Studiekvaliteten truga i helsefaga
Kutta som er varsla i forslaget til statsbudsjett kan gå
dramatisk utover helsefaga ved Universitetet i Bergen. Dekanus
Odd E. Havik ved Det psykologiske fakultet fryktar at studiekvaliteten
blir dårlegare.
Eg kan ikkje lenger garantere at kvaliteten på studiet
held seg om vi får mindre pengar, seier Havik.
Assisterande universitetsdirektør Sverre Spildo vil
ikkje kommentere situasjonen for helsefaga, men
innrømmer at kutt vil få konsekvensar for studiekvaliteten
generelt.

|
Pirrande rørsler
Som einaste internasjonale dansefestival i landet byr Oktoberdans
i Bergen på eit mangfald av uttrykk. For den som trur
at dans tyder vevre ballerinaer og
komiske mannepungar, kunne festivalen overraske og fryde. For
blant høgdepunkta var både galne transvestittar,
blottande damer og stønnande menn.
|
Febrilsk bokprosjekt
Bokprosjektet i samband med konkurransen Feberfantasi skar seg
i innspurten på grunn av dårleg planlegging frå
arrangørane si side. Resultatet blei at fleire av dei bidraga
juryen framheva, mellom anna Deborah Millers (biletet), ikkje
kom med i antologien.
|
Trivelege superstjerner
Supergrass spelte konsert på søndag, og vi hadde
ein prat med bassisten Mickey før han gjekk på scena.
Han fortalte oss om korleis det er å vere rockestjerne.
|
Gud i nytt lys
Bergen Kristelege Studentlag heldt søndag ei messe i røyk
og diskoljos på Kvarteret. Studentprestane dansa til teknorytmar
mens dei delte ut nattverden.
I dag blir ei pocketutgåve av Bibelen lansert i Oslo med
Nick Cave og Thor Heyerdahl som trekkplaster.
|
| |