– Statsbudsjettet ein katastrofe for studentane

NSU-leiar Sigrun Aasland karakteriserer Statsbudsjettet som ein
fagleg og sosial katastrofe. Det blir kutt i undervisningstilbodet,
620 færre studieplassar og 20 millionar i kutt for Universitetet
i Bergen. Det er heller ikkje satt av penger til studentbustader
eller nytt studentsenter. – Eg er godt nøgd med årets statsbudsjett,
seier utdanningsminister Jon Lilletun.

|
Ny kunst
I samband med FeBer, arrangerer Ars Nova ein omfattande kunsthappening,
der ein kan møte unge uetablerte kunstnarar. Dette blir òg sleppefesten
for antologien «FeBerFantasi». Vi har snakka med to av bidragsytarane.
Steffen Sørum målar bilete med tekst, medan Morten Kvamme målar
med penslar og er oppteken av performance og tennene til bergensarar.
|
NSU fekk ja
Valfunksjonærane (biletet) hadde lite å gjere då
bergensstudentane gjekk til urnene for å seie si meining
om NSU medlemskap for UiB. Av dei ti prosentane som stemte sa
omlag 80 prosent ja.
|
Mingling på map
Ein heil dag blei via kunsten. Kunstens eksistensgrunnlag blei
diskutert, ein lærte kunsten å golfe med ironisk distanse
og fekk konversere med byens eksperimentelle kunstnarar.
|
Framtidsscenario
Vi er inne i genane sin tidsalder og genteknologien aukar eksplosivt.
Dette fører med seg ei rekkje etiske dilemma. Ein kan spørje seg
om menneske bare er brikker i eit vitskapeleg spel der teknologien
er middelet, men målet er ukjent.
|
| |