UiB er ei sinke på miljøvern
Universitetet har alltid vore ein stor miljøsyndar,
seier leiar Kurt Oddekalv i Norges Miljøvernforbund. Han
reagerer på at Universitetet i Bergen ikkje vil knytte seg
til miljøavtalen som er utarbeida av Bergen forum 21. Universitetet
argumenterer med at det vil verne den frie forskinga, medan Bergen
kommune meiner Universitetet misforstår kva avtalen inneber.
Kommunen vil ikkje vere eit kontrollorgan overfor institusjonen
og meiner det er synd om Universitetet ikkje skriv under på
miljøavtalen.

|
Froskeskot og klister
Foto: Hugo Skarsten Larsen
Trass i fyllesjuke og kollektiv haustdepresjon var BSI sine
handballag kampklare på laurdag. Banneord og ballar fauk
i alle retningar, men klisteret i handflata til stjernespelarane
fanga ein del av dei og sende dei i nettet så det suste
rundt målvakta.
Studvest sine utsende fekk ei sportsleg oppleving frå
sidelinja og ei ærleg framstilling av både dei kvinnelege
og mannlege spelarane i garderobane.
|
Ein tiar til Hulen?
Hulestyret (biletet) meiner at studentane bør betale for
oppussinga av Hulen med ti kroner kvar over semesteravgifta. Dei
ønskjer at fire semester med auking av semesteravgifta
skal redde renoveringa av Hulen. Nei, seier leiaren i Velferdsstyret.
|
Kjempar for undervisningsfri
Professor Kjetil Grong (biletet) ved Kirurgisk institutt forklarer
studentane kvifor dei vil halde undervisning også på
onsdagar på medisin. Legestudentane meiner det er viktig
å halde fram med ein undervisningsfri dag slik at dei kan
lese eller vere med på operasjonar.
|
Rockekurs
På måndag møttest jentene på AKKS for
fyrste gong til bandøving. Om ein månad skal dei
vere rocka nok til å entre scena på Garage. AKKS jobbar
for at jenter skal tore å bli meir enn syngedamer.
|
| |