Hushaiane herjar
Leigebuarforeininga i Bergen har fått tretti
gonger fleire telefonar frå fortvila studentar i år
enn i fjor. Griske hushaiar har skylda. Mange av huseigarane har
skrudd prisane i vêret dette semesteret.
600 studentar står no i kø for å få plass
på Fantoft, og NSU har starta med «sofaformidling».
Studentane blir flådde! Dette er det verste året
nokon sinne, slår Leigebuarforeininga fast.
Og Kommunaldepartementet vil ikkje gripe inn.
Studvest gjev deg dei beste tipsa på korleis du unngår
å bli lurt av huseigaren din.

|
Elektronisk fjellkos

I helga vart den første Fløien Festival
arrangert. Det blei ei kontrastfylt oppleving. Medan fredagen
vart prega av styrtregn, gjørme og sur vind, blei den siste
kvelden på festivalen ein lang
serie musikalske oppturar. Publikum, frivillege og arrangørar
fekk ein kaotisk, men sjarmerande tur i skogen.
Foto: OLE CHRISTIAN AAMOT
|
Ingen bussrabatt
Tek du buss til studiestaden? Då må du smørje
deg - og lommeboka - med tålmod. For politikarane har utsett
studentrabatten på bussen.
No skal Velferdstinget avgjere om det blir ein ny bussaksjon.
|
Roman om vakuum
Ragnfrid Trohaug debuterer i haust med boka «Okkupert
Kjærleik».
Den handlar om å oppleve stillstand, seier Ragnfrid.
|
Surrealisme på festningen
Maia Urstad (bildet) står bak forestillinga «Kleopatras
nåler» som har premiere på Bergenhus festning
den 25. august. Ein belgisk saksofonkvartett, 100 kassettspelarar
og dansarar med lysande skulpturar på hovudet blir nokre
av ingrediensane.
|
| |