BLAKKER SEG PÅ PRAKSIS
Studentforeldra Anna og Paul Thorsen må ut med 14.370 kroner
i barnehageutgifter fordi dei ikkje får ha praksis ved Haukeland
sykehus. Ekteparet studerer begge medisin på femte året, og har
ei dotter på 2 år. - No må vi ta opp privat lån for å klara å
betala dei ekstra utgiftene, seier dei. I ni veker skal femteårs
studentane på medisin ha praksis på ulike sjukehus på Vestlandet.
Berre dei med ein særskilt god grunn får ha praksis på Haukeland,
og det å ha barn i barnehage er ikkje nok for Det medisinske fakultetet.
Dermed må Anna og Paul Thorsen ta med seg dottera og flytta til
Stavanger og ny barnehage i ni veker. Samstundes må dei betala
for barnehageplass i Bergen.
KOSTAR AV GÅRDE
 |
Foto: PETTER FRANER/ petter.franer@student.uib.no
|
Seglgruppa i BSI har kjøpt ny båt. «Hipp Hurra» heiter vidunderet,
og på laurdag fekk vi vere med på prøvetur på byfjorden.
|