Fest med godt samvit
Er du blant dei som går på fagfest med dårleg
samvit fordi du heller burde lesa? Det har du ingen grunn til.
Ifølge Nils Sortland ved seksjon for arbeids -og organisasjonspsykologi
er festing i studietida eit gode, særleg viss du er med
på å arrangera festen sjølve.
- Ein får meir utbytte av studietida dersom ein finn på
litt sjølv, og ikkje berre er med på andre lagar
i stand. Det er svært positivt for det psykiske velveret
at ein har litt dugnadsand, seier han.
På UiB er det medisin og jus som skil seg ut som dei faga
der studentane arrangerer flest festar. Begge fakulteta kan skilta
med minst 10-15 store fagfestar i året. I tillegg kjem fredagspils,
film-, vin og temakveldar.
Psykologistudentane er ironisk nok dei som er minst opptenke av
å ta vare på si mentale festhelse.
Komprimert jazzhaust

FLAZZ er ikkje ein festival. Men Bergen Jazzforum
og deira samarbeidspartnarar har eit komprimert konsertprogram
over to helger å presentera. Så om du likar musikken
er det nok lov å smila litt mens du klappar den synkoperte
takta. Til dømes mens Hoven Droven (biletet) spelar.
|