Sak nr. 13
Forslag fra stortingsrepresentant Børre Rønningen på vegne av
Sosialistisk Venstreparti oversendt fra Odelstingets møte 6. juni 1997:
(Jf.
Innst.O.nr.94)
« Stortinget ber Regjeringa kome med framlegg om strakstiltak
og endringar i lov om folketrygd og i lov om tiltak til å fremme
sysselsetting som inneheld følgjande:
1) Det ytast heile eller graderte
dagpengar til trygdet som har hatt arbeidsinntekt i sist avslutta
kalenderår, eller eit gjennomsnitt av dei siste tre avslutta kalenderår, på
minst 1 G.
2) Den ledige skal ha rett på dagpengar dersom vanleg arbeidstid
er redusert med minst 25 % (i dag 40 %).
3) Dagpengeperioden løper normalt
i 156 veker (ingen todeling).
4) Dersom den ledige ikkje har greidd å
skaffe seg/eller fått tilbod om arbeid innan dagpengeperiodens utløp, skal
vedkomande framleis ha rett til dagpengar eller tiltak.
5) Inntekt frå
arbeidsmarknadstiltak og dagpengar reknast med i dagpengegrunnlaget og
kvalifiserer fullt ut for nye dagpengar.
6) For langtidsledig ungdom under
25 år og langtidsledige over 55 år vert det utvikla tiltaksordningar på 2 x
12 månader med normale løns- og arbeidsvilkår. Det må vidare vurderast å
legge til rette for at langtidsledige frå og med fylte 57 år kan få fortrinn
til ledig arbeid/stilling i offentleg sektor. »
TALERE:
Presidenten: Ingen har bedt om ordet.
(Votering, se side 4096)