TALERE:
John Dale (Sp) : Fram til nyttår 1993 hadde Noreg ein frihandelsavtale med EF og dessutan supplerande samarbeidsavtalar på fleire viktige område. Avtaleverket fungerte godt, og det opna EF-marknaden for norsk eksportindustri.
Seinare vart frihandelsavtalen erstatta med EØS, for, som det vart sagt av dei som støtta det nye prosjektet, landet hadde behov for ein « moderne » frihandelsavtale, ein avtale som i tillegg til å sikra tilnærma fri varehandel, også tok opp i seg prinsippa om fri flyt av tenester, arbeidskraft og kapital. Tilhengarane av avtalen sa at den ville verta avgjerande viktig for norsk næringsliv, EØS vart framstilt som alfa og omega straks det var tale om sysselsetjing og verdiskaping i samfunnet.
Men kva fortel erfaringane så langt? Det spørsmålet har Regjeringa nekta å svara på. I alle fall synest det uråd å få eit svar som byggjer på skikkeleg dokumentasjon. Kravet om at Stortinget bør få ei melding om korleis det går med den mest omfattande internasjonale avtalen i moderne norsk historie, vert stadig avvist. Det kravet vert likevel fornya i dag. Kan det tenkjast at Regjeringa kjenner seg ille til mote, konfrontert med opplysningar om at dei praktiske utøvarane i næringslivet, særleg folk knytte til små og mellomstore verksemder, slett ikkje har så mykje godt å seia om EØS-avtalen?
For eksempel viser ei gransking gjord av revisjonsselskapet Grant Thornton i mange europeiske land at leiarane i små og mellomstore bedrifter har eit kjøleg syn på EØS og den indre marknaden. Norske industrileiarar meiner at bedriftene gjennom EØS-avtalen korkje har fått redusert sine kostnader eller møtt mindre byråkrati. I Noreg tyder svara frå industrileiarane på at dei ikkje synest den indre marknaden har særleg meining for dei, i alle fall ikkje i positiv forstand. Det melde Dagens Næringsliv 2. april i år. Ironisk nok har stortingsrepresentantar frå Høgre gått inn for å tilby små og mellomstore verksemder fri rettshjelp når dei vil ta del i konkurransen om tilbod. Så med mindre utanriksministeren har nye opplysningar å leggja fram, tyder det meste på at EØS innanfor området handel neppe har tilført Noreg meir enn me hadde frå før, og at EØS kan vera vel så plagsam som nyttig når bedriftene skal orientera seg i teneste- og kapitalmarknaden.
Dersom det ikkje er mogleg å konkludera sterkare på dette punktet, og i ei positiv lei, verkar det absurd at Noreg har gjeve frå seg ein stor bit av sin suverenitet og også samtidig påført folkestyret store tap. På heile det viktige området som går inn under EØS-avtalen, har så vel storting som regjering mist den initiativretten dei elles skulle ha etter § 76 i Grunnlova. Og etter at EØS-komiteen har gjort sitt vedtak i Brussel, finst det i dei aller fleste tilfelle ikkje nokon veg tilbake. Så lenge vetoretten ikkje vert praktisert av frykt for at EØS-avtalen skal bryta saman, kan ingen hevda at me står fritt i denne vedtaksprosessen. EØS-reglar som er gjennomførte i nasjonal lovgjeving, skal i sin tur gå føre andre nasjonale reglar, om det ligg føre ein konflikt. Dessutan engasjerer domstolar og overvakingsorgan seg sterkt i mange saker, f.eks i striden om framtida til Vinmonopolet, ei sak som tidlegare suverent låg under vår eigen parlamentariske og demokratiske kontroll.
Den store taparen i dette spelet er Stortinget, men også parlamentarismen som system. Medan me tidlegare kunne kjenna oss trygge på at all lovgjevingsmakt låg i
Stortinget, forankra hjå representantar som kunne stillast direkte til ansvar gjennom val, opplever me at EØS-avtalen, som eit ekko av EU-systemet, overfører lovgjevingsmakt frå Stortinget til Regjeringa. Eg snakkar her om ein reell situasjon, som inneber at dei norske representantane i EØS-komiteen, som altså er folk frå den utøvande makta, i praksis kan binda Noreg folkerettsleg til å gjennomføra alle dei lovendringar som fylgjer av EØS-prosessen. Før vedtak vert gjorde i EØS-komiteen, konfererer statsrådane med konsultasjonsorganet i Stortinget. Men dette organet kan ikkje gje noka tilråding til Stortinget. EØS er så finurleg konstruert at avtalen ikkje kolliderer med formelle konstitusjonelle rammer, sjølv om det røyner på også her, men samtidig påverkar avtalen i praksis maktfordelinga så vel i det politiske systemet som i tilhøvet mellom Brussel og hovudstadene. Det må ha vore noko av dette professor Eivind Smith hadde i tankane då han under utanrikskomiteens Schengen-høyring 5. mai sa fylgjande:
« I noen sammenhenger, men aldri før akkurat i Stortingets bygninger, har jeg sagt at på sett og vis er EØS en konstitusjonell katastrofe, ikke økonomisk eller på annen måte, men en konstitusjonell katastrofe rett og slett fordi den går på at vi later som vi er suveren i ganske mye større grad enn vi reelt sett er. Men likevel er det altså ikke det reelle der som har vært ansett for å være avgjørende, men det formelle. »
Føremålet med denne interpellasjonen er kort og godt å påvisa at konstruksjonen av såkalla moderne økonomiske avtalar i vår verdsdel og i verda elles, avtalar som gjev tilnærma fritt spelerom for produksjonskreftene, har sin motpost i omfattande tap av demokrati. Det kan diskuterast om dei økonomiske sidene ved slike avtalar er lukrative. Eg har innleiingsvis reist tvil om så er tilfellet for EØS-avtalen sin del. Men om så var, om det kunne påvisast at EØS er eit gullkanta papir økonomisk sett, skulle me då på grunn av dette ofra folkestyret? Svaret mitt er sjølvsagt nei.
Sett i eit demokratisk perspektiv er EØS inga uskuldig sak. Det er heller ikkje EU og Verdens Handelsorganisasjon. Overalt i verda kjempar demokratiet i dag på vikande front. Med det meiner eg at folkesuverenitetsprinsippet ikkje lenger har gjennomslagskraft i praksis. Folk styrer i svært liten grad gjennom sine valde representantar, makta flyttar seg langt bort frå folket nettopp gjennom den typen avtalar me her snakkar om. Det lumske - om eg skal få lov å bruka det uttrykket - er at i denne fasen vert demokratiske institusjonar ståande, men dei vert tømde for reelt innhald.
Eg er sikker på at mange borgarar kjenner seg igjen på dette punktet. Krisa er openberr, den går djupt, og den vert forsterka av dei forsøka som vert gjorde på å tildekkja realitetane. Akkurat som den demokratiske dimensjonen er eit ømtoleg tema for landa innanfor unionen, er EØS det for oss. Innan unionen er dette tilhøvet i det minste eit offisielt tema. Der vert det snakka om det demokratiske underskotet. Hjå oss bør temaet verta ei sak på den offisielle dagsordenen. Det er det eg er ute etter. La oss ikkje eingong prøva å lata som om alt er vel på dette området. La oss heller få ein dialog i gang over dei grensene som for eit par år sidan gjekk mellom ja-folket og nei-folket.
Etter Berlinmurens fall vart det sagt at demokratiet og kapitalismen hadde sigra, som om dei to var eitt og det same. Men det var ei stor mistyding. Kapitalismens siger var uomtvisteleg, den slo knockout på ein falleferdig kommunistisk planøkonomi. Men frisleppet av kapitalkrefter råka samtidig demokratiet i vest. Då representantar for eit vaknande demokrati i aust såg vestover for hjelp, oppdaga dei den demokratiske krisa i Vesten. Fri flyt-politikken er dels ei årsak til, dels ein verknad av denne krisa. Fordi kapitalmakta hadde fått full forkøyrsrett, lei andre delar av politikkens univers store tap. For eksempel kom økologien, den sosiale dimensjonen og demokratiet hardt ut å køyra. I det siste tilfellet auka spenninga mellom form og innhald, nettopp knytt til dei politiske institusjonar som var valde av folket for å styra.
Det er etter mi oppfatning no mindre interessant å diskutera kven som ber mest skuld fordi me har hamna i ein slik situasjon. Då er det viktigare å trekkja opp skiljelina mellom dei som erkjenner problemet, og dei som trass i alle faresignal vil halda fram med å hevda at alt er vel og bra så lenge produksjonslivet får stå i sentrum for politikken. Langs denne skiljelina vil nok den viktigaste kampen stå om ikkje så lang tid.
Eg tar med dette opp framlegg nr. 1.
Presidenten: John Dale har tatt opp det forslag han refererte til.
Utenriksminister Bjørn Tore Godal : Jeg går ut fra at både interpellanten og jeg er noe skuffet over den manglende folkelige og mediemessige interesse for denne viktige diskusjonen, for jeg er enig med interpellanten i at den selvsagt er viktig.
EØS-avtalen er den mest omfattende traktat Norge noen gang har inngått. Den har stor betydning for norsk nærings- og arbeidsliv. Den sikrer, med enkelte unntak, full norsk adgang til EUs indre marked. Den er langt mer omfattende enn den tidligere frihandelsavtalen for industrivarer, som var gårsdagens løsning. Den sikrer norske foretak og enkeltpersoner de samme rettigheter i hele EØS-området som svenske, danske, franske og britiske foretak og borgere har. For et lite land med en så utadvendt økonomi som Norge er dette av stor betydning. EØS-avtalen har sin egen dynamikk og retter blikket framover. Etter tre års erfaring kan vi slå fast at den fungerer godt og etter hensikten. La meg si litt mer om dette.
EØS-avtalen sikrer like konkurransevilkår. Konkurranseregulerende samarbeid, statsstøtte og offentlige monopoler er underlagt likt regelverk i EØS. Avtalen gir adgang til markedene innenfor offentlige anskaffelser i de andre EØS-landene. Det faktum at norske bedrifter har adgang til hele EU-markedet på linje med EU-selskaper bidrar i siste instans til at norske bedrifter forblir i Norge, fordi det ikke er noe handikap å ligge her i forhold til en mulig avveining av om de må flytte til andre land i Europa for å få markedsadgang. Den har de gjennom EØS-avtalen.
Avtalen trygger gjensidig godkjenning av vitnemål for utdanning og yrkeskompetanse og lik adgang til studier og forskning i EØS. Avtalen hjemler deltakelse i en rekke EU-programmer på områder som miljø- og forbrukervern, energisparing, forskning og utvikling m.m. På grunnlag av avtalen brukes EU-midler gjennom det såkalte INTERREG-programmet til utviklingen av nordområdene, som er av stor betydning for Distrikts-Norge.
EØS-avtalen hjemler også samarbeid med EU om utenriks- og sikkerhetspolitikk, med etablerte konsultasjonsordninger. Avtalen er dynamisk - den utvikler seg etter hvert som det indre marked utvikler seg. En utvidelse av EU med land i Sentral- og Øst-Europa vil bety en geografisk utvidelse også av EØS, på samme måte som vi nå arbeider parallelt i EFTA med utviklingen av et frihandelsområde som også omfatter de nordafrikanske landene og Midtøsten, hvor målsettingen er å nå i mål fram til år 2010.
Alle disse eksemplene illustrerer hvilken betydning EØS-avtalen har for norske interesser samlet sett og for vårt nærings- og arbeidsliv. Det omfattende arbeidet som nedlegges fra norsk side for å ivareta norske interesser i en EØS-sammenheng, har selvfølgelig utgangspunkt i avtalens målsetting, nemlig å sikre et enhetlig regelverk for nærings- og arbeidslivet i hele EØS-området. At representanten Dale er blant dem som er uenig i en slik målsetting, får så være. Regjeringen ønsker å bruke EØS-avtalen for å fremme vår deltakelse i europeisk samarbeid og integrasjon - økonomisk og politisk. Det skal fortsatt gjøres i et åpent og nært samarbeid med Stortinget, basert på omfattende konsultasjoner og informasjonstilgang.
La meg si noe om det siste. I EØS-arbeidet søker vi å ivareta en så høy grad som mulig av påvirkning gjennom tidlig engasjement i kommisjonens forberedende arbeid, gjennom EØS-organene og selvsagt gjennom samtaler med representanter for EU-land på ulike nivåer. I samarbeid med de andre nordiske land har vi dessuten etablert et tidlig varslingssystem for å fange opp nye initiativ og forslag som eventuelt i verste fall kan føre til at de nordiske land tar forskjellig kurs på felter hvor vi får et annet resultat gjennom samråd.
I EØS-komiteen vedtar vi sammen med EU-landene regelverk som seinere innarbeides i bl.a norske lover og forskrifter. En av de viktigste oppgavene for Regjeringen er å sikre så bred tilgang som mulig til det regelforberedende arbeid i EU før regelverk blir foreslått for EUs råd. På denne måten og gjennom løpende kontakter på politisk nivå formidler vi norske synspunkter for at regelverket skal være akseptabelt for Norge når det blir foreslått som EØS-regelverk. Aktiv deltakelse i ekspert- og arbeidsgrupper er derfor i vår situasjon et viktig virkemiddel for å oppnå innflytelse på selve regelverksutformingen. Parallelt diskuteres framtidige EØS-vedtak i de særskilte EØS-organer. Når man kommer til vedtak av regelverk i EØS-komiteen, vil derfor det som skal tas stilling til, være velkjent for oss og grundig diskutert med EU. Skulle imidlertid en situasjon oppstå der viktige norske interesser ikke er ivaretatt i et forslag til vedtak, hjemler avtalen mulighet til å nedlegge veto. En slik situasjon er så langt ikke oppstått, men kan selvsagt ikke utelukkes.
De halvårlige møtene på politisk nivå i EØS-rådet er EØS-samarbeidets politiske retningsgiver. EØS-rådet er toppen av en omfattende pyramide av samarbeidsordninger som sikrer oss gode muligheter for å ivareta våre interesser innenfor rammen av EØS-avtalens virkefelt. Jeg vil også nevne EØS-parlamentarikerkomiteens arbeid og det arbeidet som foregår mellom arbeids- og næringslivets parter i den konsultative komiteen, der jeg nylig har hatt et møte med arbeidslivets parter, og hvor en gjennomgående gir uttrykk for at denne mekanismen fungerer tilfredsstillende.
Før vi fatter vedtak i EØS-komiteen, foretas alltid - i hvert enkelt tilfelle - en vurdering av i hvilken grad berørte rettsakter samsvarer med norske interesser, lover og regler. Dette er offentlig tilgjengelige vurderinger og informasjon som forelegges Stortingets EØS-utvalg før vedtak i EØS-komiteen.
Jeg legger derfor stor vekt på de regelmessige møtene jeg har i Stortingets EØS-utvalg. Både Stortinget og Regjeringen har vært opptatt av ytterligere å forbedre mulighetene for langsiktighet i den folkelige og demokratiske debatten om EØS-saker. Derfor fattet Stortinget den 18. juni i fjor vedtak om nye rutiner for behandlingen av EØS-saker, som Regjeringen har fulgt opp, bl.a gjennom å offentliggjøre omfattende oversikter over mulige framtidige EØS-saker både på mellomlang og til dels svært lang sikt. I tillegg har Regjeringen vært opptatt av å gi Stortinget grundige orienteringer om viktige enkeltsaker, både i plenum og i EØS-utvalget. Jeg nevner som eksempler landbruksministerens redegjørelse om veterinærspørsmål i januar d.å. og løpende redegjørelser i EØS-utvalget om aktuelle saker som forslaget til gassdirektiv, straffetoll på laks, spørsmål omkring den differensierte arbeidsgiveravgiften osv.
Mot denne bakgrunn er det vanskelig å kjenne seg igjen i interpellantens beskrivelse av Stortinget som « einast som eit råds- og kontrollorgan, men med avgrensa tilgang på informasjon ». Det stemmer rett og slett ikke med de faktiske forhold.
Men dagens interpellasjon berører en langt videre problemstilling som går på forholdet mellom folkestyret og internasjonaliseringen. Det har representanten rett i er en viktig problemstilling, ikke bare i forhold til EØS, men i forhold til mange andre problemer. Det finner nå sted en utvikling der stadig flere beslutninger treffes internasjonalt. Stadig flere felles kjøreregler utformes gjennom mellomstatlig samarbeid og for EUs vedkommende også gjennom overnasjonalt samarbeid. Slike samarbeidsformer er kommet til fordi mange problemer og oppgaver - og her mener jeg interpellanten ikke helt tar poenget i sin vinkling - er i vår tid grenseoverskridende og lar seg ikke løse innenfor rammen av nasjonalstaten alene. Det er nok å nevne områder som miljø, forurensning, samferdsel, informasjonsteknologi. Der hvor kreftene og utviklingen er internasjonal, er det selvsagt ikke nok å trekke seg tilbake til det nasjonale og tro at vi løser oppgavene gjennom lovgivning i det enkelte land. Vi må ha svar på det gjennom mellomstatlige samarbeidsformer også på det folkevalgte nivå. Dette skjer både i europeiske og internasjonale organisasjoner av betydning, som Verdens Handelsorganisasjon, WTO, og Organisasjonen for Økonomisk Samarbeid og Utvikling, OECD.
Folkestyret må følge denne utviklingen om vi ikke skal lure oss selv og overlate styringen til markedskrefter og de krefter som ellers har så stor betydning i vår tid. Gjennom folkeavstemningsresultatet har vi for Norges vedkommende i overskuelig framtid truffet et viktig valg. Vi har fastlagt at vi ikke vil delta i EUs arbeid med å se på nye overnasjonale parlamentariske styringsformer, slik de f.eks nå drøftes i Europaparlamentet. Vårt alternativ er derfor et kontinuerlig arbeid for å styrke folkevalgte organers medvirkning i mellomstatlig samarbeid, slik vi gjør det i EØS-arbeidet og i Stortingets medvirkning i ulike regionale og internasjonale parlamentarikerforsamlinger.
John Dale (Sp) : Eg lytta nøye til det utanriksministeren sa her i dag, i håp om at han ville erkjenna som ei viktig politisk problemstilling at dei såkalla moderne økonomiske, politiske avtalar som blir inngått i vår tid, eksempelvis i samband med EØS, EU og Verdens Handelsorganisasjon, påfører andre delar av det politiske feltet store tap. Eg påviste i min interpellasjon at dei krava den internasjonale økonomien stiller til avtaleverk, får store negative følgjer for demokratiet. Det er i det perspektivet eg meiner me også må diskutera EØS framover.
Eg har aldri vore inne på den tanken at ikkje me skulle liggja i front for å skapa eit internasjonalt samarbeid med tanke på å løysa opplagde problem som berre eit internasjonalt samarbeid kan ta seg av. Det er heilt opplagt at det må vere slik. Men i val av samarbeidsformer må me passa oss vel for at me ikkje påfører folkestyret uerstattelege tap. Eg meiner at EØS-avtalen er eit eksempel på at me har inngått samarbeid av ein type som nettopp vil gjera det vanskeleg for den einskilde borgar å vera med i eit demokrati som verkeleg fungerer frå grasrota. Det er det som er poenget.
Eg må vel seia at det svaret utanriksministeren gav, som eg hadde håpt skulle koma på ei politisk problemstilling som eg hadde stilt, var meir eit byråkratisk svar enn det eg faktisk hadde venta. Me er nok samde i svært mange ting, men eg trur det vil vera eit stort feiltrinn av oss om me ikkje erkjenner at dersom f.eks produksjonslivet gjennom internasjonale avtalar får bortimot full pott, vil det få konsekvensar for andre delar, som eg sa, av det politiske univers. Eg nemnde demokratiet, men me har også spørsmålet om det økologiske, om den sosiale dimensjon, osv., der vi også kan konstatera at problema er ganske store.
Det som må vera oppgåva for oss, er å halda fram med vårt internasjonale arbeid, skaffer fram avtalar, men alltid i respekt for at det politiske feltet er større enn det som er knytt til produksjonskreftene.
Utenriksminister Bjørn Tore Godal : Det siste er jeg selvsagt enig i. Men hvor går veien videre fra en slik erkjennelse? Jeg har forstått det slik at Senterpartiets primære oppskrift er å si opp EØS-avtalen. Jeg tror at om det noen gang skulle skje, hvilket jeg sterkt betviler siden det er laber støtte for det også i sentrumspartiene for øvrig, ville vi komme i en situasjon som ville være dramatisk uheldig for verdiskapingen i vårt eget samfunn.
Jeg vet ikke om representanten Dale fikk med seg intervjuet med Sir Leon Brittan i dag på nyhetene, hvor han bl.a bruker som begrunnelse for den lakseavtale vi nå har fått på plass, at det ville ha vært sårt for EU ikke å komme fram til en avtale med Norge i lys av det nære samboerskap de har med Norge på mange områder. Jeg tror det er en helt reell og en helt riktig vurdering. Det har gitt seg utslag i at et stort flertall av EU-landene støtter vår sak når viktige spørsmål for distriktspolitikken og Kyst-Norge står på dagsordenen, som lakseeksporten. Her kan vi ikke skille det ene fra det andre. Dette henger sammen. Ønsker vi oss et nært samarbeidsforhold med de europeiske land, er EØS-avtalen en meget god avtale som gir grunnlag for å nå resultater på viktige områder for oss. Det er selvsagt ikke slik at EØS-avtalen fratar nordmenn eller andre, enn si EU-borgere, rettsbeskyttelse og muligheten til å forfølge sine interesser i en rettslig sammenheng. Tvert imot. De får jo økte rettigheter på hele det europeiske området gjennom den brede avtalen som jeg har redegjort for og som jeg viser til, på en lang rekke felter som går utover den snevre økonomi.
Men jeg er enig i - som jeg også forsøkte å si i mitt svar - at selvsagt er det slik at økonomisk integrasjon både i Europa og i verden stiller oss overfor demokratiske utfordringer, men svaret på det er ikke å rykke inn i seg selv og tro at alle beslutninger av betydning for Norge kan fattes i denne sal. Det ligger jo nettopp i å styrke det mellomstatlige samarbeidet også på parlamentarisk plan.
Så var det mange i denne salen som mente at vi ville ha vært best tjent med også å gå inn i den typen overnasjonale beslutningsorganer som skal til for å møte overnasjonale kapitalkrefter. Men det har vi gjennom folkeavstemning valgt ikke å være med på, og da er det vanskelig å se hvilke nye mekanismer vi kan etablere utover dem jeg pekte på i mitt innlegg, for å vitalisere folkestyret om mellomstatlige samarbeidsformer, og hvor vi åpent erkjenner at det er viktig hele veien å trekke Stortinget mest mulig med i beslutningsprosessene også i de viktige EØS-spørsmålene.
Per Olaf Lundteigen (Sp) : Et av hovedpoengene med EØS-avtalen kontra handelsavtalen med EU var jo å få felles konkurranseregler. Med dette skulle vi slippe framtidige dumpinganklager mot norsk næringsliv. Dumpinganklager var jo aldri noe stort problem da vi hadde handelsavtalen, og ville heller ikke vært det med en oppfølging av den økonomiske politikken slik vi hadde den under handelsavtalen.
Felles konkurranseregler betyr over tid harmonisering av rammevilkårene i den økonomiske politikken. Norsk utenriks- og handelspolitisk mote har lenge vært, og den videreføres av statsminister Jagland, at Norge skal føre det jeg kaller en farlig, blåøyd liberalistisk politikk. Didrik Schnitler sa det allerede i 1988 ved påpekning av debatten omkring KØFRI. Vi skal være den flinkeste gutten i klassen til å legge til rette for internasjonal fri konkurranse på stadig flere områder og i stadig økende omfang. Våre konkurransefortrinn, med nærhet til naturressursene, vil derved svekkes, og våre ulemper, med avstander til markedet, forsterkes.
Norsk virkelighet er et langstrakt, grisgrendt land med få innbyggere med en grunnfestet sosial holdning om likeverdige muligheter for alle innbyggere. Det blir nå utsatt for daglige, sterke angrep i den økonomiske politikken som føres bl.a som et resultat av EØS-avtalen. EØS er dermed like mye et symptom som en årsak, men det er dog en årsak Senterpartiet vil operere vekk. Ved å si opp EØS-avtalen vil Stortingets reelle muligheter for å prioritere den økonomiske politikken bli større, vi får en reell forandring i forhold til dagens husmannsavtale med EU. Norge er i den heldige stilling at vi har økonomisk handlefrihet til å gjøre dette, bl.a som følge av våre rike naturressurser.
Den kapitalflyt som EØS-avtalen betyr, forrykker maktforholdene i samfunnslivet i retning av kapitaleierne. Når jeg nå snakker om kapitaleiere, er det ikke de som har en million kroner i banken, eller de som eier egen bedrift med 50 ansatte. Nei, det er kapitaleiere som handterer hundrevis av millioner kroner, og som med et tastetrykk kan endre eiermakten i store bedrifter.
Den maktforskyvningen som skjer, svekker, som John Dale svært glimrende påpekte, de folkevalgtes og også de fagorganisertes innflytelse dramatisk. Dette vil over tid føre til at vi får en endring i skattepolitikken i retning av skatt på eiendom i stedet for skatt på inntekt, i strid med norsk skatt etter evne-politikk. Vi får en endring i avgiftspolitikken slik at arbeidsgiveravgiften som kompenserer for geografiske forskjeller, blir borte, og vi får en endring i strømpolitikken som tar vekk våre fortrinn.
Det er svært få som greier å påpeke de økonomiske fordelene. Det er svært mange som påpeker den binding av handlefrihet som folkevalgte organer får med seg når en går inn for EØS-avtalen.
Einar Steensnæs (KrF) : EØS-avtalen har nå vært virksom i Norge i nærmere tre og et halvt år. Det er den mest omfattende og forpliktende internasjonale samarbeidsavtale som Norge noensinne har inngått, slik også interpellanten nevnte i sitt innlegg. Hovedinntrykket er at denne avtalen nettopp har gitt norsk næringsliv den solide og gode plattform for markedsadgang til EUs indre marked som var forventet og forutsett da avtalen ble inngått, selv om det er vanskelig å dokumentere denne positive effekten gjennom objektive kriterier, slik interpellanten åpenbart etterlyser. Men en slik objektiv måling lar seg heller ikke gjennomføre med andre mer eller mindre realistiske alternativ.
EØS-avtalen har også gitt Norge en bedre basis for et nærmere samarbeid med EU på en rekke saksområder, f.eks når det gjelder utdanning, forskning og kultur. Denne nære kontakten med EU har også vist seg verdifull med hensyn til å ta opp viktige handelspolitiske saker som er blitt definert utenfor EØS-avtalen, som f.eks laksesaken, som utenriksministeren nevnte.
Det er utvilsomt slik at dette nære samarbeidet har åpnet kanaler for informasjon, påvirkning og dialog som neppe hadde stått åpne dersom Norge hadde hatt status som ordinært tredjeland i forhold til EU. Også i forhold til den gamle handelsavtalen har EØS-avtalen gitt Norge større innsyn og bedre innflytelse enn det som ville vært mulig å oppnå ved en handelsavtale. Jeg synes derfor interpellanten har valgt en nokså spesiell problemstilling når han mener at det ikke kan dokumenteres at næringslivet samlet sett tjener på EØS-avtalen i forhold til den tidligere frihandelsavtalen. Det er i hvert fall ikke i overensstemmelse med næringslivets egne vurderinger, og de bør vel tillegges en viss vekt i denne sammenheng.
Det betyr imidlertid ikke at EØS-avtalen ikke også inneholder en rekke problematiske sider der Norge blir invitert til å sette seg inn i direktiver og forordninger som etter Kristelig Folkepartis mening bryter med viktige nasjonale hensyn og interesser. Det er uforståelig og problematisk når Regjeringen i viktige og følsomme saker av stor nasjonal betydning ikke er villig til å bruke også de delene av EØS-avtalen som gir oss full legitim rett til å motsette oss innføring av direktiver som bryter med norske interesser. Vetoretten i EØS-avtalen er blitt en papirtiger under Regjeringens og stortingsflertallets håndtering av avtalen. Det er sterkt beklagelig og svekker også troverdigheten av Arbeiderpartiets og Høyres argumentasjon for avtalen.
Når utenriksministeren nå hevder at det ennå ikke har oppstått en situasjon hvor det har vært nødvendig å legge ned veto, illustrerer det på en grei måte den politiske uenighet det er mellom Arbeiderpartiet og Høyre på den ene siden og Kristelig Folkeparti på den andre siden om hvordan EØS-avtalen skal forvaltes. Det er vel på sin plass å spørre: Kan det i det hele tatt tenkes tema innen EØS-avtalens ramme som er av en slik betydning at det kan bli aktuelt å legge ned veto?
Haakon Blankenborg (A) : Vi har no fått sentrumsalternativet sitt syn på EØS-avtala i to versjonar. Eg er mest einig i den siste versjonen, at EØS-avtala har vore eit gode for norsk næringsliv. Eg vil også åtvare mot den forma for bagatellisering av dei konfliktane som norske bedrifter kunne ha kome opp i utan EØS-avtala. Laksesaka er eit eksempel på det, slik utanriksministeren var inne på.
Denne samanlikninga med frihandelsavtala er i stor grad ei samanlikning med ein ukjend faktor, fordi frihandelsavtala fungerte i relativt kort tid med den indre marknaden når ein tar med den forhandlingstida som var fram til ei EØS-avtale og etter at den kom i stand. I tillegg må vi ha med oss at den indre marknaden har utvikla seg på ein dynamisk måte i dei seinare åra, og at våre granneland Sverige og Finland også er inne der. Det er derfor ei vanskeleg samanlikning. Eg trur vi bør leggje vekt på at norsk næringsliv har fått tilgang til ein marknad som ein elles kunne hatt problem med å få tilgang til.
Det er viktig det som blir sagt her, at ein ikkje berre får plikter, men at ein også får rettar innafor denne marknaden, slik at ein ikkje risikerer å bli stengd ute på ein urett måte, då ein har overvakingsorgan og domsorgan som gjer at ein kan kome inn att. Norske verksemder har faktisk gjort seg nytte av dette for å sikre at dei kan vere ein del av den indre marknaden. Derfor blir denne debatten litt uverkeleg i den forstand at ein ikkje heilt veit kva ein skal samanlikne med.
Ein kunne i og for seg sagt retorisk at dersom ein ikkje hadde hatt EØS-avtala, måtte ein gjort endå sterkare nytte av WTO for å gjere seg gjeldande på den europeiske marknaden, men den avtala er heller ikkje særleg gunstig etter det ein del her meiner.
Eg meiner likevel at John Dale set fingeren på ei rekkje vesentlege spørsmål. Balansen mellom folkestyret og denne marknadstilgangen som vi her er ute etter, er naturlegvis eit viktig spørsmål. Men problemet er at det ikkje finst eit anten - eller. Ein kunne sagt at ein ville ta vare på folkestyret og ikkje gått inn i EØS-avtala, men då ville ein også sagt nei takk til ein vekst og framgang i ein del av norsk næringsliv som vi heller ikkje ville unnvore. Dermed står vi ikkje overfor eit anten - eller, men eit både - og om vi makter å utvikle folkestyret saman med den nye typen avtale som vi her har fått. Det er den daglege diskusjonen som vi må gjennomføre i dialog med Regjeringa og innafor dei rådføringsorgana som er etablerte. I tillegg bør vi også, som andre har vore inne på her, sørgje for at vi har eit breiast mogleg norsk engasjement i høve til europeiske organisasjonar, både EU-organ og nasjonale organ i dei enkelte EU-land. Det gjeld for parlamentarikarar, og det gjeld for interesseorganisasjonar.
Jan Petersen (H) : Jeg må innrømme at jeg synes ikke umiddelbart det er lett å forstå denne debatten. Det er jo vel kjent at Senterpartiet over en lang tid har forsøkt å bringe liv i EØS-motstanden, og jeg respekterer dem for så vidt for deres prinsipielle standpunkt til EØS-avtalen. Men det er vel temmelig på det rene at alle forsøk på å blåse liv i denne motstanden bare viser at motstanden er stein død. Jeg tror denne debatten i seg selv vil være et uttrykk for det. Ikke engang den til enhver tid tjenestegjørende statsministerkandidat fra Senterpartiet har jo sett seg i stand til å delta i denne debatten.
Jeg respekterer interpellanten for at han går dypt og prinsipielt til verks, og at han reiser spørsmålet om ikke mindre enn norsk demokrati. Og da er det for så vidt sammenheng mellom interpellasjonens ordlyd og det programstandpunktet partiet har. Men jeg må nok si at hvis man først er bekymret for demokratiet i sin alminnelighet, synes jeg nok at den konklusjonen hr. Dale trekker i sitt forslag, nemlig et ønske om en årlig melding til Stortinget, er en forholdsvis puslete konklusjon på en så dyptgripende problemstilling. Forklaringen på at det hele er blitt så puslete, er jo at Senterpartiet åpenbart ikke synes at EØS-avtalen er verre enn at man meget gjerne vil være med og administrere den, selv om jeg nok tror man skal være klar over at den prinsipielle motstanden som John Dale målbærer, også vil ligge under i måten Senterpartiet vil administrere EØS-avtalen på. Vi skal ikke glemme at skal EØS-avtalen fylle den funksjonen den skal i forhold til hele vårt nærings- og arbeidsliv, ja, så må den være en dynamisk avtale hvor man i pakt med avtalens ånd også er villig til å være med på å videreutvikle den. Derfor er det nok min bekymring at en av Senterpartiets målsettinger vil være med på å uthule EØS-avtalen innenfra.
Nå vil jeg håpe og tro at det er et ønske som ikke deles i det såkalte sentrum, selv om jeg nok synes at språkbruken til hr. Steensnæs har flyttet seg noe i forhold til hva jeg har hørt fra Kristelig Folkeparti på dette området før. Men jeg får håpe at dette bare var en retorisk utstrakt hånd i forhold til Senterpartiet, og at man også der selvfølgelig ser behovet for og verdien av lojalt å være med på å videreutvikle EØS-avtalen. For hvis man ikke er glassklar på det punktet, vil man skape et betydelig problem for vårt arbeids- og næringsliv. Og selv om dobbeltkommunikasjon er en utbredt sport i norsk politikk for tiden, tror jeg det er svært viktig at man nettopp på dette viktige området ikke dobbeltkommuniserer.
Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) : Det er langt frå det Arbeidarpartiet sa i 1992, og det dei no gjer i høve alle dei mengder av EU-direktiv som stadig blir implementert i norsk lovverk.
Gunnar Skaug sa f.eks om oljedirektivet:
« Norsk olje og gass er ikke på billigsalg. Vedtar EU forslaget til oljedirektiv svarer Norge med et EFTA-veto i EØS-komiteen. »
Så har Arbeidarpartiet og Høgre til no avvist forslag om veto i alle tilfelle, og mange har - som Gunnar Skaug - måtta stemma mot eigne standpunkt frå tidlegare når reglane har kome i EØS-innpakning.
Tore Nordtun har diverse gonger snakka i store bokstavar for norske leveransar frå lokalt næringsliv til oljesektoren, naturleg nok utan å få gjennomslag som følgje av at oljedirektivet og andre direktiv for lengst passivt er godtatt av Arbeidarpartiet. Sjølve språkbruken er i seg sjølv verd nærmare studiar.
Regjeringa opna i fjor for ei gedigen liberalisering på området verdipapirhandel, men leiaren i finanskomiteen, Bjørnar Olsen, avviser sjølve problemstillinga med å seia i Stortinget seinast førre fredag at det er tilpassing til EØS.
Her går føre seg ei massiv overføring av politisk makt til EU. EU-regelverket prioriterer fri flyt framfor handelshindrande omsyn, som f.eks miljøvern. Dei fleste sakene som stiller handel kontra miljø på spissen, gjeld matkvalitet. Kampen står mellom omsynet til helse og føre var-prinsippet og frihandel. Frå Regjeringa si melding om matkvalitet veit no faktisk ikkje folk om Arbeidarpartiet vil leggja ned veto verken i forhold til matsminkedirektivet, barnematdirektivet eller genmerke- forordningane, sjølv om vi har strengare reglar i Noreg enn EU på alle desse områda.
I ei sak, kontrollen med importerte matvarer og levande dyr, har Arbeidarpartiet trass i dokumentasjon om auka smitte sett foten ned. Vi ser eit arbeidarparti som snur frå helseomsyn til marknadsomsyn når EU pressar reglane gjennom systemet.
Flaskepantordninga, som gjer at Noreg har ein eineståande attbruksprosent for drikkevareemballasje i verdssamanheng, har vore gjenstand for press frå EU i fleire år. I statsbudsjettet for 1997 gjekk faktisk Regjeringa så langt at den føreslo avvikling av grunnavgifta på eingongsemballasje. Stortingsfleirtalet har berga systemet så langt, men dette er vel det endelege eksempelet på Arbeidarpartiet sin eigentlege EØS-politikk. Motstanden mot uheldige direktiv blir aldri lufta og drøfta prinsipielt i forkant.
John Dale (Sp) : Berre nokre korte merknader frå mi side til slutt:
Eg vil gjenta, som eg sa i tidlegare svar til utanriksministeren, at hovudperspektivet i den problemstillinga som eg har reist, er den situasjonen at demokratiet ikkje berre i Noreg, men også i andre europeiske land er hardt ute å køyra, at folk i mindre grad sluttar opp om det demokratiske styresverket som hittil har vore grundig forankra i ei tru hos det enkelte mennesket om at det nyttar å delta fordi ein kan påverka og styra politikken gjennom politiske vedtak. I denne situasjonen skal ein sjølvsagt vera svært varsam med å inngå kvar ein internasjonal avtale som forsterkar ei slik krise, eller som medfører at ein ikkje finn dei demokratiske mekanismane som ein må ha for å motverka dei problema som er på gang. Og det ville vera ein fordel om me ope innsåg at internasjonale avtalar som me sluttar oss til i dag, ofte er av ein slik type at dei reiser store demokratiske problem. Det er vel den erkjenninga eg er ute etter å få frå utanriksministeren og også frå andre, så får ein heller diskutera kva som eventuelt måtte vera alternativet i ein slik situasjon. Eg synest kanskje det blir litt for enkelt når representanten Blankenborg seier at me må halda på EØS-avtalen fordi alternativet - nemleg ein frihandelsavtale - er altfor usikkert, når me då veit at EØS-avtalen nettopp er av det slaget som gir oss større problem på ein annan kant.
Andre har vore inne på laksesaka. Her skal ein då når ein diskuterer forholdet mellom frihandelsavtalen og EØS, vera merksam på at utanfor EØS og utanfor EU vil Noreg alltid kunna risikera å møta dumpingskuldingar med tilsvarande truslar om mottiltak. Men det fører, som me har sett, gjerne til forhandlingar, som igjen kan gi oss avtalar som er til å leva med. Land innan EU vil alltid måtta godta dei vedtaka som vert gjorde av domstolane og det systemet som gjeld der, og då vil ein nettopp ikkje ha fordelen av at ein kan utnytta forhandlingssituasjonar til beste for landet.
Utenriksminister Bjørn Tore Godal : La meg avslutningsvis si at jeg finner det fortjenstfullt at både representanten Dale og andre er engasjert i de prinsipielle sidene ved forholdet mellom folkestyret og internasjonale organisasjoner og avtaler. Det er en god ting, og vi trenger mer av det, ikke mindre. Men når jeg har hatt mine reservasjoner i forhold til representantens vinklinger, er det fordi jeg har en fornemmelse av - det er mulig det er feil - at en føler at en ville stått sterkere uten disse avtalene. Men det er jo ikke tilfellet. Både i Verdens Handelsorganisasjon, i EØS, i OECD bedriver vi jo drøftinger om en regelverkstyrt utvikling, og vi kan være enig eller uenig om reglene, men uten regler som styrer en regional og internasjonal utvikling, ville vi ha vært mer overlatt til kreftenes frie spill enn ellers. Særlig for Norge som et lite land med en utadvendt økonomi må dette etter mitt skjønn være ganske klart. Hadde vi hatt en liten, isolert økonomi som vi kunne rå med selv og ikke var særlig opptatt av hva som skjedde med våre rammebetingelser fordi de var mindre viktige for oss, kunne jeg forstått det. Men vi er sterkt avhengig av å være i inngrep med utviklingen på regelverksområdet både i Europa og globalt. Det er mitt enkle utgangspunkt. Men derfra til å erkjenne at dette medfører styringsproblemer og demokratiske problemer er ikke vanskelig for meg - ja, selvsagt gjør det det. Men uten slike muligheter, uten tilslutning til disse regionale og internasjonale organisasjoner ville vi vært verre stilt enn før, og det tror jeg jeg har fått illustrert gjennom mitt svar på interpellasjonen.
Så noe om dette med veto. Jeg viser til det jeg sa i hovedinnlegget. Vi kan selvsagt ikke på noen måte utelukke at veto kan komme på tale. Men vi må jo være klar over at i en vetosituasjon i forbindelse med en avtale som bygger på gjensidighet, har vi mindre å fare med når det gjelder økonomisk tyngde i en eventuell debatt om mottiltak ved et veto, av den enkle grunn at EU-markedet er langt viktigere for oss enn det norske markedet er for EU-landene. Det var annerledes i en situasjon da EØS-samarbeidet bygde på en større likeverdighet gjennom en stor gruppe ganske tunge EFTA-aktører og en riktignok større gruppe EU-land. Men nå er det altså tre land igjen, og i den grad vi snakker om å bruke økonomiske muskler gjennom en prosedyre hvor en treffer tiltak mot hverandre, står vi i utgangspunktet svakere enn vi gjorde i en situasjon hvor våre nordiske naboland og Østerrike var med i EFTA-pilaren i EØS. Men i det legger jeg selvsagt ikke noe mer enn at vi må ha det med oss også ved framtidige korsveier når vi skal vurdere konkret hvilke virkemidler som bør tas i bruk.
Presidenten: Debatten i sak nr. 6 er dermed avsluttet.
(Votering over forslag, se side 3646)