onsdag 1. september, nr 18 - 54. årgang
STUDVEST
-----
meny


søk i Studvest

om avisa annonsering arkivet siste kronikk kommentar ytringar apropos side to meiningar news leiar tema kultur nyhende tips studvest 55 54 51 48

 

 

 

Lovar rullestolrampe etter massiv kritikk

Foto: Paul Sigve Amundsen

Assisterande universitetsdirektør Sverre Spildo (biletet) bøyer av for den massive kritikken mot universitetsleiinga, etter at dei ikkje kunne love når rullestolbrukarar skal få tilgang til handikapkontoret og Studentkontoret.
– Eg garanterer at rullestolrampa skal vere på plass i løpet av dei neste vekene, seier han. Fungerande leiar i Norsk Studentunion i Bergen, Tarjei Ytrehus Bjørkly, synest dette er gledeleg, men meiner det er urovekkjande at rampa først kjem på plass etter press frå media og studentorganisasjonar.

[hele saken]          [nyheter]





Kulturkalenderen

Meir enn mote



Hausten er sesongen for motar, og hovudstadens studentar er allereie blitt sjekka av tabloidpressa. Vi undersøkte tilstanden hos bergenstudentane. Er dei meir trendy på Juss enn på HF-fakultetet? – Det er in å vere trendy, seier etnolog Helen Kjepso, som har skrive hovudoppgåve om klede som uttrykk for kulturell identitet. Kjepso meiner at klede og identitet er to sider av same sak.

[hele saken]          [kultur]



Ein øl kostar ikkje det doble


Myten om at ei øl kostar det doble av det du betaler for den, er ikkje sann, hevdar Christian Vennerød, redaktør i Dine Penger.

[hele saken]          [nyheter]

 

Vekkjer oppsikt

Filmklubben og Cinemateket har no opna dørane for ny filmsesong.
Dei presenterer alt frå ekstreme sexfantasiar til gamle og banebrytande klassikarar.

[hele saken]          [kultur]


Uviss framtid

– Dette er ikkje eit ekte liv, fortel asylsøkjarane Barzngi Mohamed, Cserbaz og Sahed Saad. I ti månader har dei budd på flyktningemottak i Åsane. Trass i at dei er universitetsutdanna, har dei korkje rett til å studere eller til å arbeide i Norge.

[hele saken]          [kultur]
 



Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen. Ansvarleg redaktør: Ingvild Rugland. Webansvarleg: Arne Beek. Les også mer på siden om avisen.
Copyright Studvest (C) 1999