onsdag 24. oktober, nr 25 - 56. årgang
STUDVEST
-----
[an error occurred while processing this directive]

På hybeljakt
i eit og eit halvt år


Foto: Åsta ytre

Den 21 årige Ex.phil studenten Mustafa Sarmadawy (biletet) har prøvd å få seg bustad i Bergen i eit og eit halvt år utan resultat. Huseigarane vil ikkje ha han fordi han er utlending. Og Mustafa er ikkje åleine med dette problemet. Ifølgje Roy-Olav Øien ved Bergen Boligkontor er heile 90 prosent av huseigarane som tek kontakt med dei skeptiske til leigebuarar med innvandrarbakgrunn.
- Som regel skuldar dei på matlukt og dårlege norskkunnskapar, seier Øien.
Det er idag ikkje forbode for privatpersonar å annonsera med diskriminerande tekster. Ikkje-kommersielle aktørar vert ikkje omfatta av den såkalla rasismeparagrafen.
- No må vi ha ei lovendring slik at paragrafen blir effektiv, meiner jusprofessor Kai Krüger ved UiB.


Forløysande furore

Catharsis er eit av mange hardcore-band som vitjar Bergen i år. Punken held framleis koken 20 år etter Sid Vicious. Men korleis står det til med innhaldet?


Her får du breiband
Internettilgong på breiband blir stadig meir populært blant bergensstudentane. Studvest viser deg kor du finn dei beste tilboda.

Haustlektyre
Atter ein gong har hovudfagsstudentane ved SV og HF levert eit solid produkt med fleire godbitar, meiner vår kritikar.

Eit andlet til terrorismen
Marcel Zwingli har dokumentarfilma barndomsvenen som vart terrorist.

[an error occurred while processing this directive]