Sentrale teoriar i digital kultur
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Haust |
| Timeplan | Se timeplan |
| Litteraturliste | Se litteraturliste |
Mål og innhald
Emnet omhandlar sentrale teoriar frå fagfeltet digital kultur. Teoriar er dei analytiske reiskapa som forskaren brukar for å observere, fortolke og skildre verda. Dei set forskningsobjektet inn i ein fagleg kontekst og gjer det tilgjengeleg for analyse og tolking. Målet med DIKULT302 er å gi studentane ei djupare forståing av korleis forholdet mellom menneske, teknologi og samfunn har blitt teoretisert innan fagfeltet. Gjennom forelesingar og eige arbeid skal studentane lære å vurdere og bruke sentrale teoriar i masterstudiet sitt.
Vi rår til at DIKULT302 blir tatt i første semester av mastergradsstudiet (haust) saman med DIKULT301: Metodar og mastergradsprosjekt i Digital kultur.
Læringsutbyte/resultat
Etter å ha tatt emnet skal studenten ha:
- oversikt over sentrale teoriar og teoretikarar innan fagfeltet digital kultur
- forståing for den rolla teoriar spelar i forsking
- djupnekunnskap i eit utval sentrale teoriar
Etter å ha tatt emnet skal studenten kunne:
- vurdere og evaluere ein teori
- vurdere og samanlikne ulike teoriar
- på eiga hand velje ut teoriar som vil vere nyttige i arbeidet med masteroppgåva og andre forskingsprosjekt
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsspråk
Engelsk
Studienivå
Master
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved masterprogrammet i digital kultur.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Tilrådd startgrunnlag er DIKULT104 eller DIKULT206/DIKULT251.
Undervisning og omfang
Undervisninga blir gitt i form av forelesing og seminar med eit møte
på tre timar kvar veke over tretten veker. Det blir forventa at
studentane tar aktiv del i diskusjonar i klasserommet.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan
instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets
retningslinjer for dette på Mi Side. På emne der dette kan vere
aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og
før semesterregistreringsfristen 1. februar / 1. september.
Obligatoriske arbeidskrav
Det blir gitt vekentlege obligatoriske oppgåver i samband med
seminaret. Desse oppgåvene kan omfatte skriftlege produkt og
individuelle eller fellespresentasjonar under seminaret.
For å kunne gå opp til eksamen krevst det at studenten har delteke i minst 75 prosent av undervisninga og i dei aktivitetane som undervisninga femner om. Kursdeltakinga blir godkjend av emneansvarleg.
Vurderingsformer
Heimeeksamen over sju dagar.
Karakterskala
Karakterskala A - F.
Læremiddelomtale
Pensum er på omlag 1000 sider.
Undervisningsstad
Bergen
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no