|
Lovar betring
 |
Medan norske studentar kan flytte frå Fantoft etter
ein månad, må utlendingane binde seg for eit
heilt semester. No lovar Velferdstinget å gå
gjennom regelverket.
Vi visste om forskjellsbehandlinga, men ikkje at
studentane syntest det var urettvist, sier velferdstingsleder
Arild Helgøy.
|
For prinsipielt sett er det viktig at alle
studentar har like rettar, legg han til.
Det er Kontor for utanlandsstudentar som reserverer hyblane på
Fantoft. Dei helsar regel-endringar velkomne.
|
Med rullestol på Høyden
Foto: ANNIKEN C. MOHR
Ei trapp, eller berre ein høg kant, kan bli
ei uovervinneleg sperring om du sit i rullestol.
Da Ivar Jørdre (biletet) tok arkeologi, måtte han
bli boren av medstudentar opp fire etasjer for å nå
forelesinga.
Universitetet er for dårleg tilrettelagt for folk
med fysiske handikap. I staden for å utbetre tilhøva
på førehand, ventar dei til det oppstår eit
problem, hevdar han.
Vi gjer nok, meiner universitetsrektor Kirsti Koch Christensen.
|