Universitetet har dei siste åra slite med låge
søkjartal. No vert det satsa stort på å lokka
til seg studentar frå Austlandet. I mars kjem UiB til
å ha eit bilag på 12 sider i Aftenposten.
Avisa har rundt en million lesarar. Vi trur det er mange
potensielle søkjarar i denne gruppa, seier informasjonsdirektør
ved UiB, Morten Steffensen.
Reklamefolk er likevel skeptiske til Universitetet si satsing.
Det er bortimot umogeleg å ta opp kampen med Oslo,
meiner Pål Spillum i reklamebyrået Take-Off.