Studentar dødsdømde etter demonstrasjonar:
Norge tek likevel opp
att handelen med Iran
Atten personer vart drepne og fleire tusen vart arresterte etter
sommarens studentdemonstrasjonar i Iran. 19. november, kun få
månader etter overgrepa mot studentane, sender norske styresmakter
ein offisiell næringslivsdelegasjon til Iran for å
normalisere kommunikasjonen med regimet.
Iran har til nå dømd fire studentar til døden
etter studentdemonstrasjonane.
Statssekretær Harriet Elisabeth Berg i Nærings- og
handelsdepartementet leier delegasjonen, og seier at spørsmål
kring menneskerettar står høgt på dagsorden,
og ho fortel at ho er spesielt oppteken av studentane sin situasjon.
Dette er politisk kynisme. Når det er snakk om pengar
blir menneskerettane fort satt til side, seier Morten Rønningen
i støtteforeininga for iranske politiske fangar.

|
På sjøforskartokt
Foto: Ole Christian Aamot
Livbåtmanøver er obligatorisk for alle som vil
til sjøs med «Håkon Mosby». Forskarskipet
til UiB får sjeldan liggje i ro, ho har vore både
på Svalbard og i fjordarmane på Vestlandet. Studvest
var med då femten
oseanografistudentar skulle teste teoriane frå lesesalen
i praksis. Vassbalja frå Geofysisk institutt er bytta
ut med Byfjorden, og laboratoriet er eit skipsdekk. Presise
prøver blei tatt i piskande regnvêr.
|
4900 kroner i skattelette
Studentar med deltidsjobb får inntil 4900 kroner i skattelette
frå neste år. Jusstudent Tove Rapp Nilsen (biletet)
jobbar deltid i Bergens Tidende, og meiner skatteletten er eit
steg i riktig retning så lenge en ikkje kan leve av studielånet.
|
Droppar sykkel for buss
Ei fersk undersøking frå MMI viser at 51 prosent
av studentane vil ta bussen om dei får studentrabatt. No
tek 20 prosent av studentane buss jamleg. Om studentrabatten blir
som planlagt vil ein betale 220 kroner mindre for eit månadskort
til Fantoft.
|
Kaospilotar på veg
I Danmark finst ein skole som utdannar ein ny generasjon leiarar
og innovatørar. Elisabet Aaraas og Line Stene (biletet)
rømde denne hausten frå Universitetet i Bergen, og
byrja på den farefulle ferda mot eit liv som kaospilot.
|
| |