onsdag 9. februar, nr 4 - 55. årgang
STUDVEST
-----
meny


søk i Studvest

om avisa annonsering arkivet siste kronikk kommentar ytringar apropos meiningar news leiar tema kultur nyhende fint bildeukens kjendistips studvest 55 54 51 48

 

 




Pengar til studentrabatt

Fylkestinget i Hordaland har sette av halvannan million kronar til studentrabatt på bussen. Pengane skal nyttast i haust.
– Rabatten kan bli ein realitet allereie fra
haustsemesteret, seier fylkesordfører Gisle Handeland (Ap).
– Dette er eit stort steg i rett retning. Endeleg
forstår fylkespolitikarane kva studentane treng, seier Arild Helgøy i Velferdstinget ved Universitetet i Bergen.
No skal fylket greie ut for kor stor rabatten
eventuelt skal bli. Fyrst i slutten av mai vil Fylkestinget bestemme seg for om det blir
studentrabatt eller ikkje.
Hittil har Bergen og Oslo vore dei einaste større studentbyane som ikkje har gitt studentane rabatt på bussen.


Heilt på vidda

Friluftsgruppa til BSI trossa vêret i helga. I sterk vind og striregn drog dei til Finse for å sove i telt og snøhole. Der blei dei møtt av ein nådelaus øydemark og ein vind som løfta luer slik at vanlege studentar mista motet. Trass gode forsøk var det ikkje så lett å bli ven med dei humørsjuke naturkreftene. Så da var det heldig at det ikkje er nokon skam å snu.

Foto: Hugo Skarsten Larsen

Vil ha fire kjempe-fakultet

Studentrepresentant Ine Saxvik i Det Akademiske Kollegium vil samle Universitetet i fire kjempe-fakultet. Med samanslåinga tror ho Universitetet vil spare pengar.

NSU-pampane boltrar seg

I denne toppetasjen held Norsk Studentunion til. Dei åtte studentpolitikarane boltrar seg på 500 kvadratmetrar - og betaler årleg 600.000 kroner i husleige. Dette er like mykje som dei planlegg å nytte på organisasjonsarbeid i heile år.

Satyrisk stemning

Skinn, lakk, naglar og sminke. Bandet Satyricon samla dei dystraste og mørkaste mennene til konsert på Hulen. Men nakkebitarar, glade jenter og nyfrelste rockarar hadde òg tatt plass for å sjå det legendariske black metal bandet på fredag.

 



Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen.
Ansvarleg redaktør: Astrid Urdal. Webansvarleg: Arne Beek.
Les også mer på siden om avisen.
Copyright Studvest (C) 1999