Miljøavtalen opp på nytt
I morgon skal miljøavtalen Agenda 21 opp
til ny vurdering i Det Akademiske Kollegium. I juni i fjor røysta
Kollegiet nei til den same avtalen. Dei meinte då at han
var i strid med prinsippet om fri forsking.
Kraftige reaksjonar frå miljørørsla og media
har truleg medverka til at saken vert vurdert på nytt.
I visse tilfelle er omsyn til miljøet viktigare
enn den frie forskinga, meiner studentrepresentant Dag Stormbo
i Kollegiet.

|
Dansen til det moderne mennesket

Vi lever som sentrum i eit sjølkonstruert univers. Vi
kan flytte oss rundt på nomadevis i verda, eller få
verda til å komme til oss gjennom aviser, skjermbilete og
cyberspace. Dette er røyndomen til det moderne mennesket
og temaet for Carte Blanche si nye framsyning «Suppose this
time I see what I saw». Oppsetjinga er eit av bidraga til
den store internasjonale dansefestivalen som startar her i Bergen
til helga.
Foto: Henning Mohaupt
|
SiB må spare
I fjor tapte Student-samskipnaden i Bergen 2,2 millionar kroner
på kantinedrifta.
Kantina i Studentsenteret vil bli drive på sparebluss,
varslar cateringdirektør Bjørn Johnsen.
|
Slapp Giske
«Det spørsmålet kan eg ikkje svare på
endå» og «eg vil vere tilbakehalden med programerklæringer»
sa den nye utdanningsministeren Trond Giske på sin første
pressekonferranse.
|
Skjult homse-symbolikk
Top Gun er ein stor homoerotisk draum, slår filmvitar
Brita Møystad Engseth fast.
Ho meiner fleire filmar har skjulte homofile referansar, men saknar
ein meir direkte og nøytral framstelling av lesbiske og
homofile på film og fjernsyn.
|
| |