det lettare å etterforske eit lovbrot når ein har god lokalkunnskap. Det har òg vist seg at dette gir eit godt utgangspunkt for å kunne ta kontakt med personar som kanskje kan gi opplysningar om eit lovbrot, og det blir også lettare for dei som har opplysningar, å ta kontakt med lensmannskontoret.

       Ein lensmannsetat som er synleg og til stades, gir tryggleik og er ein føresetnad for å yte god service til folk. Frå min eigen kommune, der eg har fleire tiårs erfaring som lærar og dermed har hatt nær kontakt med dei unge innbyggjarane, og også frå dei åra eg var ordførar i kommunen, kunne eg - om tida hadde tillate det - ha kome med mange eksempel på korleis ulike etatar i kommunen i samarbeid med lensmannsetaten både avverja og oppklara episodar før dei vart tal i ein kriminalstatistikk. Dei oversiktlege einingane og det naturlege samarbeidet mellom ulike etatar som vi finn i denne desentraliserte modellen, har fått mange unge som har vore i ferd med å få eit kriminelt rulleblad, til å kome på rett kjøl att.

       I dag verkar det som det gode resultatet lensmannsetaten har i det førebyggjande arbeidet - og dermed er med på å hindre kriminalitet - blir brukt mot etaten. Statistikken frå mange lensmannsdistrikt held seg på eit minimum. Dette kan vere og er i mange tilfelle eit resultat av den effekten som kjem av at politi her har stor nærleik til og integrasjon med det publikum dei skal tene. I staden for å bruke som argument for samanslåing av distrikt at dei har lite å gjere, som det blir sagt, bør ein innsjå at den låge kriminalstatistikken er eit godt argument for å byggje vidare på den desentraliserte modellen.

       Fleirtalet i justiskomiteen har fleire gonger i merknader til budsjetta og også i andre saker som gjeld politi- og lensmannsetaten, streka under dei positive sidene ved den desentraliserte modellen. Eg skal ikkje bruke tid til å sitere frå alle innstillingane der dette er nemnt. Eg skal nøye meg med å sitere to - tre linjer frå B.innst.S.nr.4 (1996-1997), der det m.a. står:

       « Derfor er flertallet opptatt av at en ikke organiserer for store vaktregioner og sentraliserer på annen måte. »

       Arbeidarpartiet er ikkje med på denne merknaden, men når alle dei andre partia i komiteen er med, er det eit fleirtal - ja eit stort fleirtal - i Stortinget som har denne klare meininga om politi- og lensmannsetaten. Stortingsfleirtalet meiner altså at den desentraliserte modellen, den desentraliserte strukturen for denne etaten, skal haldast ved lag. Ja, det har òg fleire gonger vore gjeve uttrykk for at medan denne desentraliserte modellen tidlegare først og fremst prega lensmannsetaten, bør denne modellen i større grad også byggjast vidare ut i dei store byane. Erfaringane så langt har eg oppfatta som udelt positive.

       Politi- og lensmannsetaten er i dag inne i Fase II i organisasjonsutviklinga som pågår. I denne fasen skal m.a. talet på lensmannsdistrikt vurderast.

       På ulike måtar har eg vorte kjend med at Justisdepartementet har bedt politimeistrane om å kome med framlegg om lensmannsdistrikt der det kan vere aktuelt å føreta reguleringar eller samanslåingar. Då dei fyrste framlegga frå politimeistrane ikkje inneheldt så mange konkrete framlegg om samanslåing, vart dei pålagde å kome med fleire konkrete framlegg til nedleggingar/reguleringar. Munnleg skal ein del av politimeistrane ha vorte fortalde at dei måtte kome med « spenstige » framlegg. Det er vel dette som er bakgrunnen for at ein av politimeistrane i mitt heimfylke ifylgje ei av lokalavisene har uttalt at det er nok med fem lensmannskontor i hans politidistrikt. Dette ville i så fall innebere at to tredelar av eksisterande lensmannskontor skal vekk.

       Dette er heilt klart langt frå det som stortingsfleirtalet har gjeve klart uttrykk for fleire gonger, nemleg at vi skal byggje vidare på eit politi med nærleik og tilknyting til lokalmiljøa. Eg forventar difor at justisministeren syter for at stortingsfleirtalet sine klare signal blir fylgde opp. Det er no vi er inne i organisasjonsutviklinga. Det er no vi har sjanse til å fylgje opp det Stortinget har sagt.

       Med dei gode erfaringane vi har med den desentraliserte politi- og lensmannsetaten utover i landet, er det viktig i den utviklinga som no går føre seg, at vi tek vare på det positive i den strukturen vi har. Vi må vere på vakt så vi ikkje raserer ein struktur for å oppnå ein effekt som ikkje er politifagleg grunngjeven.

       Litt av effekten av det som kan bli resultatet av store lensmannsdistrikt, ser vi alt i dag der det er organisert store vaktområde. Avstandane i ein del av desse vaktdistrikta er så store av det kan gå opptil to timar frå vakthavande får melding om ei hending som gjer det nødvendig å rykkje ut, til vakthavande er komen fram. Er dette trafikkulukker, brann eller andre alvorlege hendingar, er ikkje dette akseptabelt. Eg har snakka med tenestemenn som har fått slike meldingar når dei har vore på vakt, og som veit at dei ikkje når fram før det har gått nærare to timar. Dette føler dei som ei ekstra belastning, og det er med på å gjere eit frå før tøft og krevjande arbeid endå hardare. Fleire av dei eg har snakka med, fortel at dei løyser ein slik situasjon ved å prøve å nå tenestemenn som har fri, men som bur nærare ulukkesstaden. Er dei heldige, finn dei ein som rykkjer ut i fritida si. Men slik kan vi ikkje ha det. Vi kan ikkje basere politiet sitt arbeid i delar av landet på flaks, at det skal vere råd å finne ein politimann som har frivakt, og som kan rykkje ut slik at politiet er framme i rimeleg tid.

       Ei anna side ved dei store avstandane er at mykje tid går bort i reise ved mange utrykkingar. Dei tilsette må difor vurdere nøye i kva situasjonar det er nødvendig å rykkje ut. Terskelen for å rykkje ut har vorte klart høgare, seier fleire av dei som arbeider i slike store vaktdistrikt. Sjølvsagt ser dei tilsette positive sider ved t.d. at dei har fått litt fleire frihelgar enn før, men til gjengjeld er mange av dei vaktene dei har, ei mykje større belastning enn før. Det blir fleire vanskelege avgjerder å ta der dei må stille spørsmålet: Er det nødvendig å rykkje ut eller ikkje? Dei tilsette gjev klart uttrykk for at det ikkje er lett å vere så restriktive som nødvendig og vite at dei ikkje kan yte den same servicen overfor publikum som tidlegare.

       Når politi- og lensmannsetaten sin terskel for å rykkje ut blir høgare, blir ein konsekvens av dette at publikum også får ein høgare terskel for å melde frå når ting skjer. Når politiet etter ei melding likevel ikkje rykkjer ut, vil nok folk i større grad ta skeia i eiga hand. Resultatet kan bli borgarvern, og private vaktselskap må gå ei lys framtid i møte dersom dette er ei utvikling som skal halde fram. Er det ei slik utvikling vi ynskjer?

       Det som skjer i politi- og lensmannsetaten, opptek og uroar mange rundt om i landet. Når det gong etter gong kjem signal som gjer at det blir grunn til å stille spørsmålet om stortingsfleirtalet sine klare utsegner om å vidareutvikle den desentraliserte modellen fylgde opp, er det nødvendig med ei avklaring av kva som skal skje i tida framover. Eg vonar at statsråden kan bidra til dette i debatten i dag.


[Neste innlegg av Jorunn Ringstad]

Statsråd Gerd-Liv Valla : La meg først forsikre representanten Ringstad om at Regjeringen står fast på nærpolitimodellen. For å verne om nærpolitimodellen er det viktig å sørge for en god ressursutnytting i politi- og lensmannsetaten. Organisasjonsutvikling er ett blant flere viktige virkemidler i så måte.

       De sentrale føringene for det lokale arbeidet med Fase II i OU-prosessen ble faktisk lagt så tidlig som i april i fjor. Da sendte departementet ut et rundskriv - G-27/96 - til politimestrene der en bad dem sette i gang utredning om grensereguleringer mellom driftsenheter i etaten, og kom med henstilling om å komme fram med forslag til nødvendige endringer. De tilsattes organisasjoner fikk anledning til å delta i utformingen av disse føringene. Det er gitt både innholdsmessige føringer og føringer for hvordan politimesteren skal gå fram i utredningsarbeidet.

       Det er viktig for meg å understreke at det er den administrative delen av etaten vi nå ser på spesielt. Det er det som er den sentrale målsettingen for Fase II i organisasjonsutviklingsarbeidet, så langt jeg nå har klart å få dette brakt på det rene. Dette vil kunne frigjøre ressurser til utadrettet politiarbeid og bedre service for publikum.

       Men det er uttrykkelig også slått fast at effektiviseringstiltak ikke må komme i strid med målsettingen om at vi skal ha et desentralisert politi som er synlig i lokalsamfunnet. Det er videre slått fast som forutsetning for arbeidet med grensereguleringer at vakttjenesten og publikumsservicen må bli minst like god som tidligere,

       og at antallet tjenestesteder i hovedsak skal opprettholdes.

       Jeg har merket meg at også Stortinget har vært opptatt av å få gjennomført utviklingstiltak med basis i nettopp slike hensyn. Jeg viser til justiskomiteens innstilling ved behandlingen av kriminalmeldingen, hvor det ble sagt:

       « Flertallet vil peke på at vi i dag har et desentralisert politi, med 54 politikamre og 370 lensmannskontorer. Flertallet er enig i en slik desentralisert struktur. Flertallet ser likevel at det i fremtiden kan bli behov for å foreta justeringer av politigrensene. »

       Antallet driftsenheter i politi- og lensmannsetaten og de geografiske områdene som de har ansvaret for, er resultat av en lang historisk utviklingsprosess. Det har skjedd store endringer i samfunnet gjennom de seneste tiår når det gjelder både kommunikasjonsmønster, folketall og kriminalitetsbilde. Regjeringen må ta ansvar for å utvikle etaten slik at den er organisert på en slik måte at disse utviklingstrekkene blir tatt hensyn til, ikke minst på grunnlag av de endringene som nylig er gjennomført i Fase I av organisasjonsutviklingen, med innføring av nye organisasjonsplaner for politidistriktene.

       Det er en målsetting å ha et desentralisert politi. Og det er en målsetting å ha små desentraliserte enheter som har store fordeler av lokalkunnskap. Dette er meget viktig. Tjenestemenn bor ofte i nærmiljøet, og deres deltakelse i samfunnslivet gir innsikt og kontakt som kan brukes i tjenesten. Det betyr at en i det enkelte tilfellet må vurdere hvilke hensyn en finner å ville legge mest vekt på.

       Jeg vil sterkt understreke at jeg mener at lensmannskontorene representerer en meget verdifull tradisjon i polititjenesten, med nærhet til publikum og med lokalkunnskap. Det blir i mange sammenhenger også fremhevet at lensmannsetaten har svært gode forutsetninger for å drive forebygging av kriminalitet. Det var interpellanten mye inne på. Slikt sett blir lensmannskontorene på mange vis et eksempel på god organisering av politi- og lensmannsetaten.

       Vakttjenesten i lensmannsdistriktene blir i dag i all hovedsak ivaretatt gjennom reservetjeneste, dvs. såkalt hjemmevakt. Det betyr at utrykninger utenom vanlig kontortid må skje ved bruk av overtid. Terskelen for utrykning kan derfor bli svært høy. Reservetjeneste med hjemmevakt setter også klare grenser for hvor langt en kan komme med hensyn til å forebygge kriminalitet. Her mener man at mye kan gjøres gjennom å utvikle vaktsamarbeidsordninger. Slike ordninger vil føre til at flere lensmannskontor kan erstatte reservetjenesten med mer aktiv tjeneste på kvelds- og nattetid. Gjennom en slik omlegging av tjenesten vil terskelen for utrykninger kunne senkes betraktelig, og en vil også kunne drive forebygging av kriminalitet i et mye større omfang.

       Alle de hensyn jeg nå har pekt på, vil være viktige føringer i denne organisasjonsutviklingsprosessen. Jeg ser ikke at det automatisk trenger å være noen motsetning mellom det å ta hensyn til det jeg nå har nevnt, og å komme til det resultatet at det kan være tjenlig med noen sammenslåinger. Det må nemlig gjøres en konkret vurdering i det enkelte tilfellet.

       Målet for de vurderinger som skal gjøres i det enkelte tilfellet, må være en bedre vakttjeneste og at stillinger som i dag er knyttet til administrative funksjoner, på noe sikt kan frigjøres til aktiv polititjeneste. I praksis vil det si at funksjoner innenfor økonomiforvaltning, personalarbeid, planlegging av virksomheten osv., kan samles på en plass for flere av de driftsenhetene vi har i dag.

       Jeg understreker igjen at slike sammenslåinger må vurderes svært nøye. De må settes inn i en helhetlig vurdering, hvor vi ser på det jeg nå har nevnt, som muligheten for bedre vakttjeneste, muligheten for å utvikle større stabilitet i mannskapsstyrken, og om det kan være noen faglige og administrative fordeler ved sammenslåingen, slik at en mindre del av ressursene går til administrasjon.

       Når det gjelder måten arbeidet med slike spørsmål skal foregå på, er den viktigste forutsetningen at arbeidet starter lokalt. Politimesteren skal under arbeidet trekke de ansattes organisasjoner med i arbeidet og holde nær kontakt med lokale myndigheter. Forslagene skal også legges fram for kommunene til uttalelse før man sender disse til Justisdepartementet.

       Jeg vil understreke at i de tilfeller politimesteren kommer med forslag om sammenslåing, vil vi i vurderingen i departementet ta nøye hensyn til Stortingets synspunkter, ikke minst slik de kom fram i B.innst.S.nr.4 (1995-1996), der det heter at en forutsetter at endringene ikke går ut over tilbudet til publikum, og at det ikke blir lagt ned lensmannskontor dersom dette kommer i strid med nærpolitimodellen.

       Politimestrene ble bedt om å sende inn en foreløpig oversikt til departementet over driftsenheter som kunne komme til å bli omfattet av forslaget om grensereguleringer. Denne oversikten kom 7. juni i fjor. Departementet vurderte denne oversikten i forbindelse med de overordnede målsettingene som ligger til grunn. Det viste seg at departementets forutsetninger har blitt tolket noe forskjellig av de ulike politimestrene. Departementet har vært opptatt av at utredningsarbeidet skulle skje ut fra et felles siktemål i de ulike politidistrikt, og har gjennomført dialogmøter med en rekke politimestre der en har diskutert hvordan det videre arbeidet bør legges opp.

       Alle endelig innsendte forslag til grensereguleringer har blitt og vil bli håndtert i Justisdepartementets referansegruppe for Fase II i organisasjonsutviklingsprosessen, der de ansattes organisasjoner er representert på sentralt nivå.

       Departementet har i dette arbeidet brukt mye tid på å lytte til synspunkter fra de berørte parter og kommunene, og det vil vi fortsette med i den videre prosessen.

       Til slutt vil jeg si at jeg faktisk er glad for at jeg har fått denne anledningen til å svare på dette temaet i Stortinget. Jeg er veldig opptatt av det som representanten Hiim sa i den forrige saken, da vi diskuterte embets-

       reguleringer: Det er hensynet til publikum som må være i front her. Og det legger jeg og min regjering til grunn også når det gjelder arbeidet med politi- og lensmannsetaten.


[Neste innlegg av Statsråd Gerd-Liv Valla]

Jorunn Ringstad (Sp) : Eg oppfattar innlegget til statsråden meir som ein generell omtale av politi- og lensmannsetaten. Statsråden kom med ein god del positiv omtale av lensmannsetaten, det som har vore og det som er, den positive omtalen kan eg fullt ut slutte meg til.

       I interpellasjonen min, derimot, har eg stilt ein del meir konkrete spørsmål, og dei følte eg at det ikkje kom noko svar på. Statsråden sa at ho ikkje kunne sjå at det ikkje kunne vere tenleg med enkelte samanslåingar. Men då må eg stille spørsmålet: Kva legg justisministeren i enkelte samanslåingar og enkelte endringar, når vi konkret veit at det frå departementet fyrst har gått skriftleg beskjed til politimeistrane om å kome med forslag? Når ikkje det vart omfattande nok, har det kome delegasjon som munnleg har sagt frå at her skal det kome « spenstige » forslag. Og når eg i eige fylke som konkret eksempel kan nemne ymt frå ein politimeister om å leggje ned to tredelar av dei lensmannskontora som er i hans distrikt - og det er eit distrikt som dreier seg om ein 15 - 16 kommunar - begynner det å bli litt vanskeleg for meg å forstå samanhengen mellom enkelte justeringar og samanslåingar og det store talet som det blir operert med. Og « spenstige » forslag oppfattar ikkje eg som « enkelte samanslåingar ».

       Eg meiner at utgangspunktet må vere at vi i hovudsak skal ha den strukturen som vi har i dag. Det er det Stortinget har sagt. Det er det eit stort fleirtal står bak.

       Eg vil på nytt streke under det Stortinget har sagt om at lensmannsetaten skal vere ein modell for utvikling av nærpoliti også i byane. Det må ikkje bli slik at samtidig som ein byggjer ut nærpolitimodellen i byane, skal denne modellen bli rasert i distrikta. Vi må sikre at folk, same kvar i landet dei bur, har eit fullverdig politi i rimeleg nærleik, der dei kan få utført dei tenestene som er lagde til politiet. I den samanhengen kan eg òg nemne at dagbetente politipostar er ei dårleg erstatning for fullverdige lensmannskontor. Vi må vere klare over at ei samanslåing kan føre til at enkelte distrikt blir urimeleg store.

       Laurdag den 1. mars uttalar ein politimeister i Firdaposten, som er ei lokalavis i mitt heimfylke:

       « Man vil med rette kunne hevde at etaten er dårligere rustet til å sørge for trygghet, orden og lovlydighet, og mindre serviceytende. »

       Ein slik etat kan vi ikkje vere med og utvikle.


[Neste innlegg av Jorunn Ringstad]

Statsråd Gerd-Liv Valla : Jeg må legge til grunn at jeg gir uttrykk for noen holdninger i mitt svar til representanten Ringstad, og de holdningene står jeg veldig fast på.

       Jeg har skjønt Stortinget dithen, bl.a gjennom det jeg har lest i justiskomiteens innstilling til behandlingen av kriminalmeldingen, at flertallet, som de skrev, er enig i den desentraliserte strukturen vi har, men at flertallet « ser likevel at det i fremtiden kan bli behov for å foreta justeringer av politigrensene ».

       Jeg skal være så ærlig - og ærlige tror jeg vi skal være i politikken - å si at jeg har ikke hatt mulighet til å gå konkret inn i det som har blitt sendt ut, og det som har kommet inn. Men det skal jeg gjøre. Jeg har skrevet et brev til interpellantens partifelle, Johan J Jakobsen, hvor jeg har sagt at jeg er meget opptatt av arbeidsbetingelsene for politi- og lensmannsetaten. Det står jeg fast på. Jeg kommer fra tjukkeste landsbygda selv og vet hva det betyr med nærhet til ulike tjenester. Og jeg har ikke oppfattet at den regjering som jeg er medlem av, har som siktemål å bryte ned dette med nærpoliti i byene, områdepolitimodellen. Dette er noe som jeg faktisk er veldig opptatt av.


[Neste innlegg av Statsråd Gerd-Liv Valla]

Olav Akselsen (A) : Det har heile tida, så lenge organisasjonsutviklingsprosessen har gått føre seg, vore ein klar føresetnad at ein òg skulle sjå om dagens grenser i etaten er dei som er mest eigna. Dette har det vore stor semje om blant dei partane som dette vedkjem. At enkelte no ikkje likar det som kan bli resultatet av den såkalla Fase II, var vel òg å venta seg.

       I alle organisasjonar finst det ein viss tregleik eller motstand mot endringar. Personleg synest eg det er svært viktig at ein tar alle med på råd i den prosessen som no går føre seg, ikkje minst organisasjonane til dei tilsette i etaten. Ein må ikkje opptre slik at det ein eventuelt oppnår av fordelar ved grenseregulering, går til spille gjennom uro eller motstand i etaten. Eg vil òg ta avstad frå endringar og reguleringar for endringa si eiga skuld.

       På den andre sida vil eg åtvara mot ein skyttargravskrig der ein ser på alle endringar som ein styggedom. Utfordringa til oss som politikarar må vera å medverka til at prosessen får gå vidare, og at me ikkje startar ein politisk kamp om konsekvensane alt no.

       Det me derimot må prøva å bli samde om, er premissane for prosessen. Her trur eg faktisk at dei ulike politiske partia står ganske nær kvarandre. Målet må vera ei best mogleg utnytting av ressursane, slik at me får eit synleg og tilgjengeleg politi i heile landet. Løyvingane til politi- og lensmannsetaten har auka med om lag 40 % sidan 1990. I same perioden har ein fått om lag 2 100 nye stillingar til etaten. Det vil vera heilt uansvarleg av storting og regjering om ein ikkje ser på om dagens organisering av etaten er den som er best til å vareta denne veksten. Eg opplever at mange av dei krava og problema som i dag blir påviste av dei tilsette sine organisasjonar og andre, er dei same som då eg blei med i justiskomiteen for åtte år sidan, dette trass i ein enorm auke i budsjetta og i talet på mannskap og ikkje minst ein heilt ny teknologisk kvardag. Dette gjer at me som ansvarlege politikarar må stilla oss spørsmålet om det kan vera ting som kan organiserast på ein annan måte, slik at ein kan frigjera ressursar på ein betre måte enn det som er tilfellet i dag.

       Eg trur ikkje det er stor usemje på dette området i Stortinget i dag. Me er alle opptekne av å følgja dei retningslinene som er vedtekne, og sjølvsagt må statsråden følgja dei signala som kjem frå Stortinget, og som i dette tilfellet har vore samrøystes.


[Neste innlegg av Olav Akselsen]

Eva Lian hadde her overtatt presidentplassen.


       Arild Hiim (H) : Jeg er i all hovedsak enig med interpellanten i hans syn på verdien av å ha en desentralisert politimodell, slik som vi har gjennom lensmannsetaten her i landet. Jeg fikk også intuitivt en følelse av at statsråden har det samme inntrykk av verdien av å ha en slik desentralisert politimodell. Jeg tror, som representanten Akselsen, at vi ser på dette på noenlunde samme vis også i denne sal, selv om bl.a ytringene fra det flertallet vi var med i ved siste budsjettbehandling, ble annerledes enn de som representanten Akselsen kom med under den samme behandlingen.

       Mitt parti har også vært med på å poengtere at det kan være behov for justeringer. Men jeg har en følelse av at enkelte på muligens andre nivå i departementet har lagt mer i dette med justeringer enn det det etter min oppfatning er grunnlag for ut fra Stortingets syn. Det er også statsrådens ansvar å ivareta disse hensyn og sørge for at det som er Stortingets forutsetninger, også ligger til grunn for den behandling som skjer på departementalt nivå. Beskrivelsen av henvendelser til politimestre om at en skal være spenstig i forslagene, syns jeg er å gå langt utover det Stortinget har tillatt. Jeg håper at statsråden bidrar til å stanse tilløp til noe sånt. Det har altså ikke Stortinget ment.

       Jeg har til og med tillatt meg å stille spørsmålet om det er en selvfølge at det er ønskelig med mer synlig politi overalt i dette landet. Jeg vet hvor det er ønskelig med mer synlig politi, ikke minst i denne byen, men om det er ønskelig på Nes i Ådal, hvor jeg selv er fra, er jeg ikke sikker på. Det kan godt være at det er nok at en kan ringe til lensmannsbetjenten, som bor noen kilometer unna, hvis det er behov for det. De kjenner han, de vet at han kommer, og de er trygge på at de får den polititjenesten de trenger når de har behov for det.

       Så er det snakk om vaktsamarbeid. Jeg må få lov til å si, ut fra ti års erfaring i politiet, og etter også som fungerende politimester å ha vært med på å legge opp slikt vaktsamarbeid, at det ikke alltid er en selvfølge at det skal bestå i at vi får to mennesker som kan sitte i en bil og kjøre rundt. Det kan også bety at man har mulighet for å rykke ut sammen når det brenner, selv om man fremdeles står på en reserveliste. Det er fleksibiliteten vi er ute etter, å finne fram til et vaktsamarbeid der det er behov for å ha et synlig politi, men også å bruke ressursene mest mulig effektivt ved andre løsninger der hvor et synlig politi, som sagt, kanskje ikke er en selvfølge.

       Jeg må da til sist, på denne korte tiden, igjen henstille til statsråden: Ta imot de signalene som Stortinget har gitt, de har vi gitt i overbevisning om at det gir oss den beste polititjenesten ut fra de ressursene vi kan stille til disposisjon, også for landpolitiet i Norge. Så la lensmannsetaten leve. Jeg slutter meg til forslagene som representanten Jorunn Ringstad har satt fram.


[Neste innlegg av Arild Hiim]

Anita Apelthun Sæle (KrF) : I Japan har dei koban-stasjonar på kvart hjørne. Det er for tett og ikkje ynskjeleg i Noreg. Men det viser at japanarane trur at eit synleg politi, med kjennskap til nærmiljøet, er viktig for å førebyggja kriminalitet. Det trur Kristeleg Folkeparti også på.

       Politi- og lensmannsetaten har vorte bygd opp som eit nærpoliti i Noreg. Eg høyrer no at statsråden er frå landsbygda og forstår kor viktig lensmannsetaten er i distrikta. Det lovar bra for at den sentraliseringstendensen som politi- og lensmannsetaten er redd for, saman med mange ute i Distrikts-Noreg, ikkje vert ein realitet.

       Alle politiske parti har applaudert tanken om nærpolitimodellen. Kristeleg Folkeparti trur at skal vi oppretthalda og utvikla den, må hovudregelen framleis vera at kvar kommune skal ha sitt lensmannskontor. Sjølvsagt finst det unntak - det er faktisk 40 kommunar som i dag ikkje har lensmannskontor - men normalt vil ein kommune vera ei eining eller ha ei befolkning som gjer at det er naturleg med eit lensmannskontor. Kristeleg Folkeparti meiner at dette er føresetnadene når Stortinget i budsjettinnstillinga seier at vi vil behalda ein desentralisert etat, med tenestemenn med god lokalkunnskap.

       Kristeleg Folkeparti vil ikkje støtta ei utvikling der ein legg ned skulen, posten og lensmannskontoret, for deretter kanskje å leggja ned heile kommunen. Smått er godt. Eit desentralisert samfunn tar betre vare på det nettverket som alle menneske er avhengige av. Kristeleg Folkeparti er naturlegvis positiv til vaktsamarbeid, til lengre opningstid på lensmannskontora og til at polititenestemenn i størst mogleg grad vert brukte ute på gata til det dei er utdanna for, nemleg politiarbeid. Difor har vi styrkt budsjettet til lensmannsetaten kvart år i denne perioden, og vi har vore med på å auka talet på kontorstillingar. Kristeleg Folkeparti er ikkje positiv til ei nedbygging av lensmannskontora slik at desse berre vert dagopne satellittar for eit sentralt plassert lensmannskontor. Slik kan ein utvida tilbodet i bydelane, men ikkje innskrenka det på landsbygda. Vi har ikkje råd til å gi slepp på nærpolitimodellen i Distrikts-Noreg, på same måten som vi ikkje har råd til å strupa politiet med for små løyvingar til drift.

       Konklusjonen frå Kristeleg Folkeparti er at vi ynskjer nærpolitimodellen utbygd i byane, ikkje bygd ned på landsbygda, der den gjennom våre lensmannskontor har fungert i lang tid. Vi støttar naturlegvis framlegga frå Senterpartiet. Eg håpar dette er klargjerande i forhold til det vi har sagt før, både Kristeleg Folkeparti og Stortinget som heilskap.


[Neste innlegg av Anita Apelthun Sæle]

Lisbeth Holand (SV) : Statsråden gav her klart uttrykk for at hun er lydhør overfor Stortingets oppfatning av den framtidige strukturen i politi- og lensmannsordningen. Det foreligger et forslag her nå om at endringa blir gjort i samsvar med det. Men hva er Stortingets ønske om strukturen i politi- og lensmannsetaten? Stortinget og Regjeringen har faktisk sagt veldig tydelig at en ikke ønsker noen vesentlig endring av strukturen.

       I proposisjonen til politiloven sier departementet selv at det ser det som en heldig ordning å ha selvstendige enheter og at en ikke går inn for noen store endringer i den strukturen en har i dag. Den vil en i hovedsak beholde. Det syns jeg var klar tale av departementet, og det førte også til at Stortinget ikke kommenterte det, fordi en var enig. Men Stortinget har, som det er vist til, i flere budsjettinnstillinger funnet grunn til å presisere det, og det er jeg glad for at statsråden merker seg.

       Selvfølgelig kan det være behov for enkelte endringer. Statsråden gikk tilbake til kriminalmeldinga og viste til at komiteen i sin innstilling til denne påpekte at det kunne være aktuelt med enkelte endringer. Ja, det var i 1992. Siden da har en del sammenslåinger blitt gjennomført. Det er en del som er uproblematiske og uten særlig motforestillinger, nemlig der en har lensmannskontor og politikammer på samme sted. Men Stortinget har sagt veldig klart fra at vi ønsker ikke noen sentralisering. Da har jeg lyst til å vise til forskjellen mellom selvstendige enheter - som også departementet i forbindelse med politiloven sa at det ønsket - og en utvikling i retning av å trekke inn administrative ressurser fordi det kan være formålstjenlig å spare midler til operativ tjeneste. Med sånne formuleringer er det veldig uklart hvor en vil havne hen. Men hvis en oppretter politiposter istedenfor selvstendige lensmannskontor, risikerer vi at de politipostene blir svært sårbare. Det er de som vil bli rammet hvis det er mangel på folk på politikammeret: en har ikke tid i dag, eller hvis det er sjukdom, så blir de ikke betjent i dag - det blir en ustabil tjeneste.

       Jeg ser på det som skjer i forholdet mellom Sørfold og Fauske som en prinsippsak i så måte.


[Neste innlegg av Lisbeth Holand]

Edvard Grimstad (Sp) : Jeg vil takke statsråden for hennes holdning i denne saken, som tyder på at hun er helt på linje med det flertallet i Stortinget i alle år har gått inn for.

       Når hun refererer til det flertallet som i innstillingen til kriminalmeldingen i 1992 - jeg var i justiskomiteen, men hørte ikke til flertallet, det bestod av Arbeiderpartiet, Høyre og Kristelig Folkeparti - ville se på en justering av politigrensene, mener jeg å huske at det gikk mer på de 54 politikamrene. 54 politikamre var kanskje rent administrativt for mange i den norske struktur, slik at man her så på sammenslutninger, ikke i samme grad når det gjaldt lensmannskontorene. Jeg vil også si at justeringer er ikke sammenslutninger, det er korrigeringer av grensene innenfor små områder.

       Vi har allerede hørt at det under behandlingen av kriminalmeldingen var enstemmighet om nærpolitimodellen. Årsakene er åpenbare. Et politi nær knyttet til små lokale enheter av vårt samfunn, og som i tillegg har sivile oppgaver som gjør at politiet blir et serviceorgan for befolkningen på mange områder, kommer publikum nær og kan utføre store tjenester også på det politimessige området, fordi de har så nært kjennskap til sitt samfunn. Et slikt nærpoliti er vår lensmannsetat, og det har alle de kvalitetene vi ønsker.

       Men hva har skjedd? La meg prøve en opplisting: Arbeiderpartiet, Høyre og Kristelig Folkeparti bestemte at lensmannsetaten administrativt skulle overføres fra fylkesmannen til politimestrene. Dette er gjennomført. Så kom neste trekk, som det, så vidt jeg kan huske, ikke har blitt bedt om fra Stortingets side, nemlig at budsjettene for politi- og lensmannsetaten ble slått sammen, slik at Stortinget ikke lenger hadde mulighet til å følge med i hvor mye som skulle bevilges til lensmannsetatens og politiets ulike aktiviteter. Det skapte naturligvis en avstand fra Stortinget til denne virksomheten.

       Så opplever vi det som det har vært referert til her, at politimestre har blitt pålagt å starte en reorganisering av vakttjenesten og å trekke lensmannsetatens folk inn i den stående vakttjeneste ved politikamrene. Vi har naturligvis allerede mistet denne nære kontakten som lensmannsetaten har til sitt publikum når de skal reise til et politikammer som ligger mye lenger unna og tjenestegjøre i et helt annet distrikt.

       Jeg vil bare understreke i disse knappe tre minuttene at Stortinget har gått inn for nærpolitimodellen, som lensmannsetaten er et klart eksempel på, og den effektivitet som ligger i dette. Jeg hadde håpet at departementet hadde fulgt den samme klare intensjonen som statsråden syntes å gi uttrykk for.

       La meg til slutt ta opp et aktuelt spørsmål som gjelder bevilgningene til etatene. Jeg håper - og det går både til komiteen og til statsråden - at det er mulig å få på plass bevilgninger til etaten før påske, slik at vi ikke opplever et sjokk når det gjelder kriminaliteten i Norge.


Sigvald Oppebøen Hansen (A) : Det er viktig at det finst eit lensmannskontor i dei fleste kommunane. Ja, lensmannskontoret er faktisk mykje meir enn eit politikontor for kommunane sine innbyggjarar. På mange måtar fungerer det som eit lokalt sivilombodskontor, det er altså ein del av servicetilbodet i distrikta. Dersom det oppstår problem eller konfliktar i ein kommune, er det ofte lensmannen som blir oppsøkt. Den nære tilknytinga skapar tryggleik for kommunen sine innbyggjarar fordi den fører til at bygdefolket kjenner lensmannen sin. Ein skal heller ikkje underslå at den lokale kunnskapen eit lensmannskontor har når det gjeld både det kriminelle miljøet, nærmiljøet og folk sine vanar generelt sett, er viktig.

       Eg har òg registrert at det ved fleire lensmannskontor for tida er ledige stillingar. Den økonomiske situasjonen kan sjølvsagt vere ein del av årsaka til dette, men dersom det er slik at enkelte lensmannsstillingar står ledige i lang tid medan ein ventar på grensereguleringar, bør det bli fortgang i dette arbeidet, slik at ein kan få ro omkring denne saka.

       I min eigen heimkommune, Nissedal, har det ikkje vore fast tilsett lensmann på tre år. Stillinga skal i nær framtid lysast ut. Politimeisteren i Telemark har eit sterkt ønske om å lyse ut denne stillinga fast, men fordi

       det enno ikkje er blitt noka avklaring i spørsmålet om grensestrukturen, er planen at stillinga framleis skal lysast ut for ei tid. Det har eg forståing for, men nettopp av den grunnen er det viktig å få dette avklart ganske snart, m.a. for å få godt kvalifiserte søkjarar.

       Det er viktig å halde oppe ein desentralisert etat der ein har tenestemenn med god lokal kunnskap. Det gjekk ein samla justiskomite i Stortinget inn for i komitemerknader seinast for fire månader sidan, og eg oppfatta det slik at statsråden òg stadfesta dette gjennom sitt innlegg tidlegare i debatten. Det vil likevel ikkje seie at det beste for framtida er at ein skal sementere den strukturen vi har i dag.


Jorunn Ringstad (Sp) : Politi- og lensmannsetaten si viktigaste oppgåve er å førebyggje og etterforske kriminalitet, og i tillegg skal dei yte god service overfor publikum i alle etaten sine gjeremål. Dersom vi held fast ved den føresetnaden, og ved det som er oppgåvene, må eg seie at eg er nøgd med det som har kome fram i svært mange av innlegga i denne debatten. Eg oppfatta det òg slik at statsråden har kjennskap til etaten, og at ho har det same utgangspunktet. Det at vi tek det utgangspunktet, hindrar jo ikkje at vi kan gjere justeringar, som Arild Hiim var inne på. Han snakka om fleksibilitet. Men vi må passe på at vi då legg det rette i orda. Slik som Stortinget har meint det, kan det skje justeringar, men det er langt frå det til dei signala vi av og til får rundt om i landet. Det verkar faktisk som om Justisdepartementet sine signal har vorte oppfatta på ein heilt annan måte enn det Stortinget har meint å gje signal om, og eg håpar at justisministeren kan forsikre oss om at dei signala ikkje ber bod om ei rasering av lensmannsetaten.

       At vi kan få til gode samarbeidsløysingar mellom distrikta, både med tanke på vakt og beredskap og eit reint saksrelatert samarbeid, er det ikkje noko til hinder for. Endra kommunikasjonsformer kan òg gjere det naturleg med mindre tilpassingar, men i dette samarbeidet og i desse tilpassingane må vi ikkje gløyme det overordna målet: ein nærpolitimodell over heile landet.

       Eg må seie at eg synest det var veldig positivt at også representanten Sigvald Oppebøen Hansen frå Arbeidarpartiet streka under at det er viktig at det finst eit lensmannskontor i dei aller fleste kommunane. Det har vore modellen vi har hatt, og det har Stortinget gjennom sine mange merknader òg slått fast skal vere strukturen framover. No har jo Arbeidarpartiet i ein tidlegare debatt i dag framstilt Senterpartiet som eit parti som er mot endringar av alle slag. Dersom Arbeidarpartiet vil leve med den oppfatninga, må dei gjerne få lov til det. Men eg vil seie at Senterpartiet er mot endringar for endringane sin del. Det skal vere ein rasjonell grunn, det skal vere fordelar å hente. Vi har ikkje råd til å drive med endringar i politi- og lensmannsetaten som ikkje er politifagleg grunngjevne.


Statsråd Gerd-Liv Valla : Representanten Apelthun Sæle sa i den første saken i dag at det kunne se ut som om Arbeiderpartiet brukte sammenslåingssaker som opplegg i valgkampen. Jeg kan forsikre Apelthun Sæle om at det gjør vi ikke. Det er også viktig at man ikke fra alle sider bruker denne type saker, som er vanskelige saker - for det er det - men at man foretar en skikkelig, grundig vurdering i hvert enkelt tilfelle og ut fra det jeg poengterte i mitt hovedinnlegg her, vurderer: Hva er det som tjener publikum best?

       Til representanten Grimstad: Jeg ser nok at det jeg siterte, kanskje kunne gå mye på politidistriktene, men jeg har oppfattet det sånn, fra tidligere og fra debatten her i dag, at det er den holdning som legges til grunn, men at man samtidig kan gå inn og se på konkrete saker. Med den holdningen at det er nærpolitimodellen som skal ligge til grunn, kan man vurdere enkeltsaker. Og det skal vi gjøre og gjøre veldig nøye. Derfor er jeg veldig glad for at det ser ut til at Stortinget skjønner at jeg da her og nå ikke kan gå inn og vurdere enkeltsaker. Men jeg vil se nøye på dette.

       Så har jeg lyst til å si at i de fem-seks ukene jeg har vært i Justisdepartementet, har jeg gitt signaler i noen saker. Jeg har ikke opplevd at ikke mitt embetsverk har fulgt opp de signalene jeg har gitt, så det har jeg ikke grunn til å tro skal skje i fortsettelsen heller. Jeg er veldig opptatt av å se fremover. Jeg har, som jeg sa i kontroll- og konstitusjonskomiteen da jeg var inne på høring der, liten tid til å se meg altfor mye tilbake. Jeg er ivrig etter å ta fatt på politi- og lensmannsetaten og de andre oppgavene i mitt departement, og jeg skal gjøre akkurat denne biten her ut fra de holdningene jeg har gitt uttrykk for.

       Jeg er veldig enig i mye av det som ble sagt. Jeg synes også det var et godt innlegg her der man snakket om nettopp dette med fleksibilitet, at man må se på hva som passer på de enkelte steder. Vi har et ansvar for en best mulig service, og vi har et ansvar for å bruke offentlige ressurser best mulig.

       Og så har jeg lyst til å si til slutt: Statsministeren har mange ganger poengtert at kampen mot kriminalitet er viktig. Folks trygghet er en sentral del av livskvaliteten. Det har jeg også tidligere gitt uttrykk for at jeg legger veldig vekt på, og det vil jeg også gjøre i fortsettelsen.


Presidenten: Dermed er debatten i sak nr. 4 avsluttet.

       (Votering, se side 2674)