Blei sjuk av leilegheit - kasta ut av huseigar

Handelshøgskolestudent Lasse Roald (biletet) blei sjuk
av lufta i leilegheita han leigde. Då han melde ifrå
til huseigaren, blei han kasta ut. Helsesjefen i Bergen konstaterer
i ein rapport at det er muggvekst, manglande avtrekk, kondens
og dårleg isolasjon i leilegheita. Konklusjonen er at «Dårlig
inneklima kan forklare uheldige helse-effekter». Huseigar
Preben Eikeland vil ikkje kommentere saka og vil bare kommunisere
med Roald gjennom advokat.
Når en leiger ei fullt møblert leilegheit
har ein som hovudregel ikkje vern mot oppseiing, stadfestar advokat
Asgeir Thomassen i Leigebuarforeininga.

|
Opprør?
Studentar blir ofte klandra for å vere for lite engasjerte
i politikk og samfunnsspørsmål. Filmskapar Trond
Kvist (biletet) vil gjere folk opprørte, medan diktar og
professor Georg Johannesen meiner det er umodent å bli opprørt.
Han vil helst at ordet «engasjement» blir teke ut
av språket.
tema
|
Kvinner taper på hovudfagsopplegg
Full stopp i all rettleiing etter tre år på
hovudfag gjev negative
konsekvensar for kvinner, uttaler studentrepresentant i Det Akademiske
Kollegium Anita Mjelland. Dette er eitt av fleire tiltak for å
betre kvaliteten på hovudfaga.

|
Når mat er alt
Ein av 20 studentar lir av eteforstyrringar. Det er ikkje lett
å innrøme at det ein et tek kontroll over livet.
Vi har snakka med ei jente som har blitt frisk etter nærmare
åtte år, og med Finn Skårderud om moglege årsaker
til sjukdomen.
|
Populære spelemenn
Poor Rich Ones har vunne spelemannspris og gjestar festivalar
i både England og USA. Likevel ventar dei framleis på
popstjernestatus. No er dei på norgesturné, og torsdag
er turen komen til Bergen.
|
| |