Header dokumenter

Stortinget
Møte mandag den 28. april kl. 11 1997


Sak nr. 3
Innstilling frå samferdselskomiteen om ein del løyvingsendringar m.v. for 1997 på Samferdselsdepartementets område (
Innst.S.nr.167 (1996-1997), jf. St.prp.nr.37 (1996-1997) )

TALERE:


       Magnus Stangeland (Sp) (komiteens leiar og ordførar for saka): Vi skal i dag handsama løyvingsendringar m.v. for 1997 når det gjeld samferdsel.

       Som det går fram av innstillinga, er det tre område som er omhandla i proposisjonen, som komiteen ikkje har merknader til. Dette gjeld « vegpakke Drammen - kompensasjonstiltak i Lier », det gjeld rekneskapsføringa av tilbakehaldne beløp, der vi er samde med departementet i at det er vanskeleg å nytta to ulike prinsipp her, og har ingen merknader til at Statens vegvesen frå 1. januar 1997 fører alle tilbakehaldne beløp i statsrekneskapen etter kontantprinsippet, og - det tredje området - det som omhandlar Jernbaneverket og garanti Postbanken.

       Derimot meiner ein samla komite at eit eventuelt forseinka oppgjer ved overtaking av dei regionale flyplassane ikkje må føra til økonomiske konsekvensar for noverande eigarar. Vidare støttar alle, bortsett frå Høgre, Regjeringa i å auka lånerammene for 1997 til Oslo lufthavn AS med 320 mill. kr.

       Når det gjeld riksferjer, er det noko spesielt at komiteen sitt fleirtal ser seg nøydt til å visa til det vedtaket som vart gjort i samband med budsjetthandsaminga for inneverande år. Komiteen bad som sagt om at Regjeringa i samband med salderinga måtte koma tilbake med eit opplegg som ville føra til at ein kunne bestilla iallfall minst fire nye ferjer til bruk i riksvegferjesambandet. Vi ser her at når det gjeld synet på behovet for nye ferjer i riksvegsambandet, er det eit fleirtal i komiteen som har ei anna meining enn Arbeidarpartiet og Regjeringa. Eg håpar at ein vil ta omsyn til dette i det vidare arbeidet når det gjeld riksvegferjer.

       I staden for ei fornying ser vi no ein tendens til at rutetilbodet med ferjer vert redusert i fleire fylke, og eg går ut frå at Regjeringa vil ta omsyn til fleirtalsmerknaden i innstillinga, der vi ber om at saka vert lagd fram i revidert nasjonalbudsjett for å sikra at ferjetilbodet ikkje vert redusert. I den samanhengen viser eg også til at det i dag vil verta sett fram eit forslag av representanten May-Helen Molvær Grimstad, på vegner av Høgre, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, med bakgrunn i at dette må skje.

       Elles har eg ingen merknader til den framlagde proposisjonen.


Johanne Gaup (Sp) : Jeg skal bare si noen ord i tillegg til det som komiteens leder og saksordfører har sagt når det gjelder bygging av nye ferger.

       Det er i dag et stort behov for bygging av nye ferger, og flere samband mangler i dag hensiktsmessige ferger. Det fører til store problemer for både passasjerer og næringsliv i distriktene. Viktige eksportnæringer, som fiskerinæringen og oppdrettsnæringen, har som følge av for dårlige ferger problemer med eksport av produktene til markedet. Vi får mange henvendelser fra Distrikts-Norge om behovet for nye og bedre ferger. Etter det jeg vet, finnes det ikke i dag ferger å sette inn i de samband hvor det er et akutt behov for bedre ferger. Jeg vil også vise til at i mitt eget fylke er dagens ferge på sambandet Loppa-Hasvik til hinder for eksporten av fisk til markedet. Det har sågar hendt at trailertilhengere har veltet om bord i ferga, og det er ikke forhold som fiskeeksportørene kan leve med. Det er derfor svært viktig at standarden på fergene våre er slik at både næringsliv og øvrige trafikanter kan føle seg trygg når de bruker fergene. Jeg ser fram til at Regjeringen, som den selv har lovet, kommer tilbake med en plan for fornyelse av fergeflåten.


May-Helen Molvær Grimstad (KrF) : Når det gjeld St.prp.nr.37 (1996-1997) , som vi handsamar no, er innstillinga frå samferdselskomiteen stort sett einstemmig, og Kristeleg Folkeparti støttar proposisjonen. Men det er ulike synspunkt i komiteen på utvidinga av fornyingsprogrammet for ferjer og ferjetilbodet, og det ønskjer eg å kommentere.

       Det er i dag eit stort behov for å utvide fornyingsprogrammet for ferjer. Fleirtalet i Stortinget bad Regjeringa i salderingsproposisjonen hausten 1996 å greie ut ei utviding av fornyingsprogrammet for ferjer med t.d. fire nye ferjer. Det er ikkje blitt gjort, men Regjeringa har kommentert det i forslaget til ny veg- og vegtrafikkplan for 1998-2007. Denne skal vi handsame seinare i vår, men sidan Regjeringa der har avvist forslaget til utviding av ferjeflåten, vil eg kome med nokre kommentarar.

       Det er i dag eit stort behov for fornying av ferjeflåten. Men Samferdselsdepartementet peikar m.a. på at det blir utlyst fleire ruter på anbod. Basert på anbodserfaringar så langt vil det truleg gje fleire ferjer, blir det hevda. Det kunne vere interessant å vite kor stort omfang av anbod Regjeringa tenkjer å legge seg på sidan den ikkje legg opp til fornying av ferjeflåten, omsyn tatt til det behovet som eksisterer. Er det gjennom anbodssystemet ein skal få opprydding når det gjeld behovet for fornying i ferjeflåten? Eg berre spør. Frå Kristeleg Folkeparti si side meiner vi at det er riktig å utvide fornyingsprogrammet for ferjer no.

       Når det gjeld forslaget som er omdelt i salen, der eit fleirtal, Kristeleg Folkeparti, Høgre, Senterpartiet og SV, ber Regjeringa legge til grunn at tilbodet i ferjedrifta i 1997 skal haldast oppe på minst same nivå som for 1996 og ta inn nødvendige tilleggsløyvingar i forslaget til revidert nasjonalbudsjett for 1997, er bakgrunnen at ferjetilbodet i fleire fylke har blitt redusert. Dette er for Kristeleg Folkeparti heilt uakseptabelt. Ved handsaming av årets budsjett blei det frå Regjeringa si side hevda at det ikkje skulle bli dårlegare ferjetilbod, tvert om skulle det bli auka frekvens på einskilde samband. Og når resultatet etter forhandlingane mellom ferjereiarlaga og staten blir redusert ferjetilbod i fleire fylke, kan vi ikkje sitte stille og sjå på dette. Det er eit elendig signal å gi distrikt som er totalt avhengige av ferje, ein reduksjon i ferjetilbodet. Det betyr auka kostnader for næringslivet ved auka ventetid, og det er ingen tent med. Det er difor gledeleg at eit fleirtal på Stortinget i dag ber Regjeringa legge inn meir midlar i revidert nasjonalbudsjett for å sikre at ferjetilbodet blir halde oppe på minst same nivå som i 1996.

       På bakgrunn av dette forslaget, som i dag blir vedtatt, reknar eg det som sjølvsagt at Regjeringa set i verk tiltak for å ordne opp i dette, slik at ferjetilbodet no blir på minst same nivå som i 1996.

       Eg vil på vegner av Kristeleg Folkeparti, Høgre, Senterpartiet og SV sette fram forslag nr. 1.


[Neste innlegg av May-Helen Molvær Grimstad]

Presidenten: : Representanten Molvær Grimstad har sett fram det forslaget ho viste til.


       Statsråd Sissel Rønbeck : La meg bare komme med et par korte merknader til de spørsmålene som har vært oppe her når det gjelder fergene.

       Fornyelse av fergeflåten er, som allerede nevnt, et sakskompleks som er tatt opp i forbindelse med Norsk veg- og vegtrafikkplan, og det burde jo gi Stortinget rikelig anledning til å komme tilbake til den saken senere i vår.

       Når det så gjelder selve fergedriften for inneværende år, ligger utgangspunktet som lå til grunn for bevilgningene i forbindelse med statsbudsjettet, selvfølgelig fast.

       På dette området, som på andre innenfor sektoren, følger en utviklingen og ser om det er viktige avvik. Og er det det i forhold til de generelle forutsetningene, kan det være grunn til å komme tilbake til det, f.eks i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett. Men som jeg også sa i muntlig spørretime, er ikke bildet nå, sett fra direktoratets og departementets side, slik at det er store avvik rundt omkring i de ulike fylkene. Jeg er kjent med at det er visse problemer i ett fylke, og vi går inn i den situasjonen og ser om det er nødvendig å gjøre noe akkurat i den forbindelse. Men noen konklusjon på det punktet er ikke trukket ennå. Men det generelle bildet er altså ikke helt slik som enkelte av talerene her har gitt uttrykk for, så langt vi nå har oversikt.


May-Helen Molvær Grimstad (KrF) : Den informasjonen som vi har fått, gjeld fleire fylke, som kan vise til redusert ferjetilbod, og det har mykje å seie for distrikta. Om ikkje statsråden har fått like mange førespurnader om kva dette betyr, har iallfall vi hatt stor pågang. Difor er det svært viktig at vi held ved lag det som blei sagt, at ferjetilbodet ikkje skulle bli redusert, at det som blei sagt før jul - at ferjetilbodet skulle vere det same - gjeld framleis. Det er viktig å få gitt signal ut om at det ikkje skal bli nokon reduksjon i ferjetilbodet.


Presidenten: : Fleire har ikkje bede om ordet til sak nr. 3.

       (Votering, sjå side 3090 f.)