– Kvarteret gir for lav løn
SOMMARJOBB. – Vi kunne heilt klart fått betre løn, seier Johan Falnes. Han er leiar for årets SommerKvarteret. Foto: PER CHRISTIAN SOLHEIM Tilsette ved SommerKvarteret vil få kring 90 kroner i timen i sommar. Den vanlege tarifflønna er minst 22 kroner høgre. | SOMMERKVARTERET | n Kvarterets kommersielle lillebror om sommaren, med lønna personale. n 500.000 kroner i overskot 2002, kring 100.000 i fjor. n Overskotet blir fordelt mellom Kvarteret og SommerKvarteret sitt styre og faste tilsette. Dei utgjer i år 13 personar. n I tillegg kjem opptil 40 ringjevaktar, som ikkje får del av bonusen. n Timeløna var i fjor 90 kroner, mot 85 året før. Mogleg auke i år, men ikkje vesentleg. n Kvarteret får i tillegg til ein del av overskotet også kring 200.000 kroner i husleige. |
|
Tekst: ØYVIND LEFDAL EIDSVIK
– Denne timeløna er alt for lav, seier Torfinn Borlaug i Hotell- og restaurantarbeiderforbundet (HRAF). Dei organiserer 11.000 tilsette i hotell- og utelivsbransjen, og er av LOs større forbund.
I tillegg til timeløna vil tilsette og styret ved SommerKvarteret dele på eit overskot med Kvarteret. Borlaug er ikkje nøgd med ei slik bonusordning, fordi den i hans auge skaper for stor uvisse for arbeidstakarane.
Inge Skogheim er også kritisk. Han var i fjor med på å arrangere SommerKvarteret som skjenkeansvarleg.
– Bonusen er suspekt. Det kan gå ut over tryggleik, meiner Skogheim. Han er ikkje overvelda over Kvarteret sine arbeidsvilkår, og tykkjer Kvarteret burde drive langt meir profesjonelt.
– RYDDIGARE
– Til vanleg er dette ein ideell driven organisasjon, men når det er snakk om faste tilsettingar som om sommaren, bør Kvarteret operere med ryddigare vilkår. Mykje av arbeidet vi gjorde var på fritida, også slike ting som vasking og rydding. Vi fekk ikkje ein gong tillegg for å tørke opp spy, seier Skogheim.
HRAF sin minstesats for personar med meir enn tre månaders erfaring eller alder over 20 år, er 112 kroner. Skilnaden utgjer for ein fulltidsjobb i ti veker godt over 8000 kroner. Kvarteret betalar heller ikkje tillegg til sine tilsette, slik som overtid, kveldsjobb eller smusstillegg.
Om sommaren er derimot heile huset leigd ut for nær 200.000 kroner til SommerKvarteret, som driv på kommersiell basis.
– VEIT KVA DEI GÅR TIL
Årets leiar av SommerKvarteret, Johan Falnes, er einig i at løna er lav, men meiner at bonusen skaper meir initiativ. Han jobba sjølv som fast tilsett i fjor.
– Vilkåra blir truleg litt betre i år, seier Falnes. Også tryggleiken vil bli betre til sommaren, etter mykje bråk sist sommar.
Kvarteret-leiar Odd Sevje forsvarar derimot timeløna.
– Dette er folk som veit kva dei går til, og kva løna er. I budsjettet som nett vart vedtatt ligg det og 100.000 kroner ekstra til lønskostnader for SommerKvarteret. Det er godt mogleg at litt av dei pengane blir brukt til å auke løna, seier Sevje. Bonusordninga meiner han er på sin plass.
– Bonusen er incentivdrivande. Og på grunn av fotball-EM forventar vi at inntektene blir betre enn i fjor. Dermed aukar bonusen og den totale løna.
ORGANISERING
I HRAF oppmodar Torfinn Borlaug dei tilsette og ringevakter til å organisere seg. Er eit fleirtal av dei tilsette organiserte, kan dei krevje tariffløn. Kvarteret-leiaren har ikkje noko i mot det.
– Det er heilt opp til dei tilsette, avsluttar Sevje.
|