Fordjuping i Digital kultur med bacheloroppgåve
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Haust ¿seminarundervisning og rettleiing vår ¿kun rettleiing |
| Fagleg overlapp | Full overlapp med tidlegare DIKULT202. |
| Timeplan | Se timeplan |
| Litteraturliste | Se litteraturliste |
Mål og innhald
I dette emnet skal studentane fordjupe seg i eit sentralt emne innan digital kultur, gjennom arbeid med ei sjølvvald oppgåve (bacheloroppgåve). Problemstilling, opplegg og litteratur blir utarbeidd av studenten i samråd med rettleiaren.
Bacheloroppgåva kan vere:
- Ein teoretisk orientert studie
- Eit programmerings- eller systemutviklingsprosjekt
Semesteroppgåva gir studentane høve til å fordjupe seg på det området som interesserer dei aller mest innan digital kultur. Studenter som er usikre på val av tema for bacheloroppgåva bør velje DIKULT251 for å skrive ei godkjend bacheloroppgåve.
Det blir gitt opplæring i reglar og normer for akademisk skriving.
Læringsutbyte/resultat
Etter å ha gjennomført DIKULT250 skal studentane ha inngåande kjennskap til eit utvald fagområde.
Etter å ha tatt emnet skal studentane kunne:
- fordjupe seg i eit fagområde på sjølvstendig grunnlag
- utføre ein kritisk analyse av IKT i ein sosial og kulturell kontekst
- skrive analytiske tekstar med utgangspunkt i regler og normer for akademisk skriving
Etter å ha tatt emnet er studentane godt førebudde til forskingsinnsats på masternivå.
Undervisningssemester
Haust ¿seminarundervisning og rettleiing
vår ¿kun rettleiing
Undervisningsspråk
Norsk
Studienivå
Bachelor
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Krav til forkunnskapar
60 studiepoeng i digital kultur (eller tidlegare humanistisk informatikk) eller tilsvarande.
Fagleg overlapp
Full overlapp med tidlegare DIKULT202.
Undervisning og omfang
I vårsemesteret er det berre individuell rettleiing. Studentar får tilbod om opptil fem rettleiingsmøte. I haustsemesteret er undervisinga organisert i seminarform, med seminar ca annen kvar veke, og to individuelle rettliingsmøte.
Obligatoriske arbeidskrav
Tema for bacheloroppgåva skal godkjennast av rettleiar seinast tre veker frå semesterstart. Studenten skal levere inn minimum to arbeidstekstar for rettleiing i løpet semesteret.
Vurderingsformer
Rettleidd oppgåve og justerande munnleg prøve. Oppgåva må få ståkarakter for at ein kandidat skal bli kalla inn til munnleg prøve. I den munnlege prøven kan karakteren justerast opp eller ned med éin bokstavkarakter.
Bacheloroppgåva kan anten vere ein teoretisk orientert studie eller eit praktisk prosjekt som involverer programmering eller systemutvikling. Dersom oppgåva er eit praktisk prosjekt skal det følgje med ei skriftleg utgreiing av prosjektet. Oppgåva kan etter avtale òg leverast som hypertekst. Dersom oppgåva er av teoretisk karakter, bør omfanget vere på rundt 4-5000 ord. Oppgåva skal ha med litteraturliste og tilvisingar til den litteraturen som er nytta.
Opplæring i akademisk skriving vil bli teke hand om i den individuelle rettleiinga.
Karakterskala
Karakterskala frå A - F.
Læremiddelomtale
Litteraturen til bacheloroppgåva blir vald av studenten i samråd med rettleiaren, og vil til vanleg ha eit omfang på om lag 1000 sider med lesepensum. Eit visst omfang av pensum kan "utvekslast" med tid til fagleg eigenaktivitet, som til dømes programmering.
Undervisningsstad
Bergen
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no