heim
onsdag 11. mars 1999
nr 8- 54. årgang

Meny

søk i Studvest

tips studvest  55 54 51 48

 

Krev betre datatilbod

Sist fredag marsjerte studentar opp til fakultetsleiinga og kravde betre drift av datasalene på Det samfunnsvitskaplege fakultetet.
Demonstrasjonen var ein reaksjon på den annonserte stenginga av datasalene som høyrer til SV-fakultetet.
– Det var eit provoserande einmannsprosjekt, uttaler leiaren i Studentutvalet ved SV-fakultetet, Andre Nerheim.
Rektor Kirsti Koch Christensen vil gjere kva ho kan for å hindre ein slik situasjon i framtida, men ho seier det er vanskeleg å kontrollere kva dei einskilde tilsette kan finne på å gjere.

Universitetstrektor Kirsti Koch Christensen svarte studentane utanfor Muséplass 1.
– Ein kan ikkje kontrollere kva dei einskilde tilsette ved Universitetet kan finne på å gjere i framtida, svarte ho på spørsmålet om ho kunne garantere at
datasalene ikkje blir stengde i framtida.
(Foto: Hugo Skarsten Larsen)
[hele saken]          [nyheter]


Applaudert debutant

Den tidlegare bergensstudenten debuterte i haust med romanen, Ute av verden. Litteraturkritikarane meiner det 700 sider lange bidraget fortener ein nominasjon til Kritikerprisen. Han er stødigare enn sin romanfigur – forfattaren Karl Ove Knausgård.



Fredsinitiativ frå Trondheim

For femte år på rad blir det arrangert internasjonal studentfestival i Trondheim (ISFiT). Men denne gongen nøyer ikkje arrangørane seg med å samle store internasjonale personlegdommar. I år skal også ein studentfredspris delast ut, og til helga får leiaren frå East Timor Students’ Soliditarity Council, Benedicto da Silva, den første prisen.

[hele saken]         [kultur]



«Mest makt der jeg er»

«Mest makt der jeg er»
Det sa Carl I. Hagen frå talarstolen i Studentersamfunnet sist torsdag. Deltakarane i debatten var ikkje samde om kor det er best at makta ligg, sjølv om dei konkluderte med at Stortinget i dag har svært mykje makt. Hagen meinte det ikkje er eit problem at Stortinget har så mykje makt som i dag.

[hele saken]          [nyheter]




Minst pengar til jus-studentane

Det juridiske fakultetet får mindre enn halvparten så mykje middel per student som SV- og HF-fakultetet. Det tyder at fakultetet er avhengig av at studentane får gode resultat på eksamen for at fakultetet skal få pengar til å gje tilstrekkeleg undervisning. Juridisk studentutval fryktar at pengemangelen skal gå ut over studentane.

[hele saken]          [nyheter]

 


Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen.
Ansvarleg redaktør: Ingvild Rugland. Webansvarleg: Arne Beek
Les også mer på siden om avisen. Copyright Studvest (C) 1999
2. side siste portrett om avisa annonsering arkivet bjørnar og åshild kommentar kronikk ytringar apropos meiningar kultur news leiar nyhende