SiB vurderer kutt i velferdstilbodet
Studentane kan miste retten til å få refundert pengar
når dei har vore hos legen. Studentsamskipnaden i Bergen
(SiB) går med
underskot, og dette er eit av forslaga til innsparingar i velferdsbudsjettet.
Velferdsdirektør Ellen Harbitz i SiB skriv i eit notat
at dyrare mat i kantinene, høgare semesteravgift og innføringa
av eigendel for behandling ved Studentanes Psykiske Helseteneste
er andre aktuelle måtar å spare dei 1,5 millionane
det er snakk om.
Velferdsdelen kan tole eit lite underskot, og vi bør
halde velferdstilboda slik dei er i dag, seier styreleiar og studentrepresentant
Ivar Strand i SiB.

|