onsdag 14. november, nr 28 - 56. årgang
STUDVEST
-----
[an error occurred while processing this directive]

Ingen fleire naturfaglærarar

Foto: Petter Franer / pettet.franer@student.uib.no

Trass i at det er desperat mangel på realfaglærarar i grunnskulen vel Høgskolen i Bergen (HiB) no å leggja ned lærarutdanninga med vekt på naturfag. Norsk Lærarlag i Hordaland reagerer kraftig på avgjerda.
- Det er svært synd å leggja ned denne utdanninga. Ein burde heller prøva å gjera studiet meir attraktivt, seier fylkesleiar Ingunn Alver. Ifølgje høgskoledirektør Nils Mæhle er årsaka til nedleggjinga låge søkjartal og eit ekstremt stort fråfall av studentar.
Kristian M. Svanes (biletet) har vore student ved denne naturfagutdanninga. Han meiner at HiB har gjort altfor lite for å oppretthalda faget.
- Eg kjenner meg som prøvekanin for eit lite gjennomtenkt opplegg, seier han.


Bølgja som skylte over oss

På fredag skal MTV sende programmet dei tok opp i Bergen. Blir dette det siste vi ser til bergensbølgja på ei stund? Vi har samla eit knippe frå bergensk musikk- og medialiv for å få eit svar.


Ingen ny leiar
Kvarteret fekk ikkje valt ny leiar då dei hadde generalforsamling i helga. Dermed vert Kvarteret leiarlause etter 1.desember.

Ikkje meir stipend
Du får meir pengar å rutta med, men desse vert gitt som lån og ikkje stipend. Det vart resultatet då utdanningsminister Kristin Clemet (biletet) la fram revidert utdanningsbudsjett på fredag.

Nytt av gamalt
2. klasse-studentane ved Kunsthøgskulen har laga nye ting av gamalt skrot.

Spelegalskap
Kvar gjer folk av seg når det blir kalt og mørkt ute? Dei går inn for å spela spel. Iallfall nokre av oss.

[an error occurred while processing this directive]