TALERE:
Sigvald Oppebøen Hansen (A) : Det er mykje som tyder på at me er inne i ei alvorleg rekrutteringskrise i vårt utdanningssystem. Undersøkingar som er gjorde, viser at stadig fleire utslitne lærarar forlèt yrket, og at færre studentar søker om opptak til lærarutdanning. Vidare veit me at det i løpet av ein 10-15-årsperiode av naturlege årsaker vil bli slik at om lag halvparten av dagens lærarar vil nå pensjonsalder. Når me samstundes veit at det er ein nedgang i søkninga til lærarutdanninga, og at utdanna lærarar er attraktive i det private næringslivet og i det private utdanningssystemet, ja, da er det all grunn til å rope eit varsku for å unngå ei sterk svekking av den offentlege skulen.
I dei siste åra har me her i landet hatt ei enorm utvikling innanfor kunnskapssamfunnet. Dette har ført med seg ein stor etterspørsel etter kunnskapsarbeidaren. Eg trur at me alle må ta ein del sjølvkritikk for at me faktisk ikkje har gjort nok og heller ikkje har arbeidd ut og diskutert planar for å møte denne utviklinga, som ein på mange måtar burde ha føresett.
Stortinget har ved fleire høve lagt stor vekt på å utvikle og vidareføre kompetansesamfunnet. Med andre ord: Det har vore og er stor politisk semje om å investere i mennesket for å møte den raske teknologiske utviklinga og arbeidslivets behov. Ei slik satsing krev gode og kompetente pedagogar og ein brei innsats i form av m.a. etterutdanning. Ei slik utvikling vil òg føre til auka etterspørsel etter pedagogar både i privat og offentleg sektor. Slik sett vil dette derfor føre med seg ein ytterlegare skjerpa konkurranse om dei som kjem frå utdanningsinstitusjonane i dei nærmaste åra.
Eg nemnde « etterutdanning » som eit stikkord. Det er vel knapt noka yrkesgruppe i det offentlege som har fått ta del i så mykje etterutdanning som lærarar. Likevel er det ting som kan tyde på at dagens etterutdanningsnivå ikkje er tilstrekkeleg, dersom ein samanliknar med akademiske grupper i det private næringslivet. Andre og viktige faktorar kan vere mangel på trivsel på arbeidsplassen, som kan skuldast så vel det fysiske som det psykiske arbeidsmiljøet, med mange elevar i klassene, mangel på oppdatert undervisningsutstyr og generelt tronge arbeidsforhold.
I dag er Noreg eit fleirkulturelt samfunn. I denne erkjenninga er det viktig å peike på behovet for pedagogar med innvandrarbakgrunn. Pedagogar med fleirkulturell bakgrunn er ein uutnytta ressurs. Nokre er allereie i skuleverket som trufaste støttelærarar og morsmålslærarar, men manglar den formelle norske lærarutdanninga. Alt tyder på at det er ein stor mangel på denne gruppa i norsk skule i dag. Me står framfor ei etter- og vidareutdanningsreform som krev fleksible løysingar. Med fleksibilitet meiner eg òg at ei slik reform må vere tilpassa den enkelte sitt oppdateringsbehov for å kunne gå opp på kateteret som lærar. Dette vil seie at me må gjere utradisjonelle grep og vere villige til å tenke i andre spor enn dei me vanlegvis tenker.
Vidare ser me at det blir færre og færre mannlege lærarar i grunnskulen, og då særleg på barnesteget. Dette er urovekkande. Kva årsaka til dette kan vere, er ikkje lett å seie, men det kan på mange måtar verke som om undervisning på dette nivået ikkje har like stor status som på høgare nivå. I ei tid der fleire og fleire menn finn glede og personleg utvikling i den daglege omsorga for eigne barn, må me òg oppmuntre menn til å sjå på den gleda og den personlege utviklinga det er å undervise i barneskulen. Me og samfunnet treng båe kjønna representerte bak kateteret på alle klassesteg.
Rekrutterings- og stabilitetsproblema kan òg i høgste grad vere konjunkturbestemte. På 1980-talet, i den såkalla jappetida, såg me dei same tendensane. Gode og dyktige pedagogar svikta skulen og tok seg jobb i det private næringslivet. Og den same problemstillinga ser me altså nå når det er gode tider på fleire område, og eg har inga tru på at det offentlege nokon gong kan konkurrere lønsmessig med den private arbeidsmarknaden.
Ei anna vanskeleg og stor utfordring er korleis lærarar over 50 år vil makte å halde ut til oppnådd pensjonsalder. For kva gjer ein utbrent 60 år gammal lærar når han eller ho møter forventningane frå 30 krevjande elevar, når helsa skrantar på grunn av stress, søvnplager, muskelspenningar, nervøsitet og fordi det er knytt stor uvisse til om vedkomande kan fungere godt nok i jobben? I tillegg til å ha mista yngre dagars overskot og pågangsmot står vedkomande midt i straumen av nye læreplanar, nye faglege og pedagogiske utfordringar og utviklinga innan eit fleirkulturelt samfunn.
Eg har stor forståing for at mange gruer seg kvar einaste dag for å gå på jobb. Men så er det òg slik at det på mange måtar ikkje er nokon annan veg utanom enn å kaste seg på IT-toget, gjennomføre målstyring eller lære seg nye fag for å henge med.
Eg skal for all del ikkje generalisere, for eg veit at dei aller fleste lærarar fungerer godt i jobben sin, sjølv om dei til tider føler seg utbrende. Og ein må ikkje gløyme at desse lærarane er ein stor ressurs for skulen. Derfor meiner eg at det er viktig at samfunnet må gjere betre bruk av denne ressursen. Ein mogleg måte å få dette til på, er å la dei få andre oppgåver enn berre rein undervisning.
Desse problema i høve til våre eldste arbeidstakarar er ikkje nye, dei har alltid vore der. Men eg meiner at det no er viktigare enn nokon gong før å sette fingeren på denne problemstillinga. Lærarane må for all del ikkje miste evna til å tole og forstå omstillingar og endringar. Like viktig er det at me må legge tilhøva til rette for å hjelpe dei til ei verdig avslutning på yrkeslivet.
Kva kan så me gjere? Det finst det ikkje noko enkelt svar på. Derfor er det nå viktig at me set desse spørsmåla på den politiske dagsordenen gjennom å utarbeide ein eigen handlingsplan for både rekruttering og stabilitet i læraryrket. Og dette arbeidet hastar!
Eg tar på vegner av Arbeidarpartiet opp framlegg nr. 3.
Presidenten: Representanten Oppebøen Hansen har tatt opp det forslag han
refererte til. Statsråd Jon Lilletun : Eg vil seie at
eg kan slutte meg til svært mykje av det interpellanten tok opp i sitt
innlegg. Denne understrekinga av læraren si rolle er det viktig at vi
stadig gjentek og fornyar.
Representanten Sigvald Oppebøen Hansen
viser til undersøkingar som seier at om lag halvparten av dagens lærarar vil
nå pensjonsalderen i løpet av 8-15 år, og at talet på søkjarar til
lærarutdanninga syner ein nedgang. Eg har òg merka meg liknande
undersøkingar som synest å varsle ein lærarmangel i åra framover. Dette er
eit forhold me må vere opptekne av, og det er eg òg. Eg vil derfor innleie
med å gje mi tilslutning til to forhold som eg oppfattar blir tekne opp i
interpellasjonen frå representanten Hansen:
| 1. | Det er sterkt ynskjeleg å sikre ein tilgang på nyutdanna lærarar i samsvar med det reelle behovet i opplæringssystemet i åra framover. |
| 2. | Det er viktig at vi utdannar kompetente pedagogar for opplæringssystemet som kan møte utfordringar i både dagens og morgondagens informasjons- og kompetansesamfunn. |
Dei utfordringane som representanten Hansen peiker på, femner vidare enn til lærarutdanning. Temaet er ved fleire høve teke opp av Stortinget, og Regjeringa vart i Innst.S.nr.260 (1996-1997) beden om å gjere ein samla gjennomgang med vurdering av dimensjonering innan høgare utdanning. Som eg har nemnt i andre samanhengar, vil Regjeringa derfor i løpet av våren leggje fram ei melding for Stortinget der det blir gjort ein slik grundig gjennomgang av utdanningskapasiteten i utvalde yrkes- og universitetsstudium, sett i samanheng både med søkning til dei ulike studia og etterspørsel etter arbeidskraft innanfor ulike profesjonar og yrke i åra framover.
I samband med førebuinga av arbeidet med dimensjoneringsmeldinga har departementet bede Statistisk sentralbyrå utarbeide eit underliggjande datamateriale. Det gjeld både omsyn til avgangen av lærarar som pensjonerer seg eller går over i andre stillingar, tilgangen av nye lærarar til yrket og det auka elevtalet som vi veit vil kome. Slike utrekningar og prognosar for etterspørsel og tilbod i arbeidsmarknaden vil alltid vere usikre. Det er m.a. vanskeleg å føresjå kva konsekvensar framtidige samfunnsøkonomiske endringar vil kunne ha på arbeidsmarknaden, t.d. når det gjeld avgang frå yrket. For meg vil det vere viktig å sikre at behovet for lærarar i åra framover ikkje vert undervurdert. Arbeidet med talmaterialet er enno ikkje sluttført i departementet, og eg ser det derfor ikkje som føremålstenleg å gå nærare inn på desse tala no.
Dimensjonering av lærarutdanning og dei spørsmåla som representanten Oppebøen Hansen tek opp i interpellasjonen, vil såleis verte drøfta av Stortinget seinare i vår i samanheng med at tilsvarande problemstillingar for fleire utdanningskategoriar vert lagde fram i dimensjoneringsmeldinga. Eg vonar at vi då skal ha eit statistisk materiale som vil gje eit tilfredsstillande grunnlag for å dimensjonere dei ulike lærarutdanningane i samsvar med det reelle behovet i arbeidslivet i dei komande åra.
Eg vil i denne samanhengen også nemne at vi har vedteke ei ny lærarutdanningsreform, som vil verte iverksett frå neste studieår. Reforma omfattar både allmennlærar- og faglærarutdanning og praktisk-pedagogisk utdanning. Studiemodell er vedteken, og rammeplanane er straks klare. Eg trur at den nye reforma skal gje ei kvalitetsstyrkt og meir framtidsretta kvalifisering av lærarar.
Ei god lærarutdanning er ein føresetnad for ein god skule i framtida. I løpet av dei siste åra har kapasiteten i utdanninga vorte auka via høgare måltal. Framleis kan vi gle oss over å ha gode søkjarar som ynskjer å kvalifisere seg for dette viktige yrket, sjølv om det er rett som interpellanten seier, at det er ein nedgang i talet på søkjarar, men til no har det vore nok gode søkjarar til at det ikkje har påverka tilgangen.
Eg trur at ei av dei viktigaste utfordringane våre i dag er å prøve å gjenreise læraren sin status og respekten for læraren sitt viktige pedagogiske arbeid. Eg er m.a. uroa av stadig fleire signal frå grasrota om at lærarar opplever at kvardagen deira i aukande grad vert byråkratisert. Ei slik utvikling må motverkast. Læraren si tid skal og må framleis fyrst og fremst brukast på dei oppgåvene der dei har særleg kompetanse, i pedagogisk arbeid i møte med elevane i klasserom og skolemiljø elles, og i tett og godt samarbeid med dei føresette, altså foreldra.
Vi kjem òg i vår med ei stortingsmelding om etterutdanning. Kvalifisering - ny kvalifisering og endra kvalifisering - av lærarar vil vere svært viktig. Skal vi lukkast med den reforma, er det viktig at lærarane på ein god måte kjem med, då det er dei som i stor grad skal vere hovudansvarlege òg for å gje etterutdanning til andre.
Eg ser fram til debatten. Det kjem sikkert ein god del gode innspel som kan brukast både i forhold til dimensjoneringsmeldinga, i forhold til etterutdanningsmeldinga og i forhold til det arbeidet som vi gjer for å styrkje læraren si stilling i det norske samfunnet.
Sigvald Oppebøen Hansen (A) : Eg takkar statsråden for svaret, som inneheldt tiltak på somme område, men ikkje på alle. Det at me får ei dimensjoneringsmelding og ei etter- og vidareutdanningsreformmelding og at me har gjennomført ei ny lærarutdanningsreform, er sjølvsagt tiltak som forbetrar situasjonen. Men undersøkingane som har blitt presenterte i det siste, viser det me faktisk har trudd i etter måten lang tid, at me har eit monaleg rekrutteringsproblem, og at - som me veit utan at me studerer talmaterialet nærmare - svært mange innanfor yrket vil gå over i pensjonistanes rekker om ganske få år.
Vidare kunne avisa VG i førre veke presentere ei oversikt som viser at me har svært mange såkalla ufaglærte vikarar i skuleverket. Oversikta viste at det var 4.000 ufaglærte vikarar i grunnskulen, og at Oslo var det området som peikte seg mest negativt ut i forhold til å ha ufaglært arbeidskraft.
Som eg sa i mitt første innlegg, har eg inga tru på at det offentlege kan konkurrere med det private næringslivet når det gjeld løn. Me ser at private utdanningsinstitusjonar faktisk går ut og tilbyr pedagogisk personell mykje høgare løn enn det det offentlege kan tilby, som ligg på det nivået som er tariffesta.
Eit anna problem som eg har vore inne på i denne salen for ikkje så lenge sidan, er mangelen på realistar. I tillegg til at me ser at det er ei skeiv kjønnsfordeling på det området, ser me òg faktisk at mange av dei som vel realfag, ganske tidleg i utdanningsløpet blir plukka opp av det private næringslivet.
I går fekk komiteen presentert ei undersøking frå Forskarforbundet som viste at det når det gjeld universitets- og høgskulemiljøa er ein gjennomsnittsalder blant det vitskaplege personellet på 55 år. Halvparten av dei tilsette innanfor dette området vil gå av med pensjon om 10 år. På grunn av ein stram arbeidsmarknad blir det òg ein hard konkurranse om desse arbeidstakarane. Her blir det altså ei stor utfordring både å rekruttere og å behalde dyktige kandidatar med høg kompetanse i vitskaplege stillingar.
Eg vil gjerne utfordre statsråden ein gong til og spørje om han er einig i alle desse tiltaka og dei - for å seie det slik - problemområda som eg skisserte, og når han eventuelt har tenkt å legge fram ein total tiltaksplan for å løyse denne problematikken, og ikkje minst sette i gang tiltak for å lette arbeidssituasjonen for dei eldre arbeidstakarane slik at dei kan stå i yrket fram til pensjonsalderen.
Statsråd Jon Lilletun : Vi har eit rekrutteringsproblem, seier representanten Oppebøen Hansen. Det er heilt klart at det er ein del substans i påstanden, ut frå nedgangen i talet på søkjarar, og ut frå at det er for få gutar som søkjer kontra jenter, til å ha jamvekt i skulen.
Eg trur at det beste rekrutteringstiltaket er at vi klarar det eg nemnde i innlegget: å få lærarane til igjen å føle seg oppvurderte i forhold til det viktige arbeidet dei gjer. Reformer som har kome veldig tett og veldig fort dei seinare åra, og i samband med det ei klart auka oppleving av byråkratisering, er av dei tinga som gjer at lærarar sjølve ikkje eigentleg heller rår andre til å velje dette yrket. Eg trur vi har ein kjempejobb å gjere når det gjeld å få sett ord på og verkeleg få dokumentert overfor storsamfunnet at læraryrket, den jobben som lærarane gjer, er viktig.
Mange vil gå over i pensjon - det er heilt rett. Eg trur at det parallelt med at ein får ei AFP-ordning og ein lågare pensjonsalder, er viktig å få gjennomprøvd ein del seniortiltak. Vi har i departementet til vurdering eit forsøk i Stange og ein del andre forsøk i så måte. Eg trur at med den mangelen vi har no, er det viktig at vi kan lage ordningar som gjer at det vert attraktivt å verte ståande lenger i læraryrket. Det skal vere mogleg å gå tidlegare, men det skal òg vere moglegheit for ein kveik gjennom diverse ordningar, og der er vi ikkje komne langt nok, det gjev eg utan vidare Oppebøen Hansen rett i, og der har vi ein jobb å gjere.
Talet på ukvalifiserte lærarar gjekk litt opp i år, og eg trur det er lett å analysere kvifor. Det er i samband med at det var så stort behov for nye lærarar på grunn av Reform 97. Her har vi ytterlegare ein grunn til å gjere det attraktivt både å verte ståande i læraryrket og å utdanne seg til det.
At det er mangel på realistar, er òg heilt rett. Men dersom ein ser dette som ei kjede: No har ein i større grad gjort matematikk og realfag obligatorisk på lærarskulen. Ein har i større grad styrkt desse faga i læreplanane i samband med Reform 97 og Reform 94. Eg meiner at det her er gjort ein ganske omfattande jobb for å styrkje realfaga, og det begynner å gje seg utslag, men ein har ein monaleg veg å gå her òg. For når ein fyrst hadde den meiningslause situasjonen at realfag var frivillig i lærarskulen på 1970-talet, har det forplanta seg negativt, og dermed er vi på etterskot. No har ein gjort endringar, men det går ein del år før folk veks seg til frå fyrste klasse og til dei er ute i produktivt arbeid som realistar.
Anneliese Dørum (A) : Det forundrer meg egentlig ikke at rekrutteringen til læreryrket er dårlig. Det er et krevende yrke, som samfunnet ikke i tilstrekkelig grad verdsetter. Jeg vil her konsentrere meg om grunnskolen, hvor lærerne tar hånd om barna våre fra de er seks år og til de er ferdig med ungdomsskolen. Dette er kanskje den aller viktigste perioden i et menneskes liv når det gjelder læring og utvikling. Det er en krevende jobb å gi barna og ungdommene våre god opplæring og god utvikling.
Hvordan er situasjonen i grunnskolen i dag? Selv om mange skoler har tilfredsstillende forhold, får vi mange signaler om at det fysiske og psykiske arbeidsmiljøet er for dårlig både for elever og lærere. Når enkelte elever og lærere blir syke av å være på skolen, er det et alvorlig varsku til oss. Det kommer av de fysiske forhold på skolen, bl.a dårlig inneklima. Et dårlig inneklima kan i verste fall gi sykdom og plager, nedsatt trivsel og nedsatt livskvalitet. En del symptomer er mer allmenne, som hodepine, tretthet, følelsen av å være tung i hodet, uvel og svimmel. Det er påvist stor økning av astma og allergiplager blant skolebarna våre. Dette kan vi ikke akseptere, dette må vi gripe fatt i og gjøre noe med - mer enn det vi har gjort hittil.
De fysiske forholdene er mange steder svært mangelfulle både for elever og lærere. Jeg har et eksempel som stod i Norsk Skoleblad for en tid siden. Det gjelder rektor ved Krossen skole i Kristiansand som truet med å trekke seg fra stillingen sin på grunn av de dårlige arbeidsforholdene. De 78 kvinnelige ansatte ved skolen deler to toaletter, mens de 34 mannlige ansatte har ett toalett og ett pissoar på deling. Rundt 50 lærere deler 18 arbeidsplasser i et rom på 78 m2. Denne situasjonen er ikke enestående.
Det har vært slått til lyd for at staten skal overta forvaltningen av grunnskolen fordi kommunene mange steder ikke i tilstrekkelig grad makter å følge opp med de ressursene skolen trenger. Det gjelder både vedlikehold og skolebygninger, midler til skolemateriell og videreutdanning av lærere.
Vi har nå bedt om å få en tilstandsrapport om forholdene i grunnskolen. Den vil gi oss et bedre grunnlag for å vite hvor vi skal sette inn ressursene, og om det blir nødvendig, noe jeg tror, å få staten mye mer aktivt inn, med øremerkede tilskudd.
Ulf Erik Knudsen (Frp) : Fremskrittspartiet deler interpellantens syn om at det er behov for et løft for læreryrket. Det er rimelig å anta at en del av problemene med rekruttering til yrket skyldes lønnsnivået. Dette som kanskje er vårt viktigste yrke, har et lønnsnivå som ikke er tilfredsstillende. Jeg tror også at mangelen på differensiert lønn kan ha en negativ effekt på yrket. Det er mange av oss som er slik at hvis vi ikke blir belønnet for ekstrainnsats og for å gjøre det ekstra bra, blir vi kanskje litt demotivert.
Men det er selvfølgelig ikke bare lønn som er viktig når det gjelder valg av yrke. Statsråden var inne på status, at statusen må heves. Vi kan ikke vedta å heve statusen - dvs. vi kan sikkert vedta det, men det vil ikke ha noen særlig effekt. Men det vi kan vedta, er enkelte ting i forbindelse med arbeidssituasjonen for lærerne. Vi kan se på etter- og videreutdanning. Vi kan se på pedagogisk frihet. Vi kan se på arbeidsmiljø, som representanten Dørum var inne på, som er en viktig faktor. Vi kan selvfølgelig også se på arbeidsområdene. Arbeidsområdet for lærerne har vært kanskje en av de største motivasjonsfaktorene for at man har valgt denne utdanningen og dette yrket, men vi kan ikke basere oss på at man skal føle dette som et kall. Arbeidsbyrde og fysisk miljø er selvfølgelig også viktig. Det kan gå på kontorplasser, det kan gå på utforming, og det kan gå på antall.
Jeg tror også det er en annen ting som ikke må glemmes: organiseringen av skolen. Jeg tror at det er mye som kan gjøres med hensyn til organisering av skolen, og jeg har berørt dette i flere debatter i denne sal. Det er et spørsmål om vi har organisert skolen på en måte som gjør den til en lite attraktiv arbeidsplass.
Hvis man ser på det fremlagte forslaget fra Arbeiderpartiet og de varslede forslag fra SV og Høyre, oppfatter jeg det som forslag som går i samme retning. Fremskrittspartiet støtter intensjonene i alle forslagene og vil kunne stemme for alle sammen. Men det kunne være fristende å oppfordre til at man samrådde seg når man har en relativt lik intensjon.
Anne Brit Stråtveit (KrF) : Det er færre søkere til læreryrket, mange som går ut i andre yrker etter endt lærerutdanning, og mange lærere som underveis i sin yrkeskarriere går over til andre yrker. Vi vet noe om årsakene til at læreryrket ikke er så attraktivt som det har vært. Det handler om lønn, det handler om dårligere og utrygge arbeidsforhold mange steder, det handler om endring i lærerrollen, med flere sosiale oppgaver og nye arbeidsmetoder.
Igjen har jeg lyst til å påpeke at det er viktig å oppgradere læreryrket og gi det verdi og status. Jeg tror at skal vi få flere til å søke lærerutdanning, må vi gjøre jobben som lærer mer attraktiv. Positive holdninger til nye reformer kan lett bli snudd til en følelse av maktesløshet dersom vi ikke legger forholdene bedre til rette i skolen. Særlig vil etter- og videreutdanning for lærere være av stor betydning for yrket. Jeg tror at studenter som velger yrket, ville føle det som et pre hvis de visste at de kunne regne med å bli oppdatert og faglig utviklet i sin kommende jobb.
Framtiden er avhengig av en god skole, og en god skole er avhengig av gode lærere. Da er det også viktig å ha nok søkere, men også de rette søkerne. Kanskje er det verdt å tenke igjennom det som KrFU uttalte i en pressemelding nylig om lærerutdanning, om opptaksprøver og intervju og om personlig egnethet i læreryrket. Kanskje det er noe som er verdt å kikke på.
Hvis en skal holde ut i et yrke som lærer, er det viktig at en passer inn i det. Å være lærer og å bli lærer er ikke det samme som det var. Det må legges mye arbeid i å motivere ungdommer til å ta lærerutdanning - spesielt gutter. Vi vet at det er færre mannlige lærere enn kvinnelige, og de mannlige er viktige i skolen. Vi må passe på at lærerutdanningen virkelig utdanner til jobben, som nå er noe annerledes enn den var før. Kanskje vil det i framtiden, eller allerede nå, være rom og behov for større samarbeid med andre yrkesgrupper i skolen, fordi oppgavene er blitt endret.
Jeg er noe usikker på nødvendigheten av en egen handlingsplan for rekruttering til læreryrket, og kunne nok ønsket meg dimensjoneringsmeldingen lagt fram først. Men uansett, det viktigste er godt motiveringsarbeid for et yrke der vi kan tilby gode arbeidsforhold.
Petter Løvik (H) : For Høgre er kvalitet i skulen det viktigaste målet inn i eit nytt århundre. Det er fleire verkemiddel vi kan bruke for å oppnå dette, men vi kjem absolutt ingen veg utan dyktige og motiverte lærarar.
Derfor er det eit svært viktig spørsmål som interpellanten tar opp i dag, sjølv om det i form er litt snevert: Korleis kan vi sikre ny rekruttering til læraryrket? Dette er ein viktig del av problemstillinga, men like viktig er: Korleis kan vi motivere og støtte opp om dei lærarane som allereie er i skulen? Korleis kan vi auke deira status og gi dei høve til å fylle den viktige rolla dei har i samfunnet?
Høgre har fleire gonger i førre periode tatt fatt i dette problemet, og vårt håp er at ein ny statsråd vil sjå med nye auge og vere meir aktiv når det gjeld verkeleg å gripe fatt i desse problemstillingane enn det tidlegare statsrådar har vore.
Vi kjem ikkje utanom løn når vi diskuterer status og rekruttering. Vi må ikkje gjere lærarane til eit lønsproletariat. Men i tillegg må vi sjå på mulegheitene for etterutdanning, vi må sjå på om det er reglar og restriksjonar som hindrar at vi får det beste ut av den enkelte lærar, vi må sjå til at dei får utfolde sine faglege evner.
Statsråden var tidlegare i dag inne på byråkratisering, og at lærarane blir sette til ein masse jobbar som har lite med læraryrket å gjere. Eg delar fullt ut statsrådens oppfatning, som er eit eksempel på det eg nemnde om korleis ein kan bruke, men ikkje bør bruke lærarar.
Vi må sjå på arbeidsvilkåra i vidaste forstand. Det er rett, som representanten Knudsen sa, at alle framlegg går i same retning, men der er likevel klare forskjellar mellom dei forslaga som er framlagde og omdelte. SV sitt forslag som er omdelt, går veldig langt i å gripe sterkt inn i lønnsoppgjeret, i forhandlingsretten, lenger enn det vi i Høgre synest er forsvarleg av Stortinget. Arbeidarpartiet sitt forslag er nokså - for å bruke slike uttrykk - slapt og generelt og litt vassent i ei så viktig sak. Så her er det realitetsforskjellar, og eg tillet meg å ta opp det framlegget frå Høgre som er omdelt, framlegg nr. 4.
| - | senke elevtallet i klassene, dvs. mer tid til hver enkelt elev |
| - | gi mer ressurser til kommunene, slik at tiltak for barn med spesielle vansker kan få den støtte de trenger tidligst mulig |
| - | mer etterutdanning for lærerne |
| - | og hindre at det blir for store skoler |
| - | stimulere til trivselsfremmende tiltak for elever og lærere |
Det siste vil jeg komme nærmere tilbake til i neste uke i en interpellasjon som jeg har meldt.
Rolf Reikvam (SV) : Debatten så langt viser at der er mye god vilje og mange vakre ord, men når vi kommer til realitetene, eventuelt å stemme for forslag, svikter kanskje motet.
For å illustrere utviklingen kommer jeg til å bruke noen tall. I grunnskolen i dag er det ca 6,5 % ufaglærte lærere eller lærere som mangler formelle kvalifikasjoner. Men det som er alarmerende og spesielt alvorlig, er at i det sentrale østlandsområdet, i Oslo, Akershus og Buskerud ser vi en dramatisk økning i antall lærere uten godkjent utdanning i grunnskolen. I disse fylkene ligger tallet opp mot 10 %. Hver tiende lærer i disse tre fylkene i grunnskolen mangler formell, godkjent utdanning for å undervise. Dette er alarmerende, og dette må vi ta på alvor. Det er en sterk økning fra forrige skoleår.
OECD peker i sin siste utdanningsrapport på at de fleste OECD-land er opptatt av hvordan man skal rekruttere tilstrekkelig mange og gode nok lærere. Rapporten slår fast at lønns- og arbeidsvilkår er helt avgjørende for rekrutteringen. Konkurransedyktig lønn er en forutsetning for at norsk skole skal få nok og gode nok lærere.
Skolen rekrutterer fra to veier. Den rekrutterer fra de pedagogiske høyskolene, og den rekrutterer fra universitetene. Vi ser også samme tendensen på universitetene. Der er en sterk nedgang i antallet som går på pedagogisk seminar, altså de som har valgt å gå inn i skolen. I Tromsø er det veldig få med realfag som går på pedagogisk seminar, og det samme ser vi i Bergen. Det betyr at også rekrutteringen til videregående skole svikter. Det er like alvorlig som svikten i grunnskolen.
Arbeidsgiveransvaret er fordelt mellom stat og kommune. Det som er vårt hovedansvar som arbeidsgiver, er det som går på lønn. Det er vi som er motparten. Det er staten som er motparten til lærerne. Det er der vi kan sette inn tiltak og prioritere. Ved å gi klare signaler om at lønn er en helt sentral faktor når man skal rekruttere lærere, markerer vi vilje til å ta dette på alvor. Det er det som ligger i våre to forslag. Vi ønsker å gi et signal allerede ved årets tariffoppgjør om at lærergruppene må prioriteres for å sikre rekrutteringen. Dessuten ønsker vi å lage en handlingsplan som ser litt fremover, og der lønn er det helt sentrale. Det er på det området det er store problem. Det kan det ikke herske noen tvil om, og det er der staten har mulighet til å sette inn tiltak og prioritere.
Presidenten: Har presidenten oppfattet det riktig at representanten Reikvam
vil ta opp de to forslagene? Rolf Reikvam (SV) : Det er riktig.
Jeg tar dem opp nå.
[Neste innlegg av Rolf Reikvam]
Presidenten: Da har representanten Reikvam tatt opp de forslag han refererte
til. Helene Falch Fladmark (V) :
Representanten Oppebøen Hansen tar opp en viktig problemstilling, som også
Venstre er svært opptatt av.
Skolens og elevenes framtid er
avhengig av dyktige lærere. Derfor er det urovekkende signaler at mange av
kandidatene som er utdannede lærere, ikke går inn i læreryrket, og samtidig
at mange eldre lærere forlater yrket før oppnådd pensjonsalder. Det er
spesielt alarmerende at skolen har problemer med å rekruttere lærere med
realfag. Samtidig er det viktig å understreke at den norske skolen, både
grunnskolen og den videregående skolen, har svært mange dyktige lærere som
er fornøyde og som gjør en svært god jobb, til tross for mange endringer de
siste årene, og til tross for manglende ressurser mange steder.
Utfordringen ligger ikke bare i å
rekruttere nye lærere til skolen, men også i å legge til rette for at
lærerne skal ønske å bli i yrket. Dette handler om mer enn lønn.
Oppvurdering av lærerrollen er stikkordet mitt.
Signaler fra lærere forteller oss om
detaljstyring, og at mye tid blir brukt til administrasjon i stedet for
undervisning. Samtidig er mange faglærere bekymret for at deres kunnskap om
fag og pedagogikk ikke blir respektert, og at arbeidshverdagen blir
detaljstyrt av skolebyråkratiet. Jeg anmoder statsråd Lilletun om å ta
disse signalene på alvor, og føler at han med det han har sagt i dag,
faktisk gjør det.
I forbindelse med evalueringen av både
Reform 94 og Reform 97 bør departementet lytte til lærere som har sin
hverdag i skolen, f.eks gjennom en bred høring. Det bør være en naturlig
del av en evaluering at de som har gjennomført reformen i praksis, blir
hørt. Reformene ble innført over kort tid. Nå er det på høy tid å lytte
til dem som lever i skolevirkeligheten. Bare gjennom å vise respekt og å
høre på dem med erfaring, kan den norske skolen bli bedre.
Lærerne er grunnsteinen i
kompetansesamfunnet. Hvis samfunnet ikke tar vare på menneskene som skal
bygge det brede kunnskapssamfunnet, blir det meningsløst å satse på
spisskompetanse i form av informasjonsteknologi og avansert forskning.
Til forslagene som foreligger fra SV
og Høyre vil jeg si: Selvfølgelig unner vi lærerne et høyere lønnsnivå, men
det er ikke Stortingets oppgave å blande seg inn i lønnsforhandlingene. Det
er samtidig svært viktig å vurdere lærernes arbeidsforhold i bred forstand,
som jeg allerede har antydet, og jeg vil signalisere at Venstre ønsker å
støtte Arbeiderpartiets forslag.
Kjell Engebretsen (A) : Skolen og utdanningen av våre barn og unge er
naturligvis en av de mest fundamentale oppgavene i samfunnet. Det har det
alltid vært, men med den utviklingen vi nå kan se på alle områder, må vi
antakelig erkjenne at viktigheten av utdanning i dag er sterkere enn noen
gang tidligere.
Grunnskolen er selve fundamentet. Det
er her forutsetningen for og viljen til å tilegne seg kunnskap utvikles.
Grunnskolen har imidlertid flere oppgaver som går langt utover boklig
læring. Sammen med hjemmet og nærmiljøet har grunnskolen en betydelig rolle
når det gjelder utvikling av holdninger, respekt for andre, samarbeidsevne
osv. Latente interesser og talenter lokkes fram i grunnskolen,
nysgjerrigheten skjerpes, og man lærer seg tingenes sammenheng. Dette
understreker behovet for en god og stabil skole, og dette er alle i denne
salen enige om. En slik skole er betinget av engasjerte og dyktige lærere.
Interpellanten har satt i fokus de
problemer vi står overfor når det gjelder rekrutteringen til denne viktige
samfunnsoppgaven. Det er helt åpenbart at det må tas en del grep for å
endre denne situasjonen. Jeg håper at arbeidet her settes i gang
umiddelbart. Men det er helt nødvendig at man ikke her gjør noen lettvint
tilnærming - at man ser at det er behov for flere lærere, og så gjør en del
lettvinte grep for å få flere lærere inn i skolen. Like viktig som at vi
har nok lærere, er at vi har gode lærere. Vi kan altså ikke på noen måte gi
avkall på kravet til kvalitet i skolen. Det er helt avgjørende viktig.
Om vi ikke kan konkurrere med
næringslivet når det gjelder lønn, så kan vi skape en skole som er en faglig
utfordring og med konkurransedyktige arbeidsforhold på andre områder. Vi
kan ikke komme bort fra at lønn er en viktig del av dette. Og selv om ikke
Stortinget for sin del skal drive lønnsforhandlinger, må vi erkjenne at det
er en del av dette. Struktureringen av arbeidstiden for lærerne er en
annen, og antall elever i klassen er nok en tredje.
Til slutt: Jeg merket meg at
representanten Løvik hadde en karakteristikk av de ulike forslagene. Jeg
skal ikke gå så meget inn i det, men når han karakteriserer et forslag i en
så viktig sak som « slapt », sammenligner jeg det med Høyres eget forslag, som
da naturligvis fremstår som spenstig og friskt. Den eneste forskjellen er
at Høyre kommer med en del forslag om hva som skal inn i denne
handlingsplanen. Det som ligger i Arbeiderpartiets forslag, er at
handlingsplanen må inneholde en vurdering av alle sider ved lærernes
arbeidsforhold og tiltak for å sikre både rekruttering og stabilitet i
læreryrket.
Elsa Skarbøvik (KrF) : Lærerne er foreldrenes beste støttespillere overfor
deres barn og ungdom. Det viktigste arbeidet fra samfunnets side er derfor
å legge til rette for en god skole. Ved siden av kunnskapsformidlingen
foregår det der det viktigste forebyggende arbeidet vi kan stille opp med.
Lærerne må derfor få aksept for dette, ikke bare i form av pene ord, som vi
ofte kommer med her, men man må også vise i handling at lærernes arbeid
verdsettes.
Holdningen til yrket har forandret seg
gjennom årene. Tidligere hadde yrket status og lærerne autoritet, mens de i
dag ofte omtales på en nedlatende måte. Men når man spør lærere i dag om
deres arbeidsforhold, sier de jo at det er spennende, de har store
utfordringer, men at det er krevende, og at dette ikke verdsettes nok i
kroner og ører. Dette med lønn er selvfølgelig avgjørende, men også andre
faktorer spiller inn når det gjelder rekrutteringen. Når det gjelder
lærerutdanningen snakker ofte studentene selv om sine studieforhold, og da
er det viktig hvordan de oppleves - at det er et stimulerende miljø ved
høyskoler og universitet.
Et vesentlige poeng når det kommer til
stykket, er jo vårt syn på barn og unge. For Kristelig Folkeparti er det
viktig å legge forholdene best mulig til rette for et barnevennlig samfunn,
og vi vil derfor også ha en god skole. Her er gode lærere den viktigste
forutsetning. De må føle at de blir tatt vare på gjennom oppdatering og
etterutdanning, at de blir faglig kvalifisert til å møte dagens unge. Det
er utfordrende å være i nærkontakt med barn og unge, ja, det er vel det
nyttigste arbeid en kan gjøre. Og da må de få tid til å møte enkeltelever.
Færre elever pr. klasse er derfor av betydning, å få flere sosiallærere i
skolen som kan overta en del av lærerens jobb på dette området, og å styrke
skolehelsetjenesten vil også avlaste læreren. Dette med rapportering,
papirarbeid osv. har tatt overhånd på mange måter. I det hele tatt må vi gi
læreren tro på seg selv som pedagog ved å styrke etterutdanningen og legge
arbeidsforholdene bedre til rette. Det er lærerne som er viktige for å få
et bedre og barnevennlig samfunn.
Sigvald Oppebøen Hansen (A) : Dagens interpellasjonsdebatt viser at svært
mange, om ikkje alle, er veldig opptatt av desse spørsmåla, både når det
gjeld statusen til læraryrket og korleis ein skal kunne sikre ein viss
stabilitet og få gode arbeidsforhold for det pedagogiske personalet. Og det
er bra.
Statsråden sa i sitt andre svar til
meg at det å heve statusen og samtidig redusere byråkratiseringa sjølvsagt
er viktige tiltak, ikkje minst det siste. Det har blitt svært mykje
byråkrati dei siste åra, med rapporteringsrutinar, skjemautfylling osv.
Eg føler at me på mange måtar er i
gang, har vore i gang, og at me ønskjer å gå vidare. Statsråden refererte
til eit par meldingar som han ville legge fram for Stortinget,
dimensjoneringsmeldinga og etter- og vidareutdanningsmeldinga, og det klart
at me da vil møte denne problemstillinga nok ein gong i denne salen. Men
det er etter mi meining veldig viktig med ein eigen handlingsplan for å
sette lyset på alle desse områda.
Fleire talarar har vore inne på
lønnsnivået i skoleverket, og me kan sjølvsagt ha ei viss meining om det.
Men Arbeidarpartiets haldning er at me ikkje skal gå inn på tariffområdet.
Me har tillit til at partane i arbeidslivet forhandlar uavhengig av kva
Stortinget seier på det området. Tidlegare er det så vidt eg veit, berre
lønnsnivået innafor landbruksnæringa som har vore tatt opp i denne salen.
Om me i denne salen skal begynne å ta inn den eine gruppa etter den andre
for å legge lønnsnivået, trur eg me er på ville vegar. Men eg registrerer
den store semja her for at Regjeringa skal kome med ein handlingsplan.
Eg skal ikkje seie så veldig mykje til
representanten Løvik når han karakteriserer vårt forslag som både lite
konkret og slapt, men på bakgrunn av det forslaget me har fremma, og når
Regjeringa eventuelt kjem til Stor-
tinget med ei melding, skal vi
behandle realitetane og detaljane i slike tiltak.
Representanten Rolf Reikvam er 50 år i
dag, og det er klart at det hadde vore hyggeleg for han å få som
bursdagsgåve at vi stemte for forslaget hans. Vår argumentasjon er at me
ikkje vil blande oss bort i tariffområdet, så vi vil stemme imot. Men elles
er det god grunn til å gratulere han med dagen.
Statsråd Jon Lilletun : Eg vil gjerne fylgje opp siste talar, gratulere Rolf
Reikvam med 50-årsdagen. No har vel ikkje eg forslagsrett her, men det
kunne vore freistande å fremje forslag om at ein burde vedta å gratulere ein
50-årsjubilant med dagen, men eg er sikker på at alle meiner det.
Eg synest det har vore ein interessant
gjennomgang. Meldingane eg har varsla, kjem. Eg registrerer òg at eit
fleirtal i Stortinget ynskjer ein handlingsplan, og det er klart at eg skal
imøtekome det. Då trur eg det er viktig å gjere det som gjerast skal i
samband med dimensjoneringsmeldinga og etter- og vidareutdanningsmeldinga,
og så må ein i tillegg arbeide vidare med dei andre tinga som trengst.
Ganske mange, eit stort fleirtal, har
vore innom dette som med eit litt negativt omgrep vert kalla
« byråkratiseringa ». Det kan tolkast på mange måtar. Men eg tykkjer det er
viktig å ta eit ansvar i forhold til det når det er mange i skulen som er
opptekne av det, likeins at det er mange her som har høyrt om det og ser at
vi må sjå på det. Vi er begynt alt og har hatt ein dialog med
lærarorganisasjonane i forhold til dei nye læreplanane, forskriftsfesting av
desse og ei viss justering. Eg synest representanten Fladmark hadde eit
interessant forslag, at ein ved evalueringa av reformene i større grad
skulle lytte til større grupper av lærarar. Det vil òg verte vurdert frå
departementet si side om dette kan vere ein måte å gjere det på. Det er
viktig at vi klarar å lokalisere kva som konkret meinast når ein snakkar om
byråkratisering, og kva grep vi då kan gjera for å få redusert skjemaveldet
og rapportskrivinga utan at det tek frå oss moglegheita til å ha skikkeleg
oversikt og gjere korrigeringar i styringsverket. Det er den balansen vi må
finne, og det synest eg at vi skal arbeide med. Eg er glad for at det ikkje
finst prestisje på nokon kant i forhold til det.
Eg tek med meg det som er kome fram i
denne debatten, og skal prøve å gjere den jobben som Stortinget ber om.
Presidenten: Presidenten har merket seg at debatten også har avfødt
fødselsdagshilsener. Presidenten vil imidlertid peke på at det neppe vil
være formålstjenlig å votere over temaet.
Dermed er interpellasjonsdebatten
avsluttet.
(Votering over forslag, se side 2134
f.)
[Neste innlegg av Sigvald Oppebøen Hansen]