Høgskulen vert lagt til Kronstad
Om nokre veker vil Statsbygg komme med si til
råding til kvar ein skal plassere det nye høgskulebygget
i Bergen. I deira utreiining kjem det til å stå at
Kronstad er det beste alternativet. At kommunen måndag gjekk
inn for å byggje på Damsgård, har lite å
seie.
Vi vil leggje mest vekt på Statsbygg si tilråding,
seier ekspedisjonssjef Jan S. Levy i Undervisningsdepartementet
si Universitets- og høgskuleavdeling. Det er dei som skal
avgjere plasserinsstrida.
Både studentane og dei tilsette ved skulen ynskjer at bygget
havnar på Kronstad. Dei er glade for Statsbygg si anbefaling,
men dei tør ikkje slippe jubelen laus enno. Fyrst må
Stortinget gje pengar til høgskulebygginga.

|
Kriminell kreativitet

Hip-hop miljøet i Bergen er lite nok til at dei kan samle
seg i Teglverket på ein konsert med rapperen Petter, men
stort nok til at dei klarer å markere seg på grå
betongveggar i sentrum.
Det handlar om å få brukt kreativiten sin,
leke og fri seg frå passiviteten, seier «Jedi»,
student og grafittimålar. Han vil at hip-hop kulturen skal
bli respektert som andre kunstneriske uttrykk.
Foto: Ole Christian Aamot
|
Vert tvungne til fag-kutt
Universitetsrådet meiner universiteta i Norge no har så
dårleg økonomi at dei vert tvungne til å kutte
ned på fagtilbotet. I går vedtok Historisk-Filosofisk
fakultet likevel å halde fram med undervisinga i arabisk.
|
Fryktar hardare konkurranse
For 19.000 kroner kan ein betale seg forbi studiekøen
på fag som medievitskap.
Det er synd dei får dei same rettane som oss vanlege
grunnfagsstudentar. Konkurransen på hovudfaget blir hardara,
meiner Espen Mathisen (billetet).
|
Mot all fornuft
I helga opnar Alternativ Messen i Grieghallen. Astrolog Solveig
With Jonassen, meiner notida sitt krav om rasjonalitet hindrar
ein i å utvikle seg sjølv som menneske.
|
| |