Høgt utdanna i Irak - ingen verdi i Norge

Al-Mamuri Jasim synest det er vanskeleg å ikkje kunne
bruke utdanninga si i Norge, sjølv om han trivst som butikkeigar.
Han har brukt fem år på å utdanne seg til oljeingeniør
og har sytten års erfaring frå Irak. Arbeidskontoret
seier at han må byrje utdanninga på nytt om han skal
få ein tilsvarande jobb her i landet.
Kun eit mindretal av innvandrarane får godkjent den utdanninga
dei har frå heimlandet. Regelverket for å godkjenne
kompetanse frå den tredje verden er mangelfull. Ofte er
det personlege kontaktar ved lærestadene som avgjer.

|
Nyttårskveld på isen
Ill.: Andreas Brekke
|
Lys i mørketida
Med salmar, bønn og nattverd samlar kyrkjelyden seg til
førjulsmesse i St. Jakobs kyrkje. Stunda er til for ettertanke.
Utanfor skin lysa i butikkvindauga som Betlehems-stjerna og viser
veg til kassaapparata.
|
Uendeleg univers
Då vi var små trudde vi at teknologien skulle gjere
det mogleg å ta feriar i verdsrommet når vi runda
år 2000. Ved tusenårsskiftet har vi vanleg dødelege
framleis beina godt planta på jorda. Kor langt har teknologien
eigentleg kome og kva skjer ute i universet?
|
Krevjande symfoniar
Mari Sandbakken speler bratsj i Universitetets Symfonorkester.
No er orkesteret inne i ein hektisk øvingsperiode før
den store julekonserten, og ein pust i bakken er viktig før
dirigenten på nytt grip taktstokken.
|
| |