[an error occurred while processing this directive]
onsdag 2. mai, nr 14 - 56. årgang
STUDVEST
-----
meny

om avisa annonsering arkivet siste kronikk kommentar apropos meiningar news leiar side 2 midten kultur nyhende fint bilde tips studvest 55 54 51 48

 

 




Fleire kantiner kan bli stengde

baguettemannen.
Jan Erik Lohne jobbar i den nedleggingstruga
kantina på Studentsenteret.
Foto: anders valde / anders_valde@hotmail.com

Stengde studentkantiner, oppseiingar og innføring av resultatløn kan bli resultatet dersom SiB ikkje klarer å snu underskotet sitt innan mars neste år. I fjor vart cateringdivisjonen driven med 250.000 kroner i underskot.

Det er særleg kantina på Studentsenteret som slit med økonomien. Den hadde åleine eit underskot på nesten ein million kroner i år 2000, og blir såleis subsidiert av dei mindre kantinene som går godt.

- Det er enno ikkje bestemt kva for kantiner som vil bli nedlagde først, seier Sveinung Fjose, styreleiar i SiB.

Han meiner at ein av årsakene til underskotet er at SiB har mykje billegare mat enn andre studentsamskipnader.

Vi har vore med bak kulissane i kantina på Studentsenteret


sjangerblanding
- Eg trur ikkje det å kopla kunstuttrykk med kvarandre er å streba etter originalitet. Den yngre generasjonen i dag har gjennom heile oppveksten blitt bomba med inntrykk frå alle kantar, og på den måten blir det mest unaturleg å ikkje jobbe på tvers, seier John Erik Kaada i støyjazzbandet Cloroform.
Saman med ei rekke forfattarar og musikarar har han innleia samarbeid på tvers av kunstartane.

 

les mer     kultur



farleg å juksa
Det næramar seg eksamen og nokre let seg kanskje frista til å ta med eit par jukselappar. Men dei som vert tekne må rekna med å bli utestengde, eller i verste fall politimelde.

 

 

bjørneboemarkering
– Ein kan jo ikkje akkurat seia at Ari Behn eller Erlend Loe engasjerar seg i dei same emna, og med same intellektuelle tyngde som det Bjørneboe gjorde, seier Fredrik Wandrup. På søndag held han foredrag på Studentersamfunnet. Det er 25 år sidan Jens Bjørneboe tok sitt eige liv.

 
les mer     kultur

nye studenthyblar
19 nye SiB-hyblar står klare i Harald Hårfagresgate. Men prisen ligg høgt over Fantoftnivå. Heile 3000 kroner må studentane betala.
– SiB klarer ikkje å vera prisdempande slik dei skal, seier NSU-leiar i Bergen, Brynjar Torgersen.

 

 

 




Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen.
Ansvarleg redaktør: Erik Martinussen. Webansvarleg: Arne Beek.
Les også mer på siden om avisen.
Copyright Studvest © 2000