Søndag kveld braut fire studentar seg inn i ein av Universitetet
sine bygningar på Nygårdshøyden.
Dei meiner at fleire av dei tome husa i sentrum bør nyttast
som bustader, og ønskjer å setja fokus på dette gjennom å okkupera
bygningen. I går fekk dei besøk av rektor Kirsti Koch Christensen
og universitetsdirektør Sverre Spildo. Dei vil førebels ikkje
gå med på kravet om å gjera bygningane om til studentbustader.
– Vi kan kanskje gå med på å gje «Boligaksjonen» rimelege
lokaler til kontor dersom okkupantane flyttar ut, seier Sverre
Spildo. Universitetet har førebels ikkje meldt okkupasjonen.